Meld. St. 28 (2022–2023)
Gode bysamfunn med små skilnader
Tilråding frå Kommunal- og distriktsdepartementet 11. august 2023, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Melding til Stortinget
Stortingsmeldinga «Gode bysamfunn med små skilnader» samlar politikken til regjeringa for å halde ved lag og styrkje den sosiale berekrafta i norske byar og nabolag, gjennom å leggje til rette for gode levekår, høg livskvalitet og gode oppvekst- og nærmiljø. Meldinga viser til generell økonomisk politikk, universelle velferdsordningar og offentlege tenester med mål om å redusere sosiale og geografiske skilnader og fremje velferd. Tiltak for å styrkje planlegging, bustadpolitikk og nærmiljø er vektlagt for at befolkninga kan leve gode liv. For å bidra til gode levekår og samfunnsdeltaking vektlegg meldinga innsats for gode oppvekstvilkår og betre helse, inkludering i utdanning og arbeidsliv, og tiltak for å styrkje deltaking og førebyggje utanforskap. For regjeringa er områdesatsingane i levekårsutsette område eit viktig tiltak for å betre bu- og nærmiljøa og tenestetilbodet i byane der dei treng det mest.