3 Fiskeriavtalane for 2021
3.1 Oversikt over avtalane
Med bakgrunn i det havrettslege rammeverket fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land om forvaltinga av felles fiskeriressursar. Noreg inngår både tosidige og fleirsidige avtalar om forvaltinga av bestandar vi deler. I tillegg blir det inngått avtalar i dei internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonane der Noreg deltek.
Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltingsforum:
å fremje ei berekraftig forvalting av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming;
å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar;
å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltingsregima der Noreg tek del.
3.2 Rammeavtalar og overeinskomstar med andre statar
Noreg har ført forhandlingar og inngått avtalar for 2021 med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er òg ført forhandlingar og inngått avtalar med EU, på vegner av Danmark og Sverige, om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU, på vegner av Sverige, om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone. Noreg har òg samarbeidd med Island om kvotebyte og oppfølging av Smottholavtalen.
Figur 3.2 gjev ein oversikt over dei tosidige avtalane Noreg inngår.
Kyststatsavtalar med andre fleirsidige avtalar
Forhandlingane om kyststatsavtalane gjeld forvalting og fordeling. Noreg har teke del i kyststatsforhandlingar om dei store vandrande bestandane makrell, norsk vårgytande sild og kolmule for 2020. For makrell er rammeavtalen frå 2014 mellom Noreg, EU og Færøyane forlenga og vil vare ut 2020, med høve til å forlenge i ytterlegare eitt år. For norsk vårgytande sild og kolmule er partane samde om totalkvoter (TAC) for 2019. Noreg har også forhandla om og inngått ein ny avtale med Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen. I tillegg er det forhandla om fleirsidige avtalar om forvaltinga av snabeluer i Irmingerhavet, Barentshavet og Norskehavet med ulike partar.
Internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonar
FN-avtalen om fiske på det opne hav pålegg kyststatane og statar som fiskar på det opne hav å delta i regionalt samarbeid om forvaltinga av vandrande fiskebestandar. Noreg legg stor vekt på det internasjonale samarbeidet om fiskeriforvalting og deltek i fleire regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar – dei såkalla RFMO-ane. I tillegg deltek vi aktivt i nokre globale organisasjonar. Ei oversikt over organisasjonane Noreg deltek i finst i figur 3.4.
Delegasjonane
Når Nærings- og fiskeridepartementet utnemner delegasjonar til dei ulike fiskeriforhandlingane, ligg det ei balansert vurdering til grunn. Det blir lagt vekt på at partane forhandlingane vedkjem skal vere representerte, at delegasjonen må ha ein handterleg storleik og dessutan forhandlingstaktiske omsyn. Tradisjonelt har delegasjonane hatt representantar frå Nærings- og fiskeridepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Noregs Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund, Sjømat Noreg og Noregs Kystfiskarlag. Dei seinare åra har KS, Troms og Finnmark statsadvokatembeter, Kystvakta og Sametinget vore medlemar av delegasjonen til dei tosidige forhandlingane med Russland. Det blir vurdert frå år til år kven forhandlingane er relevante for.
3.2.1 Noreg – Russland
Fiskerisamarbeidet mellom Noreg og Russland er formalisert gjennom avtalen av 11. april 1975 om samarbeid innan fiskerinæringa og avtalen av 15. oktober 1976 om gjensidig fiskerisamarbeid. Avtalane regulerer ei gjensidig plikt til samarbeid om praktiske spørsmål innanfor fiskeriforvaltinga og til å gjennomføre konsultasjonar om desse spørsmåla, med særleg vekt på tiltak for å ta vare på bestandane og koordinere fiskerivitskapleg forsking.
Med bakgrunn i avtalane har Noreg og Russland gjennom Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen ført årlege forhandlingar om totalkvotar og reguleringstiltak for bestandane vi deler i Barentshavet. Til fellesbestandane reknar vi nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, blåkveite, snabeluer og lodde.
Partane fastset totalkvotar og fordeler kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Partane avtalar òg gjensidig rett til å delta i fisket i sonene til kvarandre og byter kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar. I tillegg omfattar avtalane harmonisering av teknisk regelverk og det blir utarbeidd felles fiskerivitskapleg forskingsprogram.
Noreg og Russland har forvaltingsreglar for torsk, hyse og lodde som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. I 2016 vart reglane reviderte. Det vart vedteke ny forvaltingsregel på torsk, medan dei gjeldande reglane for hyse og lodde vart vidareført. Alle forvaltingsreglane skal liggje fast i 5 år.
Partane er einige om å forvalte kongekrabbebestanden kvar for seg i sine respektive økonomiske soner, men drøftar resultata frå felles forskingsinnsats om krabben på dei årlege sesjonane. Partane er einige om at snøkrabben er ein sedentær art underlagt høvesvis norsk og russisk sokkeljurisdiksjon, og at eit uttrykkjeleg samtykke frå kyststaten er nødvendig for å kunne drive fiske på arten.
Det er semje mellom dei to landa om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter at det er fastsett kvote til tredjeland blir kvotane for nordaustarktisk torsk og nordaustarktisk hyse fordelte med 50 prosent til kvar av partane Russland og Noreg. Loddekvoten er fordelt med 60 prosent til Noreg og 40 prosent til Russland. Kvoten for blåkveite er fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til tredjeland for fiske i fiskevernsona ved Svalbard. I 2014 vart Noreg og Russland også einige om fordelinga av snabeluerbestanden. Etter dette er snabeluerkvoten fordelt med 72 prosent til Noreg, 18 prosent til Russland og 10 prosent til tredjeland.
Dei siste åra er det lagt stor vekt på å utvikle felles tekniske reguleringstiltak for fisket i Barentshavet og Norskehavet. Tiltaka er basert på vitskaplege analysar. Det er også utvikla ein felles metodikk for å analysere det totale uttaket av torsk og hyse i Barentshavet.
2021-avtalen
Kvoteavtalen for 2021 mellom Noreg og Russland vart underskriven i Oslo og Moskva 16. oktober 2020, på den 50. sesjon til Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. På grunn av covid-19-pandemien ble kommisjonsmøtet avholdt som videokonferanse. Den avtalte totalkvoten for fellesbestandane og fordelinga mellom Noreg, Russland og tredjeland er ført opp i tabell 3.1. Tabellane 3.2 og 3.3 på neste side viser ei oversikt over norske kvotar i russisk økonomisk sone og russiske kvotar i norsk økonomisk sone.
Tabell 3.1 Fastsette kvotar1 for fellesbestandane i Barentshavet i 2021 (tonn)
Fiskeslag | TAC | Kvotar til Noreg | Kvotar til Russland | Kvotar til tredjeland |
---|---|---|---|---|
Nordaustarktisk torsk2 | 885 600 | 376 635 | 385 635 | 123 330 |
Nordaustarktisk hyse | 232 537 | 113 348 | 104 348 | 14 841 |
Blåkveite | 27 000 | 13 755 | 12 225 | 1 020 |
Snabeluer | 66 158 | 45 634 | 13 908 | 6 616 |
1 Kvotar etter byte av kvotar, men før tilbakeføring av ubrukt tredjelandskvote.
2 Inklusive forskingsfangst, eksklusive norsk kysttorsk.
Tabell 3.2 Norske kvotar i russisk økonomisk sone i 2021 (tonn)
Fiskeslag | Kvotar |
---|---|
Torsk | 200 000 |
Hyse | 47 000 |
Blåkveite | 13 005 |
Snabeluer | 45 634 |
Reker | 4 650 |
Grønlandssel | 7 000 dyr |
Steinbiter | 2 500 |
Flyndrer | 200 |
Andre artar | 500 |
Tabell 3.3 Russiske kvotar i norske havområde i 2021 (tonn)
Fiskeslag | Kvotar |
---|---|
Torsk | 200 000 |
Hyse | 47 000 |
Blåkveite | 11 475 |
Sei | 12 100 |
Steinbiter | 5 000 |
Uer og snabeluer | 16 108 |
Kolmule | 16 173 |
Norsk vårgytande sild | 83 462 |
Andre artar | 2 500 |
Partane vart einige om ei totalkvote for nordaustarktisk torsk på 885 600 tonn i 2021. Dette inneber ei vidareføring av forsvarleg og berekraftig forvalting av bestanden. Totalkvoten er fordelt mellom Noreg, Russland og tredjeland etter same mønster som tidlegare år. Dette er ein oppgang på 147 600 tonn frå fjorårets kvote. Den norske kvoten for 2021 er 397 635 tonn, inkludert 21 000 tonn kysttorsk og 7 000 tonn avsett til forsking.
For nordaustarktisk hyse har Noreg og Russland avtalt ei totalkvote på 232 537 tonn. Dette er ein auke på 17 537 frå 2020.
Noreg og Russland vedtok også å vidareføre kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse. Vedtaket inneber at partane kan overføre inntil 10 prosent av kvoten til neste år, eller fiske inntil 10 prosent av neste års kvote på forskott.
Noreg har tradisjonelt gjeve Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i vår økonomiske sone. Dette er både fordi fisken er større lenger vest og fordi ei vestleg fordeling av fisket gjer kontrollen enklare. Avtalen for 2021 gjev mellom anna partane rett til å fiske inntil 200 000 tonn torsk i kvarandre sine soner.
Totalkvoten for blåkveite er 27 000 tonn i 2010, på same nivå som i 2020.
Med bakgrunn i bestandssituasjonen, blei det bestemt i samsvar med forvaltingsregelen at det ikkje blir åpna for loddefiske i 2021.
Det er fastsett ein totalkvote for snabeluer på 66 158 tonn for 2021. Det er ein auke på 10 298 tonn frå 2020.
Marin forureining blir sett på som ei stadig større global utfordring, og det er óg eit veksande problem i Barentshavet. Partane er einige om å kjempe mot marin forureining som kjem frå fiskeriaktivitet gjennom kartleggjing, forsking og erfaringsutveksling.
Kontrollsamarbeid
Noreg og Russland har sidan starten av 1990-talet gradvis utvida fiskerisamarbeidet til å omfatte forvaltings- og kontrollspørsmål. I 1993 vart Det permanente utval for forvaltings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren (DPU) etablert under Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. DPU er eit samarbeid mellom dei utøvande fiskeristyresmaktene i begge land. I dag samarbeider kontrollstyresmaktene i dei to landa tett og utvekslar informasjon om fangst- og landingsdata. Dette inkluderer fast utveksling av informasjon om omlasting til havs og landingar i tredjelands hamner av fisk som høyrer til fellesbestandar i Barentshavet og Norskehavet.
Noreg og Russland er einige om å halde fram med samarbeidet om inspeksjonar av fiskefartøy både i NEAFC sitt reguleringsområde og i Barentshavet. Begge landa gjev difor inspektørar høve til å vere på den andre parten sine fartøy for å observere under inspeksjonane.
Noreg og Russland er òg einige om å vidareføre arbeidet i analysegruppa, som er samansett av representantar frå Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Det føderale fiskeribyrået si territoriale avdeling for Barentshavet og Kvitsjøen og Russlands sikkerheitsstyresmakt si grenseavdeling i Murmansk fylke. Analysegruppa samkøyrer informasjon på fartøynivå både for norske og russiske fartøy, og har vore sentral i arbeidet mot ulovleg fiske i Barentshavet, som var eit stort problem fram til midten av 2000-talet. Det er i åra 2009–2019 ikkje avdekka ulovleg overfiske av torsk og hyse i Barentshavet og Norskehavet.
Ulike grupper i Fiskerikommisjonen har dei siste åra arbeidd med å harmonisere det tekniske regelverket for fisket i Barentshavet og Norskehavet, samt med spørsmål knytte til utkast av fisk.
Boks 3.1 Brexit og fiskeriforvalting
Noreg har hatt god dialog med både EU og Storbritannia om det framtidige samarbeidet om fiskeri. Fellesbestandar som til og med 2020 har vært forvalta av Noreg og EU i fellesskap, er no eit trilateralt spørsmål som Noreg, EU og Storbritannia må samarbeide om. Vi har i møter med høvesvis EU-kommisjonen og Storbritannia skissert moglege tilnærmingar for korleis eit nytt rammeverk for trepartssamarbeidet kan sjå ut. Noreg ønskjer eit meir formalisert samarbeid om forvaltinga av fellesbestandar enn det vi inntil no har hatt med EU. Målet er at alle tre partar skal inngå ei ny avtale som beskriver korleis og kva vi skal samarbeide om.
Inntil ein treparts rammeavtale er kome på plass, må partane likevel samarbeide og bli einige om fastsetting av totalkvotar for fellesbestandane, ulike forvaltningstiltak og kontrollspørsmål. På grunn av forhandlingane mellom EU og Storbritannia om det framtidige samarbeidet etter Brexit, vart forhandlingane om fiskeriavtalar for 2021 om mellom anna fastsetjing av totalkvotar m.m. sterkt forseinka. Forhandlingane har vore krevjande og tatt lenger tid enn ein trudde først. Først 16. mars 2021 blei treparts-avtalen om fastsetjing av totalkvotar for fellesbestandane i Nordsjøen underteikna. I tillegg underteikna Noreg same dag ein tosidig kvoteavtale med EU om kvotebyte og tilgang til å fiske i kvarandre sine soner, tosidig avtale med EU om forvaltning av fiskebestandar i Skagerrak og Sverige-avtalen.
Etter at Storbritannia gjekk ut av EU 31. januar 2020, og ein overgangsavtale mellom EU og Storbritannia løp ut 31. desember same år, har Noreg frå 1. januar 2021 førehalde seg til Storbritannia som ein sjølvstendig kyststat. 30. september 2020 underteikna Noreg og Storbritannia ein ny rammeavtale for fiskerisamarbeid, som fastset det juridiske rammeverket for at Noreg og Storbritannia skal kunne avtale kvotebyte, og at fartøy frå begge land skal få tilgang til å fiske i høvesvis britiske og norske jurisdiksjonsområder. Avtalen regulerer i tillegg spørsmål som lisensiering og samarbeid om kontroll og forsking og tek dessutan i vare pliktane våre til å samarbeide med andre statar om delte fiskebestandar.
Den 18. desember 2020 vart avtalen ratifisert av Noreg og tredde i kraft frå og med 1. januar 2021.
Rammeavtalen er eit supplement til og vil eksistere side om side med andre avtalar om fiskerisamarbeid med andre myndigheiter og statar ved Nordaust-Atlanteren.
Det skal prioriterast å bli einige om tilgang til å fiske i kvarandre sine farvatn og å finne ei ny ordning for byte av fiskekvotar.
Storbritannia har i løpet av 2020 slutta seg til og teke del i internasjonale regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar, som sjølvstendig part, i tillegg til kyststatssamarbeid om dei store pelagiske bestandane makrell, norsk vårgytande sild og kolmule, der også andre partar i Nordaust-Atlanteren har andelar og interesser.
3.2.2 Noreg – EU – Storbritannia
Fleire av bestandane i Nordsjøen vandrar mellom fiskerisoner i Noreg, EU og Storbritannia. Bestandar som tidlegare vart forvalta i fellesskap mellom EU og Noreg, må no forvaltast mellom Noreg, EU og Storbritannia. Dette samarbeidet bør, slik Noreg ser det, formaliserast i ein overordna rammeavtale mellom partane. Eit slikt rammeverk er førebels ikkje forhandla fram, men partane har, med grunnlag i den folkerettslege plikta om å samarbeide om forvalting av bestandar som vandrar mellom fleire fiskerisoner møttest i januar til mars 2021 for å semjast om totalkvotar for Nordsjøbestandane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette og nordsjøsild. I tillegg var andre forvaltingsspørsmål på agendaen.
Forhandlingane tok lengre tid enn forventa. Dette kjem delvis av at forhandlingane har gått føre seg på videokonferanse, men òg i kombinasjon med at dette var første gongen partane har forhandla i ein trilateral setting. Dynamikken i arbeidet er dermed endra, og dette har skapt behov for at partane samstundes med at forhandlingane gjekk for seg, har måtte finne nye måtar å samarbeide på.
I tillegg kom forhandlingane i gang i januar 2021 mot vanlegvis i november året før. Ein kom fram til ein avtale som blei underteikna 16. mars 2021.
Noreg og EU har tidlegare hatt forvaltingsplanar for fellesbestandane i Nordsjøen som skal ta seg av omsynet til ei forsvarleg forvalting og bidra til føreseielege rammer. Desse planane er eit viktig verktøy for forvaltarane, men dei seinare åra har Noreg og EU ikkje blitt einige om felles planar. Når forvaltinga no blir mellom tre partar er forvaltingsplanar enda viktigare og i avtala for 2021 har partane avtalt å setje i gang arbeid med forvaltingsplanar.
Partane er også einige om å arbeide for å forbetre skattleggingsmønsteret i Nordsjøen. Det er mellom anna viktig å minske utkast gjennom bruk av tekniske reguleringar som stengte felt og stengte sesongar, og å gjere selektiviteteni fiskereiskap betre.
Noreg og EU har allereie styrka samarbeidet om kontroll og oppretta ei arbeidsgruppe om kontroll for nordsjøbestandane. Det var eit ønskje om å fortsetje dette arbeidet og ein har avtalt at Storbritannia no går inn i dette arbeidet som ein tredje part og kontrollarbeidsgruppa blir vidareført.
Kvotane er ein del endra samanlikna med 2020. Fleire kvotar er reduserte. Det står dårleg til med torsken i Nordsjøen og Skagerrak og under fjorårets forhandlingar med EU blei kvoten sett ned med 50 prosent. For 2021 blei den satt ytterlegare ned med 10 prosent. Det er likevel det faktiske uttaket av torsk som betyr noko. Ein lav kvote åleine vil ikkje bygge opp igjen bestanden. Det satsast difor på fleire tiltak for å hindre utkast og betre vern av småtorsk.
Torskekvoten blei 13 246 tonn i år, der den norske kvoten er 2 252 tonn før avsetningar. Seikvoten er sett ned med 25 prosent til 59 512 tonn, der den norske kvoten er på 30 946 tonn. Kvoten på nordsjøsild blei på 356 357 tonn og her er den norske kvoten på 103 344 tonn.
Tabell 3.4 Kvotar for felles forvalta bestandar i Nordsjøen (tonn)
Fiskeslag | Totalkvote | Kvotar til Noreg | Kvotar til EU | Kvotar til Storbritannia |
---|---|---|---|---|
Torsk | 13 246 | 2 252 | 5 170 | 5 824 |
Hyse | 42 785 | 9 841 | 6 080 | 26 865 |
Sei | 59 512 | 30 946 | 22 198 | 6 368 |
Kviting | 21 306 | 2 131 | 6 669 | 12 507 |
Raudspette | 143 419 | 10 039 | 95 417 | 37 963 |
Nordsjøsild | 356 357 | 103 344 | 187 301 | 65 712 |
3.2.3 Noreg – EU
Avtalen om byte og tilgang i Nordsjøen og andre områder
Noreg og EU har sidan 1978 inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vestom Dei britiske øyane og EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg blir òg tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Dei årlege kvoteavtaleane har grunnlag i ein bilateral rammeavale som tredde i kraft i 1980. Avtalen inneheld føresegner om forvalting av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis i mange år hatt eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, men dette ansvaret ligg no, som tidlegare nemnt, på alle tre partar, inklusive Storbritannia.
Eit viktig element i kvoteavtalen er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vestom Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.
Nivået og omfanget av kvotebytet har tradisjonelt sett vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået er òg avhengig av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dette har no endra seg då mykje av dei kvotane Noreg bytta til seg frå EU, blei fiska i britisk farvatn. Når britane no ikkje lenger er ein del av EU endrar karakteren på bytet seg noko.
Kontroll
Arbeidet for kontroll og overvaking av ressursuttaket er ei viktig oppgåve. Samarbeidet om kontroll mellom Noreg og EU omfattar til dømes utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusiv fiskeriaktivitet frå tredjeland, utveksling av observatørar som kontrollerer og overvaker fartøy på sjøen, samt satellittsporing av fiskefartøy. I tillegg til satellittsporing er elektronisk fangstrapportering viktig i samband med kontroll.
Noreg og EU har ein avtale om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske i kvarandre sine soner, og det blir lagt særleg vekt på kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske.
2021-avtalen
Når totalkvotane er avtalt i trepartsavtalen blei byte av kvotar det som tok mest tid mellom Norge og EU. EU hadde naturleg nok mindre fisk å byte frå seg når dei britiske farvatna ikkje lenger er ein del av EU sitt felles hav. Ein brukte mykje tid for å finne eit kompromiss men 16. mars kunne Noreg og EU underteikne avtalen om byte og tilgang i Nordsjøen.
Tabellane 3.5 – 3.7 viser byte av kvotar mellom Norge og EU, kvotar til EU av norske bestandar nord for 62ºN og kvoter til Noreg frå EU i Grønland si sone.
Tabell 3.5 Byte av kvote mellom Noreg og EU i Nordsjøen andre områder i 2021 (tonn)
Fiskeslag | Kvotar til Noreg i EU-sona | Kvotar til EU i norsk sone |
---|---|---|
Sei | 150 | |
Lange | 900 | |
Brosme | 75 | |
Brisling | 12 000 | |
Reker | 200 | |
Lysing | 2000 | |
Andre artar | 1 000 | 2 600 |
Tunge | 10 | |
Breiflabb | 1 000 | |
Sjøkreps | 200 | |
Kolmule | 37 500 |
Tabell 3.6 Kvotar til EU på eksklusive norske bestandar nord for 62ºN i 2021 (tonn)
Fiskeslag | Kvotar |
---|---|
Norsk-arktisk torsk | 10 274 |
Norsk-arktisk hyse | 500 |
Sei | 770 |
Blåkveite (bifangst) | 50 |
Anna (bifangst) | 100 |
Tabell 3.7 Kvotar til Noreg frå EU i Grønland si sone i 2021 (tonn)
Fiskeslag | Kvotar til Noreg |
---|---|
Reker | 1 000 |
Blåkveite | 1 200 |
Skolest og isgalt | 65 |
Lodde1 | 10 000 |
1 Loddekvoten kan fiskast på Island
Tabell 3.8 Kvotar i Skagerrak og Kattegat i 2021 (tonn)
Fiskeslag | TAC | Kvotar til Noreg | Kvotar til EU |
---|---|---|---|
Torsk | 1 893 | 68 | 1 832 |
Hyse | 2 630 | 111 | 2 519 |
Kviting | 929 | 17 | 912 |
Raudspette | 19 188 | 384 | 18 804 |
Reker | 3 186 | 1 485 | 1 702 |
Sild | 21 604 | 2 881 | 18 723 |
Brisling | 38 029 | 2 852 | 35 177 |
Avtalen om fiske i Skagerrak/Kattegat
EU forhandlar om fiske i Skagerrak på vegner av Danmark og Sverige.
Avtalen fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.
Noreg og EU blei 16. mars 2021 einige om ein avtale for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2021. Tabell 3.8 viser fordelinga av kvotane.
Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 6 659 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2021. Norske fiskarar kan i 2021 fiske inntil 50 prosent av den norske skagerrakkvoten på sild i norsk sone av Nordsjøen.
Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat har tidlegare bygd på trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. Ifølgje denne avtalen var farvatnet utanfor 4 nautiske mil å sjå på som opne hav. I dag har landa territorialfarvatn på 12 nautiske mil og økonomisk sone utanfor det. Det finst såleis ikkje opne hav i Skagerrak. Med sikte på å endre rammeverket, slik at det vart i tråd med moderne havrett, starta Noreg difor ein prosess som etter kvart resulterte i at Noreg sa opp Skagerrak-avtalen i 2009. Overeinskomsten tok slutt 7. august 2012. Ein ny avtale om norsk, dansk og svensk fiske i Skagerrak vart endeleg signert 15. januar 2015.
Tabell 3.9 Kvotar til Sverige i norske farvatn i Nordsjøen i 2021 (tonn)
Norsk økonomisk sone sør for 62ºN | Kvotar |
---|---|
Torsk | 382 |
Hyse | 707 |
Sei | 880 |
Lyr og kviting | 190 |
Reker | 123 |
Sild | 878 |
Makrell | 251 |
Industrifisk (augepål, kolmule, tobis) | 800 |
Sverige-avtalen
Utvidinga av norsk fiskerijurisdiksjon i 1977 fekk også noko å seie for svenske fiskarar som hadde hatt eit tradisjonelt fiske i Nordsjøen i område som etter 1977 inngjekk i Noregs økonomiske sone. Desse fiskarane hadde ikkje alternativt driftsgrunnlag langs svenskekysten. Dette var bakgrunnen for at Noreg tilbaud Sverige ein nabolandsavtale om fiskeri, som sikra svenske fiskarar retten til å halde fram med eit begrensa fiske i norsk sone i Nordsjøen. Svenske fiskarar får tildelt kvotar på torsk, hyse, kviting, lyr, sei, sild, makrell, reker og industrifisk. Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil, og det har såleis ikkje blitt opna for nye fiskeri.
Kvoteavtalen om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen i 2021 vart underskriven av Noreg og EU 16. mars 2021. Sjå tabell 3.9 for ei oversikt over kvotane. Kvotane er med nokre få små endringar ei vidareføring av nivået frå 2020.
3.2.4 Noreg – Storbritannia
Noreg og Storbritannia inngjekk i 2020 ei overordna rammeavtale om fiskerisamarbeid. Avtalen legg til rette for at partane kan inngå avtalar om sonetilgang og kvotebyte, og vidare inneheld rammeavtalen føresegner om berekraftig ressursutnytting, samarbeid om forsking, kontroll og lisensiering.
Forholdet mellom Noreg og Storbritannia på fiskeriområdet er godt. Vi har tidlegare samarbeidd om kontroll av norske og britiske fartøy som fiskar i statanes respektive jurisdiksjonsområder. Langt på veg deler òg Noreg og Storbritannia synet på overordna prinsipp for fiskeriforvaltning, som no kjem til uttrykk i den nye rammeavtalen.
Etter at Storbritannia tredde ut av EU og frå 1. januar 2021 ikkje lenger var omfatta av EUs felles fiskeripolitikk (EU Common Fisheries Policy, CFP), har landet blitt ein viktig kyststat for bestandar som er delt mellom Noreg, Storbritannia og andre kyststatar i Nordaust-Atlanteren. Tradisjonelt har tilgang til å fiske i farvatn som no er britiske jurisdiksjonsområder vore viktig for Noreg.
Noreg og Storbritannia har sidan februar 2021 forhandla om ein avtale om kvotebytte og soneatilgang. Som nemnt kom forhandlingane om årets avtalar svært seint i gang, på grunn av brexitforhandlingane mellom EU og Storbritannia som ikkje blei konkludert før 24. desember 2020. Vi har ikkje lykkast med å komme i hamn med ei avtale med Storbritannia innan denne Stortingsmeldinga blei sendt i trykken. Dette kjem av at situasjonen er heilt ny utan ein historikk, slik vi har med EU. Partane må difor bruke den tid som er naudsynt til å bli einige.
3.2.5 Noreg – Færøyane
Noreg og Færøyane vart 9. desember 2020 einige om ein tosidig avtale om fiskerisamarbeid og kvotebyte for 2021. Avtalen byggjer på ein rammeavtale frå 1979 om gjensidige fiskerettar. Strukturen i bytet går grovt sett ut på at Færøyane får torsk, sei og hyse i Barentshavet, medan Noreg får botnfisk og makrell av Færøyane. I tillegg får Noreg fiske delar av sin kolmulekvote i færøysk fiskerisone mot at Færøyane får fiske noko torsk og hyse som dei har bytt til seg frå Russland i norske farvatn.
Norske fiskarar får ein kvote for 2021 på 2 500 tonn lange/blålange, 2 000 tonn brosme og 800 tonn andre artar som bifangst. Noreg får også 6 600 tonn makrell. Makrellkvoten kan også fiskast i Noreg si økonomiske sone eller på det opne hav. I tillegg kan norske fartøy fiske 34 800 tonn kolmule av Noregs kolmulekvote i færøysk fiskerisone. Færøyane får ein kvote på 4 945 tonn torsk, 1 100 tonn hyse, 500 tonn sei og 400 tonn andre artar i norsk økonomisk sone. Av kvotar som dei har fått gjennom byteavtalen med Russland, kan Færøyane i tillegg fiske opp til 4 000 tonn torsk og 350 tonn hyse i norske farvatn.
3.2.6 Noreg – Grønland
Noreg og Grønland vart 1. desember 2020 einige om ein tosidig avtale om gjensidige fiskekvotar for 2021. Avtalen byggjer på ein rammeavtale frå 1992. Samarbeidet på fiskeriområdet med Grønland fungerer godt, og omfattar også kontrollsamarbeid og forskingssamarbeid. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite, uer og torsk av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg tradisjonelt mellom anna reker, blåkveite og uer frå EU i grønlandske farvatn.
Kvotane for 2021 vart ført vidare på same nivå som for 2020. Det betyr at grønlandske fiskarar kan fiske 4 000 tonn nordaustarktisk torsk, 900 tonn nordaustarktisk hyse, 450 tonn norsk-arktisk sei og inntil 250 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite) i havområda under norsk jurisdiksjon. Som ein del av avtalen kan grønlandske fiskarar ta delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noreg si økonomiske sone nord for 62ºN, under føresetnad av at Russland godtek ei slik ordning.
I avtalen forpliktar Grønland seg til å avgrense det totale fisket sitt i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noreg og Russland sitt jurisdiksjonsområde.
I 2021 kan Noreg fiske følgjande kvanta i Grønland si sone:
Ved Vest-Grønland: 900 tonn blåkveite.
Ved Aust-Grønland: 275 tonn blåkveite, 1 000 tonn uer fiska med botntrål/line, 340 tonn brosme, 100 tonn skolest, 30 tonn kveite og 150 tonn bifangst av andre artar.
Ved Aust- og Vest-Grønland: 1 350 tonn torsk.
Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005. Avtalen er vidareført i 2021. Forskingssamarbeidet blir vidareført i tråd med rammeavtala frå 1992.
3.2.7 Noreg – Island (Smottholavtalen)
Noreg, Island og Russland inngjekk i 1999 ein trepartsavtale om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet (Smottholavtalen). Gjennom denne avtalen greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet.
Ein protokoll til Smottholavtalen regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg. Etter denne protokollen får Island tildelt eit kvantum nordaustarktisk torsk i Noreg si økonomiske sone nord for 62ºN. Som kompensasjon for manglande norsk loddefiske i islandsk sone i sesongen 2019/2020, er dette kvantumet redusert. Island kan etter dette fiske 4 040 tonn nordaustarktisk torsk i Noreg si økonomiske sone nord for 62ºN i 2021. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 prosent.
Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Islands økonomiske sone. Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten blir justert i takt med totalkvoten for nordaustarktisk torsk. For 2020/2021 sesongen er den norske loddekvoten på 41 808 tonn.
3.3 Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar
3.3.1 Forvaltinga av norsk vårgytande sild
Norsk vårgytande sild har vore den største fiskebestanden i Nord-Atlanteren og den største sildebestanden i verda. Bestanden er no på eit lågare nivå enn tidlegare.
18. januar 2007 vart det underteikna ein ny kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvaltinga av nvg-sild. Denne avtalen gav Noreg 61 prosent av nvg-silda. Avtalen inneheldt òg den same langsiktige forvaltingsplanen partane vart einige om under den tidlegare avtalen frå 1996. Partane var i tillegg einige om tosidige avtalar om sonetilgang.
Færøyane har dei siste åra kravd ein høgare del av den totale kvoten, noko som har ført til at heile spørsmålet om delinga mellom partane vart opna på nytt. Kyststatane har forhandla om delinga i fleire forhandlingsrundar, men har ikkje klart å bli einige om ein ny fempartsavtale.
I 2013 og 2014 inngjekk Noreg, EU, Island og Russland ein firepartsavtale med ein kvote til Færøyane basert på deira tradisjonelle del av silda. For 2015 og 2016 derimot inngjekk ikkje partane firepartsavtalar. For 2017, 2018 og 2019 inngjekk alle fem kyststatane ein avtale om totalkvote (TAC). På bakgrunn av Færøyane sin auke av eigen eigarpart på kolmule, vedtok Noreg å auke sin eigarpart for nvg-sild frå 61 prosent til 67 prosent i 2017, til 70 prosent i 2018 og deretter 73 prosent, basert på nvg-silda si sonetilhøyrsle til norske farvatn.
For 2021 har partane blitt samde om ein totalkvote på nvg-sild på 651 033 tonn. Fram til no er det ikkje nådd ein avtale om fordelinga av andelar til statane, og kvotane blir fastsett unilateralt.
Med utgangspunkt i ein felles kyststatsrapport om nvg-silda si sonetilhøyrsle har Noreg sett ein kvote for 2021 som inneber ein del på 76 prosent.På kyststatsmøtet hausten 2020 vart det lagt fram ein rapport utarbeidd under leiing av forskarar frå Havforskningsinsituttet, men med deltaking av forskarar frå dei andre partane, der denne rapporten om silda si sonetilhøyrsle blir oppdatert.
I rapporten går forskarane også gjennom metodikk for å berekne sonetilhøyrsle for ein bestand. Denne rapporten vil no bli oppdatert i åra framover.
Storbritannia deltok for første gong på kyststatsmøtet hausten 2020, og skreiv under avtalen på linje med dei andre partane. Det er likevel naudsynt med ein eigen prosess for at kyststatane skal ta stilling til framtidig status for både EU og Storbritannia. Dette vil forhåpentlegvis være avgjort i god tid før forhandlingane for 2022.
3.3.2 Forvaltinga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen
Trepartsavtala om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart fyrste gong underteikna 12. juni 1989. Etter dette har rammeavtalen om reguleringane i loddefisket vore forhandla på nytt tre gonger. Dei mest sentrale elementa i denne avtalen omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde, og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i sonene til dei andre partane kvar loddesesong.
Etter forhandlingane mellom Island, Grønland og Noreg i 2015, vart Island og Noreg mellom anna einige om betre vilkår for det norske vinterfisket i den islandske økonomiske sona (IØS) for sesongen 2015/2016. No kan 100 prosent av den norske kyststatsdelen av lodda fiskast i IØS. Noreg kan også fiske overføringar av lodde frå Grønland/EU i islandsk sone. Fiskeperioden er utvida med ei veke.
Grønland meiner at sonetilhøyrslerapportar viser at dei har krav på ein større del av den totale kvoten enn det dei har per i dag. Partane inngjekk difor ein ny avtale om fordeling og forvalting av lodde i juni 2018. Avtalen inneber ei endring i fordelinga mellom landa, basert på biologiske forhold og at lodda sitt vandringsmønter har vorte endra dei seinare år. Noreg sin eigardel er no redusert frå 8 prosent til 5 prosent.
Den endelege samla kvota for lodde for sessongen 2020/2021 vart 127 300 tonn. Noregs kyststatsandel blei 6 365 tonn. Noreg bytte og til seg 25 541 tonn lodde frå Island og 9 800 tonn lodde frå EU. Til saman hadde Noreg difor ein loddekvote på 41 808 tonn i 2021.
3.3.3 Forvaltinga av kolmule
Etter fleire år med forhandlingar inngjekk kyststatane EU, Noreg, Island og Færøyane ein rammeavtale om forvaltinga av kolmule 16. desember 2005. Dette har vore følgt opp med årlege kvoteavtalar. Fordelinga var slik at ein først avsette ei viss mengd til fiske i internasjonalt farvatn (Russland og Grønland) og så delte kyststatane det resterande kvantumet.
Etter initiativ frå EU har partane utarbeidd ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Med utgangspunkt i rapporten krev EU ein høgare del av totalkvoten. Færøyane har følgt opp og krev også ein høgare del. Kyststatane har forhandla i fleire rundar dei seinaste åra om ei ny deling av totalkvoten. Fram til no har dette ikkje lukkast. I forhandlingane for 2017 greidde partane likevel å bli samde både om storleiken på totalkvoten og ein ny forvaltingsplan for fisket. Dette sikrar at alle kyststatane har eit felles utgangspunkt når dei fastsett sine respektive kvotar. Planen er evaluert av ICES og reknast for å vere innanfor føre-var-rammer.
I forhandlingane for 2021 vart partane samde om ein totalkvote (TAC) på 929 292 tonn. TAC er basert på ICES si rådgjeving og forvaltingplanen som er evaluert av ICES. På same måten som for norsk vårgytande sild, deltok Storbritannia også på forhandlingane om kolmule hausten 2020 for første gongen. Her er det ikkje lagt opp til ein eigen prosess om framtidig status som kyststat for EU og Storbritannia, i det ingen av partane har reist spørsmål om dette. Som tidlegare, har Norge og EU inngått avtale seg i mellom om gjensidig adgang til å fiske høvesvis kolmule og nv-sild i kvarandre sine farvatn.
3.3.4 Forvaltinga av makrell
Noreg, Færøyane og EU inngjekk i perioden 1999–2009 årlege trepartsavtalar om forvalting av makrell i Nordaust-Atlanteren. Partane vart ikkje samde om ein ny avtale for 2010. Bakgrunnen var at Færøyane ynskte ein større del av totalkvoten. I tillegg la Island fram krav som kyststat. Noreg og EU inngjekk difor 26. januar 2010 ein tiårig prinsippavtale om forvaltinga av makrell. Avtalen er seinare forlengd til og med 31. desember 2020 og omfattar mellom anna fordeling mellom Noreg og EU og gjensidig soneadgang.
Då det i mars 2014 vart klart at ein heller ikkje for 2014 vart samde om ein kyststatsavtale, inngjekk Noreg, EU og Færøyane i staden ein trepartsavtale. Ein ny rammeavtale mellom dei tre partane om fordeling og forvalting av makrell vart difor underteikna 12. mars 2014. Avtalen gjaldt for fem år og er sidan forlengd ut 2020. I tilknyting til trepartsavtalen vart Noreg og Færøyane samde om gjensidig soneadgang. Den gjensidige soneadgangen som Noreg har hatt med EU gjennom den tosidige avtalen er også ført vidare. Avtalen har innebore at Noreg får 26,67 prosent av kvoten som blir fordelt til avtalepartane. I tillegg sette avtalen av 15,6 prosent til andre kyststatar og fiskeripartar – i praksis Grønland, Island og Russland.
Ein har seinare gjort fleire forsøk på å inkludere Island i trepartsavtalen, men ikkje lukkast med dette. Grønland har òg delteke i dei årlege forhandlingane, då det har utvikla seg eit makrellfiske i grønlandsk farvatn, men utan at partane har blitt samde om ein felles avtale.Noreg, EU og Færøyane har difor frå og med 2015 inngått årlege avtalar om forvaltinga av makrell i tråd med rammeavtalen frå 12. mars 2014 som er forlengd til og med 31. desember 2020. Som følge av Brexit ble Storbritania ein sjølvstendig kyststat frå 2021. Storbritania og dei andre partane vil difor i 2021 forhandle om ei ny avtale om forvaltning av makrell. Kyststatane vart hausten 2020 samde om at samla kvote for 2021 bør vere på 852 284 tonn. Dette er i samsvar med rådet frå ICES, og inneber ein litan reduksjon frå kvoten for 2020. Makrellen er kommersielt sett den nest viktigaste bestanden for Noreg.
3.3.5 Forvaltinga av uer
Det finst fleire artar av uer i Nordaust-Atlanteren. Det er størst kommersiell interesse knytt til snabeluerbestandane i Irmingerhavet, i Barentshavet og i Norskehavet. Desse blir utnytta av fleire statar.
Snabeluer i Barentshavet og Norskehavet
I 2005 starta eit nytt fiskeri etter snabeluer på det opne hav i Norskehavet. Bestanden som det blir fiska på er hovudsakleg i norsk sone, men delar av bestanden dreg på næringsvandring i område utanfor norsk fiskerijurisdiksjon i om lag tre månader om hausten. ICES har for 2021 tilrådd ein kvote på 66 158 tonn.
NEAFC sette i 2008 i gang ei uavhengig utgreiing med tanke på å etablere eit vitskapleg fundament for ein fordelingsnøkkel. Rapporten konkluderte med at sonetilhøyrsla til Noreg ligg på rundt 74 prosent. Russland er også kyststat til snabelueren, og Noreg og Russland vart i oktober 2014 einige om ein fordeling av bestanden: 72 prosent til Noreg, 18 prosent til Russland, 5,9 prosent til det opne hav i Norskehavet og 4,1 prosent til tredjeland sin bifangst i fiskevernsona rundt Svalbard.
Fleire møter har blitt halde i NEAFC med sikte på å bli einige med ikkje-kyststatane om kor stor del av kvoten som skal setjast av til fiske på det opne hav i Norskehavet. Island støtta det norske og russiske synet, men EU og Danmark på vegner av Færøyane og Grønland stod framleis langt frå kyststatane sin posisjon, og møtet vart utan resultat. Følgeleg vart partane heller ikkje einige om ei regulering for det opne hav under årsmøtet i NEAFC (sjå nærare omtale av årsmøtet i kapittel 3.4.1). Arbeidet med å få aksept i NEAFC for den avsetjinga Noreg og Russland er einige om til fiske på det opne hav, og såleis ei betre forvalting av ueren, vil halde fram. Noreg har sett ein kvote på 43 534 tonn til fiske i eiga sone.
Snabeluer i Irmingerhavet
Partane i prosessen om fordeling og regulering av snabeluer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane og ikkje-kyststatane EU, Noreg og Russland. Under årsmøtet i NEAFC i 2021 vart det fremja forslag om å ikkje hauste meir enn 5 500 tonn i 2021. Russland og Island røysta imot forslaget, av ulike grunnar, og det var såleis ikkje semje om ei regulering av fisket for 2021. Noreg har 3,85 prosent av den samla kvoten.
Det samla uttaket har i lang tid vore altfor høgt. Uttaket var òg i 2020 vesentleg høgare enn ICES si tilråding, fordi Russland, som ikkje godtek fordelingsnøkkelen og ICES si rådgjeving, har gjeve seg sjølv ein svært høg kvote. Heller ikkje for 2021 er Russland part i fordelingsavtalen.
3.4 Internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonar
3.4.1 Den nordaustatlantiske fiskerikommisjon (NEAFC)
NEAFC skal sørgje for ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Kommisjonen skal leggje til rette for ei samfunnsøkonomisk optimal og miljøvennleg utnytting av fiskebestandane. Partane til NEAFC er Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland), EU, Island, Noreg og Russland. Sidan 7. oktober 2020 har også Storbritannia vore sjølvstendig part til NEAFC. Sekretariatet ligg i London.
Den viktigaste oppgåva til NEAFC er å vere med å utvikle ei meir økosystembasert forvalting av havområda og gode regionale kontrollregime. Myndigheitsområda til NEAFC (vanlegvis kalla reguleringsområdet) er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor partane sine økonomiske soner. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor partane sine økonomiske soner, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part dersom vedkomande part ynskjer det og støttar at det blir sett i verk eit reguleringstiltak. NEAFC-konvensjonen gjeld i utgangspunktet for alle fiskeressursar i konvensjonsområdet. Unntaket er sjøpattedyr og langtmigrerande artar dersom dei er omfatta av andre internasjonale avtalar (til dømes tunfisk).
Fiskerireguleringar for 2021
NEAFC har i første rekkje ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partar sine økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer. Det blir vanlegvis inngått kyststatsavtalar for desse bestandane. Dei er omtala i kapitla ovanfor.
Gjennom kyststatsavtalane for kolmule, norsk vårgytande sild og makrell, blir det sett av ein del til fiske i NEAFC sitt reguleringsområde for ikkje-kyststatar. I tillegg til dette kan kyststatane fiske sine delar av totalkvotane av dei enkelte artane i internasjonalt farvatn. Basert på forslag frå kyststatane, vedtek kommisjonen regulering av fisket etter dei enkelte artane i internasjonalt farvatn.
I tråd med kyststatsavtalen for kolmule for 2021, vedtok årsmøtet ein kvote for fisket i internasjonalt farvatn på 73 961 tonn, fordelt på Danmark (Grønland) og Russland. NEAFC-reguleringa inneber i tillegg at kyststatane kan fiske sine nasjonale kvotar internasjonalt. Årsmøtet vedtok også ei regulering av fisket etter norsk vårgytande sild basert på kyststatsavtalen om ein totalkvote på 651 033 tonn. Også denne reguleringa inneber at kyststatane kan fiske sine nasjonale kvoter i internasjonalt farvatn. Når det gjeld makrell, er kyststatane ikkje einige om ein avtale for 2021 som omfattar alle partar. Ettersom det var planlagt eit nytt forhandlingsmøte mellom kyststatane etter årsmøtet i NEAFC, vart avgjerda om ei NEAFC-regulering på makrell for 2021 utsett. Heller ikkje dette kyststatsmøtet førte til ein heilskapleg avtale for 2021. NEAFC vedtok dermed, gjennom postavstemming, ei regulering for internasjonalt farvatn for 2021 med tilvising til totalkvoten anbefalt av ICES, og som sikrar rapportering og hindrar ekspansjon i fisket av statar som ikkje er kontraktspart til NEAFC.
Noreg og Russland er kyststatar til snabelueren i Norskehavet og vart i oktober 2014 einige om ei fordeling av bestanden på bakgrunn av ein sonetilhøyrslerapport utarbeidd av forskarar frå NEAFC-landa. Avtalen inneheld også ein kvote til internasjonalt farvatn. I tråd med tilrådinga frå ICES og kvoten som er sett av i avtalen, la difor Noreg og Russland fram forslag om ei NEAFC-regulering for 2021. Forslaget fekk ikkje fleirtal fordi dei andre NEAFC-partane ikkje er einige i kvoten som Noreg og Russland har avsett til fiske i internasjonalt farvatn. Resultatet av dette er at det ikkje er fastsett noka regulering av snabeluer i den internasjonale delen av Norskehavet for 2021.
Partane i prosessen om fordeling og regulering av snabeluer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane, og ikkje-kyststatane EU, Noreg, Russland og no også Storbritannia. Island har, i tråd med ICES-rådgivinga, ønska eit forbod mot direktefiske i fleire år, noko Noreg har støtta. Forslaget har tidlegare ikkje fått tilstrekkeleg fleirtal, men dette endra seg på årsmøtet i 2020 og NEAFC har dermed for første gong vedteke eit forbod mot direktefiske etter uer i Irmingerhavet i tråd med forskarane si anbefaling.
På årsmøtet i 2020 vart NEAFC sine forbod mot direktefiske etter blålange med bunnredskap i gyteperioden og forbodet mot direktefiske etter pigghå vidareført. Det vart også for første gong, mot éi stemme, vedtatt eit forbod mot direktefiske etter raud keisarfisk. Kontraktspartane vart også, med fire mot éi stemme (éin kontraktspart avstod frå å stemme), einige om reguleringar for skolestfiskeria i NEAFC sitt reguleringsområde i 2021.
Områdeforvalting
NEAFC vedtok for første gong i 2004 å stenge enkelte område for botntråling og fastståande reiskapar for å verne sårbare marine økosystem. I dei følgjande åra har kommisjonen med jamne mellomrom gjort justeringar i områda og stengt nye område i tråd med tilrådingar frå ICES. Det er no i alt 13 område innanfor NEAFC sitt reguleringsområde som er stengt for botnfiske.
Alle tiltaka som er vedtekne om stengte område og botnfiske er element i NEAFC si oppfølging av fiskeriresolusjonen til FN frå 2006 og FAO sine retningsliner om botnfiske frå 2008. NEAFC vedtok i 2014 eit nytt og betre regelverk for botnfiske og vern av sårbare marine økosystem.
Regelverket inneber at NEAFC sitt reguleringsområde er delt inn i tre kategoriar: stengte område, eksisterande botnfiskeområde og avgrensa botnfiskeområde. Dei stengte områda er område der sårbare marine økosystem er påvist og ICES har tilrådd stenging. I tillegg til å liste opp dei stengte områda, definerer regelverket kva for område som per i dag er rekna for å vere eksisterande fiskeområde, og dermed opne for fiske. Område som verken er stengte for botnfiske eller som er omfatta av eksisterande fiskeområde, utgjer dei avgrensa botnfiskeområda. Desse er ikkje opne for ordinært bunnfiske, men NEAFC kan gi løyve til forsøksfiske i områda. Regelverket stiller strenge krav til slikt prøvefiske. Blant anna skal det gjennomførast konsekvensutgreiingar før det er aktuelt å vurdere eit forsøksfiske, og sjølve forsøksfisket er underlagt eigne rapporteringsreglar. Fartøya må også ha observatørar om bord. I etterkant av eit forsøksfiske skal det gjennomførast ei evaluering for å vurdere om eit botnfiske vil kunne ha betydeleg negativ påverknad på dei sårbare marine økosystema i området og om det dermed bør stengast, eller om området kan bli opna som eit eksisterande botnfiskeområde. Dersom fartøy i ordinært fiske eller i forsøksfiske støyter bort i sårbare marine økosystem (korallar og svamp) pliktar dei å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare økosystem.
I tråd med krava i NEAFC-regelverket, gjennomførte NEAFC i 2019 ei evaluering av om reguleringa har vore effektiv når det gjeld vern av sårbare marine økosystem. Evalueringa konkluderte med at reguleringa fungerer etter sitt formål, men foreslo likevel enkelte forbetringspunkt. Desse har blitt diskutert i NEAFC sine permanente arbeidsgrupper i 2020 og oppfølgingsarbeidet held fram i 2021.
Kontrollsamarbeid
Kampen mot urapportert, uregulert og ulovleg fiske har vore høgt prioritert i NEAFC i fleire år. Arbeidet har resultert i eit omfattande kontroll- og handhevingsregelverk, som mellom anna inneheld krav til satellittsporing, rapporteringsplikter, reglar om inspeksjon til sjøs, hamnestatskontroll og svartelisting. Etter at kommisjonen på årsmøtet i 2014 vedtok å utvide verkeområdet for NEAFC sitt system for hamnestatskontroll, er dette no fullt på linje med den internasjonale hamnestatsavtalen forhandla fram under FAO.
På årsmøtet i 2018 vedtok partane omfattande endringar i kontroll- og handhevingsregelverket. Hensikta var å legge til rette for implementering av eit nytt og heilelektronisk rapporteringssystem. Dette vart i 2019 og 2020 følgt opp med utvikling av fleire tekniske løysingar for implementering av det nye systemet. Arbeidet held fram i 2021.
3.4.2 Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO)
Det overordna målet til NAFO er å bidra til langsiktig bevaring, berekraftig bruk av fiskeressursane i konvensjonsområdet og samstundes bevare dei marine økosystema der desse ressursane finst.
NAFO har 13 medlemsland frå Nord-Amerika, Europa, Asia og Karibia, inkludert EU på vegner av dei 27 medlemslanda. Fire av medlemslanda er kyststatar i konvensjonsområdet: USA, Canada, Frankrike (på vegner av Saint-Pierre og Miquelon) og Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland). NAFO-sekretariatet ligg i Halifax i Canada.
NAFO har i dei seinare åra lagt vekt på å modernisere organisasjonen og har innført nødvendige endringar av NAFO-konvensjonen. Den nye konvensjonen frå 2008 tek mellom anna omsyn til føre-var-prinsippet, økosystembasert forvalting, etablering av ein mekanisme for tvisteløysing og strukturelle endringar av organisasjonen. Noreg ratifiserte den reviderte konvensjonen i 2009, og konvensjonen tredde i kraft 18. mai 2017.
Fastsette kvotar for 2021
Den viktigaste bestanden for Noreg i NAFO er torsk i reguleringsområde 3M (sjå kart i figur 3.9), der vi har ein kvoteandel på 9,25 prosent. Etter ti år med fiskeforbod (moratorium) vart direktefisket etter torsk i 3M opna igjen i 2010. Partane vedtok ein totalkvote for fisket i 2021 på 1 500 tonn, som er ein kraftig reduksjon frå fjorårets kvote på 8 531 tonn. Bestanden har over tid hatt ei svak rekruttering og kvotereduksjonen var dermed venta.
Noreg har sidan 1993 fiska reker på Flemish Kapp. Det har gått føre seg to separate rekefiskeri i dette området, eitt i reguleringsområde 3M og eitt i reguleringsområde 3L. På grunn av den dårlege bestandssituasjonen vedtok NAFO, i tråd med tilrådinga fra havforskarane, å stoppe rekefisket i område 3M i 2011. Bestandssituasjonen for reker i 3M har dei siste åra blitt stadig betre, og i tråd med tilrådinga frå forskarane vart fisket opna med verknad frå 1. januar 2020. Fisket er regulert med fiskedøgn, som er eit lite tilfredsstillande reguleringsregime. Partane skulle difor etter planen møtast i 2020 for å sjå på moglegheitene for å gjere om reguleringa til eit kvoteregime, men på grunn av den rådande koronasituasjonen vart dette utsett. Partane vedtok difor ei vidareføring av innsatsreguleringa for 2021.
I åra før 2011 låg totalkvoten for reker i reguleringsområde 3L på 30 000 tonn. For 2011 tilrådde vitskapskomiteen i NAFO å redusere den totale fangsten. Partane var i åra etter einige om behovet for ein reduksjon, men vart ikkje einige om å redusere den totalt tillatne fangsten like mykje som forskarane tilrådde. Noreg og fleire land røysta imot å fastsetje høgare rekekvotar enn det tilrådinga frå forskarane sa. Då bestanden vart ytterlegare redusert, vart partane på årsmøtet i 2014 einige om å innføre fiskeforbod også for denne bestanden. Rådgjevinga for 2021 stadfesta den sviktande bestandssituasjonen, og årsmøtet vedtok ei vidareføring av moratoriet for 2021 òg.
Noreg har kvoterettar i NAFO på 30 prosent av totalkvoten for lodde i reguleringsområde 3NO. Som følgje av den dårlege bestandssituasjonen har det lenge vore forbode å drive direktefiske på denne arten og forbodet vart vidareført for 2021.
Ein ny forvaltingsplan for blåkveite vart vedteken under årsmøtet 2017. For 2021 vart det i tråd med den nye forvaltingsplanen fastsett ein totalt tillaten fangst på 16 498 tonn. Noreg har ingen del i denne bestanden, men når totalkvoten kjem opp på 30 000 tonn eller meir, har Noreg rett til å fiske på ein eigen kvote som blir sett av til land utan fast kvotedel.
Regulering av fiske med botnreiskapar
I tråd med fiskeriresolusjonen som FN vedtok i 2006 (UNGA 61/105), har NAFO lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem blir skåna. NAFO har òg arbeidd med å setje i verk FAOs retningsliner for djuphavsfiske på det opne havet.
Ulike område i konvensjonsområdet er delt inn i tre kategoriar: noverande område, stengde område og nye fiskeområde. NAFO har formelt vedteke eit kart som viser dei noverande fiskeområda. Det blir stilt særleg strenge krav til fisket i nye område, men også i noverande fiskeområde er det strenge miljøkrav. Det gjeld særleg dersom ein ønskjer å nytte nye reiskapstypar, eller dersom ny vitskapleg informasjon seier at dagens fiskepraksis bør endrast.
NAFO sitt område 14 vart i 2016 stengt for fiske med botnreiskapar for å beskytte sjøfjør, med ein solnedgangsklausul til 31. desember 2018. Partane vart på årsmøtet i 2018 ikkje einige om ei ny stenging av området, som dermed vart opna for fiske med botnreiskapar 1. januar 2019. NAFO har etter dette 20 områder som er stengde for fiske med botnreiskapar for å verne konsentrasjonar av korallar og svamp som har særleg sårbare økosystem. Stengingane gjeld også fleire område med undersjøiske fjell.
NAFO har i tillegg vedteke regelverk for kva fartøya skal gjere dersom reiskapar kjem i kontakt med sårbare økosystem under fiske. Fartøy pliktar ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare marine økosystem. I utgangspunktet er fiske med botnreiskapar ikkje tillate i dei nye områda. Det er likevel høve til eit forsøksfiske, men dette er strengt regulert. Mellom anna er det plikt til å ha ein vitskapleg observatør om bord. På grunnlag av rapportar frå forsøksfiske og vitskapleg rådgjeving kan NAFO opne for generelt fiske i avgrensa område.
NAFOs regelverk for vern av sårbare marine økosystem, inkludert dei 20 stengte områda, skal evaluerast i 2021.
Kontrollsamarbeid
Kampen mot urapportert, uregulert og ulovleg fiske (UUU-fiske) har hatt høg prioritet i NAFO i fleire år. Arbeidet har resultert i eit omfattande kontroll- og handhevingsregelverk, som mellom anna inneheld krav til satellittsporing, rapporteringsplikter, reglar om inspeksjon til sjøs, hamnestatskontroll, svartelisting og eit observatørprogram.
NAFO vedtok på årsmøtet i 2016 endringar i reglane om hamnestatskontroll som innebar implementering av FAOs hamnestatsavtale mot UUU-fiske.
3.4.3 Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC)
Noreg er ein av dei opphavlege partane til konvensjonen om regulering av kvalfangst av 1946, som regulerer fangst og bevaring av større kvalartar. Konvensjonen har i dag 89 partar. Den internasjonale kvalfangstkommisjonen er overvakingsorganet til konvensjonen. IWC har som hovudoppgåve å sikre ei berekraftig forvalting og bevaring av dei større kvalartane. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot forbodet og er difor ikkje bunden av det. Frå 1994 til 2006 forsøkte IWC å få på plass eit revidert forvaltingsregime for å opne for kommersiell kvalfangst utan å lukkast. Japan la i 2018 fram eit forslag til reform av organisasjonen utan å lukkast. Forslaget tok sikte på mellom anna å opne for alminneleg berekraftig kvalfangst. Som ei følgje av nederlaget og lang tids frustrasjon over IWCs dysfunksjonalitet, melde Japan seg ut av IWC 26. desember 2018. Japans utmelding har tredd i kraft 30. juni 2019.
Forskarane i IWC har etablert prosedyrar for å vurdere dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Kvoteutrekningsmodellane er konservative for å sikre ei føre-var-tilnærming. Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i IWC sin vitskapskomité. 2021-kvota er satt til 1278 vågehval, den samme som i 2020. Kvoten kan fangast i heile forvaltingsområdet til IWC, som er noko større enn havområda under norsk jurisdiksjon. Det vil seie at det også kan drivast fangst i internasjonalt farvatn mellom Noregs økonomiske sone og fiskerisona ved Jan Mayen.
I tråd med kvoteberekningsmodellen skal vågekvalbestanden vurderast på nytt i vitskapskomiteen til IWC kvart sjette år på grunnlag av teljingar som er gjennomførte dei siste seks åra. Samstundes skal oppdelinga av havområdet i underområde vurderast på nytt. Vitskapskomiteen starta ein ny gjennomgang av det norske fangstgrunnlaget i 2014. Oppdelinga i småområder vart grundig diskutert under møtet i vitskapskomiteen i Slovenia i mai 2014. Komiteen konkluderte med at nye genetiske analysar ikkje gjev grunnlag for å dele opp i underområde for Barentshavet (EB), Svalbardområdet (ES) og Norskehavet (EW). Komiteen ønskte derimot at Nordsjøen (EN) framleis skal vere eit eige underområde. Endelege bestandstal med usikkerheit for teljeperioden 2008–2013 vart godkjende av vitskapskomiteen ved årsmøtet i 2015. Tilpassingar av simuleringsmodellane til fangstar, bestandstal og biologiske data for å teste forvaltingsstrategiar har teke mykje tid og vart fullførte ved årsmøtet i 2017. Med utgangspunkt i den reviderte forvaltingsprosedyren vil ein ha ei gjennomgåande trygg forvalting av vågekvalen. Den neste vurderinga med omsyn til vågekval i våre område vil starte i 2022.
3.4.4 Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO)
Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen vart etablert i 1992. Hovudgrunnane for å etablere organisasjonen var å leggje til rette for internasjonalt samarbeid på dei områda der IWC ikkje har kompetanse (småkval, sel og kvalross), samt sikre ein internasjonal samarbeidsstruktur i tilfelle IWC skulle bryte saman.
Hovudoppgåva til NAMMCO er å arbeide for vern og forvalting av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren basert på vitskaplege råd. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men omfattar dei store kvalartane òg. Noreg, Færøyane, Grønland og Island er medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, og Canada og Russland tek aktivt del i arbeidsgruppene.
NAMMCO har lukkast godt i arbeidet med å forbetre fangstmetodar – eit arbeid som er av interesse langt utover medlemslanda i organisasjonen. Representantar frå alle dei nordiske landa, samt Japan, USA og Canada, deltek i dette arbeidet. Resultata gjev grunnlag for å forbetre fangstmetodane og setje standardar for fangst på sjøpattedyr, og Noreg har no utarbeidd ein standard for bruk av våpen i vågekvalfangsten. Vitskapskomiteen i NAMMCO gjev råd og deltek i forskinga på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. Komiteen deltek dessutan i arbeidet med å lage ein plan for å organisere og gjennomføre teljetokt for kval som omfattar heile Nord-Atlanteren.
3.4.5 Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR)
Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis forvaltar konvensjonen med same namn. CAMLR-konvensjonen vart vedteken i 1980 med Noreg som ein av grunnleggjarane. Konvensjonen er ein del av Antarktistraktaten og vart gjeldande frå 1982. Sekretariatet og hovudkvarteret til kommisjonen ligg i Hobart på Tasmania i Australia. Hittil er 36 land partar i CAMLR-konvensjonen, medan EU og 24 land er medlem i CCAMLR-kommisjonen.
CCAMLRs mandat om å forvalte dei marine ressursane på ein balansert måte ligg i formålsparagrafen. Det inneber at prinsippa om vern og rasjonell bruk av ressursane er sidestilte. Føresegna viser at ein ynskjer å leggje til rette for berekraftig fiske i konvensjonsområdet.
CCAMLR har heilt frå starten vore ein viktig aktør i utviklinga av internasjonal havressursforvalting, og har hatt stor suksess i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske etter tannfisk.
Fiskeri
Interessa for å fiske i Antarktis gjeld i hovudsak bestandane av kril og tannfisk. CCAMLR vedtek årleg totalkvotar for dei ulike artane, basert på tilrådingar frå vitskapskomiteen til kommisjonen. Kommisjonen kan også på vitskapleg grunnlag fastsetje forbod mot å fiske på enkelte fiskeslag innan eitt eller fleire underområde. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmene. Det er såleis opent for eit «olympisk» fiske, der alle fiskar inntil fisket blir stoppa når totalkvotane er tekne.
Det er store krilressursar i Sørishavet. Anslag for opphavleg biomasse er 60 millionar tonn i det havområdet der det blir fiska i dag, som i hovudsak er dei vestlege delane av Atlantisk sektor og langs Antarktishalvøya. I dette området har CCAMLR vedteke ei totalkvote på 5,61 millionar tonn. Likevel er fangsten etter råd frå vitskapskomiteen avgrensa til maksimalt 620 000 tonn. Og for å hindre for stort fiskepress i enkeltområde der kril er viktig mat for fugl og pattedyr, er denne totalfangsten fordelt på fire av underområda vist i Fig. 3.14. Dei siste åra har totalfangsten av kril vore mellom 100 000 og 270 000 tonn, eller om lag 0,3 prosent av anslag for opphavleg biomasse.
Den norske flåten fiskar årleg om lag 50-60 prosent av den samla fangsten av kril i havområda rundt Antarktis. Dei norske krilfartøya har alltid med seg ein internasjonal observatør som tek prøvar av fangstane og rapporterer til CCAMLR om gjennomføringa av fisket, bifangst av fisk, eventuelle tilfelle av skadar på fugl og pattedyr.
Den samla fangsten i det kvoteregulerte fisket etter tannfisk i Antarktis har dei siste åra lege kring 15 000 tonn årleg av dei to artane som blir fiska. Dette er eit svært lågt fangstnivå sett i forhold til det svære geografiske området fiskeriet nyttar. Tannfisken blir fiska på djupt vatn, mellom 500 og 2 000 meter. Dette er eit lite, men nokså lønnsamt fiskeri. Noreg har ikkje notifisert fartøy for dette fisket i 2021.
Miljø og forsking
Vitskapskomiteen i CCAMLR er sentral i utviklinga av forskingsplanar i havområda rundt Antarktis, og dette gjeld også forskinga på kril. Noreg gjev viktige bidrag til dette arbeidet. Havforskingsinstituttet starta mellom anna i 2011 eit overvakingsprogram av kril ved Sør-Orknøyane. Ved hjelp av fartøy frå krilindustrien gjennomfører dei eit tokt ei knapp veke i året etter eit fast mønster og med vitskapleg akustisk instrumentering for å vurdere mengda og samansetjinga av krilbestanden i dette fiskeriområdet.
CCAMLRs samla vurdering av krilbestanden byggjer på data frå ei stor basisundersøking så langt attende som i år 2000. Seinare er kunnskapen supplert med ei rekkje enkeltstudiar. Dei viktigaste blir gjennomført årleg i dei tre beste fiskeområda. Ein av desse studiane er det norske toktet med fiskefartøy. Desse undersøkingane dekkjer berre avgrensa delar av utbreiingsområdet til krilen. CCAMLR er likevel trygg på at uttaket av kril er berekraftig i høve til storleiken på bestanden, då fisket er avgrensa samanlikna med både kvotane og bestandsvurderinga. Det viktigaste elementet i reguleringa av krilfisket i dag er omsynet til sjøfugl og pattedyr fordi dei beitar på kril i nokre av dei same områda som krilfisket går føre seg. Dersom uttaket av krilressursen i Antarktis skal aukast, må vedtak om dette byggje på vitskaplege undersøkingar og råd som viser at auka fangst er forsvarleg i høve til produksjons- og bestandstilhøva for kril samt næringstilhøva for fugl og pattedyr.
I 2017 fremja Noreg forslag om å gjennomføre omfattande undersøkingar av kril i 2019, og annonserte planar om ekspedisjon med det nye polare forskingsfartøyet Kronprins Haakon vinteren 2018–2019. Det norske initiativet vart helst velkommen av CCAMLR, og vitskapskomitéen og kommisjonen har slutta seg til og bidrege til planane.
Undersøkinga med 6 – 7 fartøy koordinert av norske forskarar vart gjennomført i januar-februar 2019. Det norske forskingsfartøyet opererte saman med fartøy og landstasjonar frå andre CCAMLR-medlemmer. I tillegg bidrog krilindustrisamskipnaden ARK med eit eige leigefartøy og omfattande innsats under norsk forskarleiing. Til saman sikra forskings- og leigefartøy god dekning i alle viktige fiskeriområde og heile det same område som ble undersøkt i år 2000. I tillegg til det store kriltoktet, vart det gjennomført undersøkingar i underområde for å granske tilhøva for pingvinar og sel som et kril. Frå landstasjonar vart satellittmerka pingvinar og sel overvåka under beitevandringar i krilområda. Under kriltoktet vart det samla svære datamengder om fysisk-kjemiske tilhøve og plante- og dyreplankton. Langsmed kurslinene vart det registrert observasjoner av fugl og kval. Utbytet av toktet strekkjer seg dermed langt utanom den auka kunnskapen om krilressursane. Dette har relevans for blant anna klimaforsking og generell økosystemforståing.
Under årsmøtet i 2011 vedtok CCAMLR forvaltingstiltak CM 91/04 som legg fast eit rammeverk for etableringa av eit sett med representative marine beskytta område i Antarktis.
Etter fleire års arbeid, vart det under årsmøtet i 2016 fatta vedtak om å etablere eit marint beskytta område i Rosshavet. Området dekkjer eit areal på 1,55 millionar kvadratkilometer. Av dette er 1,12 millionar kvadratkilometer (72 prosent) underlagt strengt vern, som betyr at berre eit visst forskingsfiske er lov.
Området beskyttar sårbare naturområde og dyregrupper, inkludert landbaserte toppredatorar som sel og pingvinar, som er avhengige av tilgang til mat i nærleiken av områda dei forplantar seg i. Sårbare botnhabitat og oppvekstområde for yngel og ungfisk blir også tekne vare på.
Verneområdet er utvikla i tråd med den beste tilgjengelege kunnskapen og i tråd med norske prinsipp.
Forslag til verneområde er òg under arbeid for områda i Aust-Antarktis, i Weddellhavet og langs Antarktishalvøya.
3.4.6 Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT)
ICCAT vart etablert i 1966. Noreg har vore medlem sidan 2004. Denne regionale organisasjonen har ansvar for å bevare og forvalte tunfisk og tunfiskliknande artar i Atlanterhavet og Middelhavet. Kommisjonen har 53 avtalepartar, inkludert EU på vegner av medlemslanda. Ansvarsområdet til organisasjonen omfattar kring 30 artar, mellom anna makrellstørje, som særleg i 1950-åra vart fiska i store kvanta langs Norskekysten. Overfiske førte til ein kraftig reduksjon i bestanden og førekomstane i våre farvatn var i fleire tiår nærast ikkje-eksisterande. Dei seinare åra har bestanden tatt seg opp att, og det er igjen makrellstørje i norske farvatn.
På bakgrunn av bestandssituasjonen og fordi totalkvoten vart sett høgare enn tilrådd, hadde Noreg forbod mot fiske og landing av makrellstørje i perioden 2007–2013. Den negative trenden er no snudd og tilstanden til bestanden er mykje betre. Det viser mellom anna den auka mengda av størje i våre farvatn.
ICCAT vedtok på årsmøtet i 2017 ein ny forvaltningsplan for makrellstørje for perioden 2018–2020. Noreg var aktivt med i forhandlingane av planen og fekk mellom anna forhandla fram betre reglar for bifangst og reglar som tek i vare land med ilandføringsplikt. I tillegg fekk Noreg, som kyststat, forhandla fram ein gradvis auke av den norske eigarparten av makrellstørjebestanden i løpet av perioden forvaltingsplanen gjeld for. I 2018 fekk Noreg fiske 104 tonn, i 2019 239 tonn og i 2020 300 tonn. Totalkvotane for 2019 og 2020 er på høvesvis 32 240 tonn og 36 000 tonn. På grunn av situasjonen med Covid-19 ble årsmøtet i 2020 gjennomført på epost og gjeldende forvaltningsplan for makrellstørje videreført til å gjelde i 2021 òg. Det betyr at totalkvoten også i 2021 er på 36 000 tonn.
I 2020 vart tre linefartøy og åtte ringnotfartøy gjeve løyve til å delta i direktefisket etter makrellstørje. Alle linefartøya var under 15 meter, mens sju av notfartøya var under 40 meter og ett var over 40 meter. I tillegg deltok 24 fartøy i sports og rekreasjonsfiske og merk- og slippfiske etter makrellstørje. Notfartøya fekk tildelt ei gruppekvote på 256 tonn, og kvart fartøy fekk tildelt ein fartøykvote på 32 tonn.Dei tre linefartøya fekk ein kvote på 6 tonn kver. Det blei avsatt 5 tonn øremerka til sport- og rekrasjonsfiske og 1 tonn til død eller døande størje i forbindelse med merk- og slipp fiske. 25 tonn vart satt av til bifangst av makrellstørje i fisket etter andre artar.
Av den norske kvoten på 300 tonn vart det totalt fiska 190 tonn makrellstørje i 2020. I 2021 har Noreg ei totalkvote på 300 tonn.
ICCAT har òg vedteke reglar for bifangst av pelagiske haiartar i fisket etter tunfisk og tunfiskliknande artar i heile konvensjonsområdet. Reguleringane omfattar påbod om utkast, men i dei seinaste vedtaka finst det unntak for partar som har påbod om ilandføring som ein del av den generelle fiskerilovgjevinga. For å styrkje forvaltninga i ICCAT har det vore sett i gang ein prosess for å fornye konvensjonsteksten for at konvensjonen skal harmonisere betre med moderne havrett. Dette arbeidet skulle etter planen vore ferdig i 2016, men det har teke tid for partane å bli samde om alle endringane. På årsmøtet i ICCAT i 2019 blei den nye konvensjonen endeleg vedteke. Norge slutta seg formelt til endringsprotokollen til ny konvensjon ved kongelig resolusjon i oktober 2020.
3.4.7 Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen (SEAFO)
Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen vart etablert i 2001 og har hovudsete i Namibia. Det overordna målet til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i Søraust-Atlanteren. Partane pliktar å innføre tiltak i konvensjonsområdet for å nå dette målet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne hav, og omfattar såleis ikkje dei økonomiske sonene til kyststatane i området.
SEAFO-konvensjonen vart underteikna av dei fire søraustatlantiske kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegner av St. Helena) og Sør-Afrika, i tillegg til EU, Island, Noreg og USA. Konvensjonen tok til å gjelde 13. april 2003. Noreg ratifiserte han 12. februar 2003. Konvensjonen er òg ratifisert av Angola, Japan, Namibia, Sør-Afrika, Sør-Korea og EU-kommisjonen.
For tida er det ikkje norske kommersielle interesser i SEAFO-området. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan ha i området i framtida. Ettersom norske fartøy ikkje lenger fisker i området, er det i tråd med havrettens system at Norge trekkjer seg ut av SEAFO og seier opp konvensjonen.
I tråd med artikkel 33 i konvensjonen, som stadfestar at ein konvensjonspart når som helst kan seie opp konvensjonen ved skriftleg underretning til FNs matvareorganisasjon (FAO), som er depositar for konvensjonen, overleverte Noreg ein oppseiingsnote i oktober 2020 til FAO. Ei oppseiing får verknad eitt år etter underretning til depositaren. Noregs oppseiing får verking 29. oktober 2021, jf. kap. 1.1 1.1 Fiskeriavtalane for 2021.