Meld. St. 24 (2023–2024)

Årsmelding 2023 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

4 Utvikling i 2023 for pensjonar opptent som regjeringsmedlem

Ved utgangen av 2023 fekk totalt 110 personar ein pensjon frå pensjonsordninga på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som regjeringsmedlem (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

4.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2023 var det 74 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore avgang på fire personar og tilgang på éin person. Per 31. desember 2023 var talet på alderspensjonistar derfor 71 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt alderspensjon var 13 651 kroner per månad. Kvinner fekk i gjennomsnitt 14 500 kroner, medan menn i gjennomsnitt fekk 12 949 kroner.

Gjennomsnittleg uttaksalder for statsrådane varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt.

Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 77,4 år for kvinner og 79,4 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 78,5 år.

4.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2023 var det ingen uførepensjonistar i ordninga. Det har ikkje vore tilgang på personar med uførepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2023 var det derfor ingen uførepensjonistar i ordninga.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2023.

4.3 Etterlatnepensjon

Ved inngangen til 2023 var det 36 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore avgang på éin person og tilgang på tre personar. Per 31. desember 2023 var talet på ektefellepensjonistar derfor 38 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt ektefellepensjon var 9 689 kroner per månad. Kvinner fekk i gjennomsnitt 10 537 kroner, medan menn i gjennomsnitt fekk 7 168 kroner.

I 2023 tok tre personar ut ektefellepensjon i ordninga for første gong. Gjennomsnittleg uttaksalder var 71,4 år.

Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 82,1 år for kvinner og 74,8 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 80,6 år.

Ved inngangen til 2023 var det éin person som tok imot barnepensjon. Det har ikkje vore tilgang eller avgang på mottakarar av barnepensjonar i løpet av året. Per 31. desember 2023 var det derfor framleis berre éin mottakar av barnepensjon.

4.4 Rekneskap for 2023

Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir gitt tilskot til under kapittel 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 16 996 817 kroner til pensjonar. Der er ein auke på i underkant av ein million kroner frå 2022. Administrasjonskostnadene utgjorde 379 830 kroner. Dette er ein liten auke frå 2022.