4 Utvikling i 2016 for pensjonar opptent som regjeringsmedlem
Ved utgangen av 2016 fekk totalt 104 personar ein pensjon frå pensjonsordninga på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som regjeringsmedlem (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).
4.1 Alderspensjon
Ved inngangen til 2016 var det 72 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på ein person og ein tilgang på fire personar. Per 31. desember 2016 var talet på alderspensjonistar derfor 75 personar.
Gjennomsnittleg utbetalt alderspensjon var 11 564 kroner per månad. Kvinner fekk 11 842 kroner, medan menn fekk 11 402 kroner.
I 2016 tok fire personar ut alderspensjon i ordninga for første gong. Gjennomsnittleg uttaksalder var 65,5 år.
Gjennomsnittleg uttaksalder for statsrådane varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt. Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 73,6 år for kvinner og 77,0 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 75,8 år.
4.2 Uførepensjon
Ved inngangen til 2016 var det to uførepensjonistar i ordninga. Det har ikkje vore tilgang eller avgang av uførepensjonistar i 2016.
Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2016.
Gjennomsnittleg utbetalt uførepensjon var 26 193 kroner per månad, og gjennomsnittsalderen på uførepensjonistar var 56,0 år.
4.3 Etterlatnepensjon
Ved inngangen til 2016 var det 24 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på éin person. Per 31.12.2016 var talet på ektefellepensjonistar derfor 23 personar.
Gjennomsnittleg utbetalt ektefellepensjon var 7 419 kroner per månad.
Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 81,1 år for kvinner og 64,0 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 81,0 år.
Ved inngangen til 2016 tok fire personar imot barnepensjon. Det har verken vore tilgang eller avgang av barnepensjon i 2016. Gjennomsnittleg utbetalt barnepensjon var 5 440 kroner per månad.
4.4 Rekneskap for 2016
Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir gitt tilskot til under kapittel 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 13 572 857 kroner til pensjonar og 327 841 kroner til administrasjonskostnader. Dette er om lag som i 2015.