Meld. St. 28 (2023–2024)

Regulering av pensjonar i 2024 og inntektstilhøve for pensjonistar

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg med dette fram ei melding om regulering av pensjonar i 2024 og inntektstilhøve for pensjonistar.

Den pårekna effekten av neste års regulering av pensjonar, basert på anslaget for lønnsvekst i statsbudsjettet, vert budsjettert på dei relevante postane på budsjettet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet direkte og som ein del av den ordinære budsjettprosessen, jf. Prop. 1 S frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Viss det trengst, vil dei relevante budsjettpostane verte korrigerte i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett.

Det skal gjennomførast drøftingar med organisasjonane til pensjonistane, dei funksjonshemma og arbeidstakarane om talgrunnlaget for reguleringa. Drøftingane skal gjennomførast i møte straks etter at revidert nasjonalbudsjett er lagt fram.

Punkt 2 gjev ein gjennomgang av reguleringsreglane og reguleringa av pensjonar m.m. i 2024. Faktorar som påverkar realinntektsutviklinga og kjøpekrafta til pensjonistar, vert handsama i punkt 3. Inntektsutviklinga blant den eldre befolkninga vert omtalt i punkt 4. Punkt 5 tek for seg utviklinga i talet på og prosentdelen minstepensjonistar og utviklinga i låginntekt blant alderspensjonistane. Protokollar og referat frå drøftingsmøta, tabellar over den historiske utviklinga av pensjonane og statistiske opplysningar m.m. følgjer som vedlegg 1–6.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.