10 Økonomiske og administrative konsekvensar
10.1 Innleiing
Regjeringa legg i denne meldinga fram tiltak som er venta å bidra til større rekruttering og gi betre stabilitet og meir føreseielege rammer for barn i fosterheim. Kommunane har fullt økonomisk ansvar for ordinære fosterheim. Tiltaka i denne meldinga vil ikkje endre på dette.
Dersom barn som treng det får bu i fosterheim, kan det føre til mange samfunnsøkonomiske gevinstar, både i form av høgare livskvalitet for barnet og ved at det er meir sannsynleg at barna kan bidra i arbeidslivet og samfunnslivet seinare. For barn som har behov for tiltak utanfor heimen, og der det blir gjort eit vedtak om omsorgsovertaking, er alternativa i dag anten opphald i institusjon eller fosterheim. Fosterheim er eit rimelegare tiltak for det offentlege, noko som vil seie at det er rom for å investere mykje i verksame tiltak som kan bidra til betre rekruttering og stabilitet i fosterheimar, før det kostar meir enn institusjon.
Tiltak og endringar i barnevernet vil ha ei rekkje gevinstar som er vanskelege å talfeste. Det same gjeld kostnadene ved at det ikkje blir sett inn tiltak der det er behov, eller at det blir gjennomført feil type tiltak. Det kjem av at det er vanskeleg å måle og talfeste verdien av livskvalitet, at eventuelle gevinstar eller kostnader kan gjere seg gjeldande mange år fram i tid, og at det kan vere vanskeleg å fastslå årsakssamanhengar mellom tiltak og konsekvens. Vi viser til utgreiinga frå Barnevernsutvalet1 og diskusjonen deira om gevinstar av tiltak på barnevernsområdet.
Tiltaka i denne meldinga vil påverke både kommunane og Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Somme av tiltaka skal gjere Bufetat i stand til i større grad å hjelpe kommunar som ønskjer det sjølve, i arbeidet med fosterheimar. Tiltaka endrar likevel ikkje på dagens ansvarsdeling mellom stat og kommune innanfor fosterheimsområdet. Med unntak av forslaget om å gi fosterforeldre godtgjering til pensjonssparing, har tiltaka små økonomiske effektar for kommunane, og er noko kommunane allereie finansierer innanfor dagens økonomiske rammar.
Gjennomføring av tiltak med økonomiske og administrative konsekvensar føreset budsjettdekning. Regjeringa vil komme nærare tilbake til eventuelle nødvendige løyvingsendringar i dei ordinære budsjettframlegga for Stortinget.
10.2 Konsekvenser av tiltaka i dei ulike kapitla
10.2.1 Rekruttering og oppfølging
Kapittel 4 gjer greie for nye tiltak som regjeringa vil gjennomføre for å møte utfordringane med å rekruttere fosterheimar. Det skal setjast i gang fleire samarbeidsprosjekt mellom Bufetat og kommunar, og kommunar imellom, for å auke rekrutteringa av fosterheimar i nærområdet til barna. I tillegg vil regjeringa tydeleggjere at dagens læringsnettverk kan nyttast for å styrkje tilgangen på fosterheimar. Regjeringa vil òg styrkje rekrutteringa av fosterheimar med minoritetsbakgrunn. Desse forslaga er venta å kunne dekkjast innanfor gjeldande budsjettrammer.
Regjeringa vil vurdere ulike typar støttetiltak for å stimulere til å auke bruken av familieråd og liknande metodar i kommunane. Målet er auka rekruttering av fosterheimar i familie og nettverk. Iverksetjing av tiltaka krev budsjettmessig dekning.
Kapittel 5 omtaler fleire nye tiltak for å nå målet om å gi fosterforeldre naudsynt oppfølging og støtte til å stå i oppdraget over tid, og for å bidra til at barnet og fosterfamilien skal få ei stabil tilknyting. Kommunane har eit heilskapleg oppfølgingsansvar for fosterheimane. Regjeringa vil etablere kompetansestøtteteam i Bufetat som skal tilby fag- og tiltaksstøtte til kommunane på fosterheimsområdet i alle regionar. Teamet skal støtte opp under og supplere barnevernstenesta ut frå konkrete behov som barnet og fosterheimen har, hovudsakleg gjennom å gi råd om moglege tiltak. Det vil vere frivillig for kommunane å nytte seg av tilbodet, og tiltaket endrar såleis ikkje på det kommunale ansvaret for oppfølginga av fosterheimen. Forslaget vil føre til meirkostnader i form av nye stillingar i Bufetat, og føreset budsjettmessig dekning. Ein legg opp til at kommunane skal betale ein eigendel for å nytte seg av tilbodet, slik at forslaget òg vil gi ein auke i inntektene til Bufetat frå kommunale eigendelar. Tiltaket vil bli evaluert.
Regjeringa vil styrkje tilskotsordninga for læringsnettverk for at fleire kommunar skal kunne etablere samarbeid om oppfølging av fosterheimar, og arenaer for erfaringsutveksling. I tillegg vil regjeringa styrkje rettleiings- og støttefunksjonane for læringsnettverk. Dette vil gi auka utgifter for statsforvaltarene, og føreset budsjettmessig dekning.
Regjeringa ønskjer at alle kommunar etablerer lokale løysingar som oppfyller ansvaret for å ha tilgjengeleg oppfølging utanfor kontortid når det er naudsynt for å kunne gi forsvarleg oppfølging. Regjeringa vil presisere oppfølgingsansvaret barnevernstenesta har utanfor kontortid, i fosterheimsforskrifta. Kommunen har i dag det heilskaplege ansvaret for oppfølginga av ordinære fosterheimar. Presiseringa vil derfor ikkje innebere ei ny oppgåve for kommunen.
10.2.2 Forslag om lovendringar som er sende på høyring
Tiltaka som er omtalte i kapittel 6 og 7, er i stor grad tiltak som regjeringa har føreslege i høyringsnotat om forslag til endringar i barnevernslova mv. (kvalitetsreforma). Forslaga blei sende på høyring i april i år og vil bli vurdert vidare i arbeidet med ein proposisjon om kvalitetsreform som skal leggjast fram våren 2025. Regjeringa vil i etterkant av høyringa vurdere tiltaka i høyringsnotatet nærare, prioriteringa av desse og om måla på området kan nåast på andre måtar. Gjennomføring av tiltak i høyringsnotatet med økonomiske og administrative konsekvensar føreset budsjettmessig dekning. Regjeringa vil komme nærare tilbake til eventuelle nødvendige løyvingsendringar i dei ordinære budsjettframlegga for Stortinget.
Kapittel 6 omtaler nye tiltak for å sørgje for større stabilitet og meir føreseielege rammer i fosterheimen. Regjeringa vil styrkje avgjerdsmakta til fosterforeldre, slik at dei i større grad enn i dag kan ta avgjerder på vegner av barnet, og har sendt eit lovforslag om dette på høyring. Større avgjerdsmakt for fosterforeldre kan gi reduserte kostnader i form av lågare administrative kostnader både hos barnevernstenestene og for fosterheimen. Kor stor innsparinga blir avheng av dagens praksis, som ser ut til å variere. Departementet har ikkje grunnlag for å estimere innsparinga.
Regjeringa peiker òg på utfordringar knytte til digitale tilgangar på vegner av barn i fosterheim, og har ein plan for arbeid med dette. Regjeringa vil prioritere dette arbeidet slik at ei løysing kan komme på plass så fort som mogleg, og økonomiske og administrative konsekvensar må då vurderast nærare.
Regjeringa ønskjer å gi fosterforeldre rett til å klage på vedtak om flytting, og har sendt eit forslag om det på høyring. Ein klagerett kan gi noko auka ressursbruk for barnevernstenestene og nemndene. Om lag halvparten av alle barn som bur i fosterheim, flyttar minst éin gong etter at dei flytta frå foreldra, dei fleste i løpet av det fyrste året dei bur i fosterheim. Dersom barnet sjølv er part i saka, kan barnet klage på vedtak barnevernstenesta gjer, og konsekvensane av forslaget heng dermed saman med forslaget om lågare aldersgrense for barns partsrettar, som òg er sendt på høyring som ein del av kvalitetsreforma. Ved ei klage frå fosterforeldre må barnevernstenestene ta stilling til klaga på flyttevedtaket og eventuelt førebu saka for klagehandsaming i nemnda. For nemndene kan det bli meirarbeid til handsaming av saker om flytting.
Kapittel 7 omtaler nye tiltak for å gi meir føreseielege økonomiske rammevilkår for fosterforeldre. Regjeringa vil lovfeste ei plikt for barnevernstenesta til å yte godtgjering og utgiftsdekning til fosterforeldre. Kommunane skal få ei plikt til jamleg å vurdere behovet for å frikjøpe fosterforeldra og til å kompensere frikjøpte fosterforeldre for manglande opptening av tenestepensjon. Regjeringa vil òg gi ein heimel til å gi forskrift om rammevilkår for fosterforeldre.
I dag følgjer det av fosterheimsavtalen, som barnevernstenesta har ei lovfesta plikt til å bruke, at fosterforeldre skal få godtgjering og utgiftsdekning for fosterheimsoppdraget. Kommunane yter i dag godtgjering og utgiftsdekning til fosterforeldre med utgangspunkt i dei rettleiande satsane frå KS. Ein reknar ikkje med at ei lovregulering i seg sjølv vil føre til meirkostnader for kommunane, sidan dette allereie følgjer av dagens fosterheimsavtale.
Forslaget om at kommunane skal få ei plikt til å kompensere frikjøpte fosterforeldre for manglande tenestepensjon, vil gi auka kostnader for kommunane. Meirutgiftene avheng av kor stor kompensasjon den einskilde kommunen vel å gi. Regjeringa legg opp til å kompensere kommunane basert på ei pensjonssparing tilsvarande 5 prosent av frikjøpsbeløpet. Dette er førebels estimert til å gi om lag 130 millionar kroner i meirutgifter for kommunane. Departementet vil vurdere kostnadsoverslaget nærare i arbeidet med forslag til lovproposisjon, og fram mot budsjettet for 2026.
10.2.3 Fosterheim for unge over 18 år
Kapittel 8 omtaler tiltak som gjeld fosterheim som ettervernstiltak. Regjeringa meiner det er rom for å ta ytterlegare grep for å gi ungdom som har hatt omsorg frå det offentlege, ein meir «normalisert» overgang til vaksenlivet.
Regjeringa vil greie ut ein rett til å bli buande i fosterheimen dersom den unge sjølv og fosterforeldra ønskjer dette. Regjeringa vil òg utvide gjeldande tilrådingar for kva oppfølgingsansvar barnevernstenesta har for barnet, foreldra og fosterfamilien når eit barn bur i fosterheim, med ei særskild utdjuping for ettervernsfasen.
Fosterforeldre skal få opplæring i kva ettervern inneber etter at ungdommen er myndig. Planen er å gjere dette gjennom opplæringsprogrammet Solid. Regjeringa vil òg utvide barnevernsfagleg kvalitetssystem (BFK) med faglege tilrådingar om ettervern. Regjeringa vil presisere i barnevernslova at den opphavlege opphaldskommunen har ansvaret for ettervern.
Desse forslaga er venta å kunne dekkjast innanfor dei gjeldande budsjettrammene.
10.3 Avsluttande merknader
Fleire av tiltaka som er omtalte i meldinga, vil bli prøvde ut og rulla ut gradvis. Gjennomføringa av tiltaka og tempoet på utrullinga er avhengige av det økonomiske handlingsrommet. For lovforslaga som er omtalte i meldinga, viser vi til høyringsnotat med forslag til endringar i barnevernslova mv. (kvalitetsreforma). Konsekvensane av forslaga vil bli vurderte nærare i det vidare arbeidet med kvalitetsreforma. Regjeringa vil komme tilbake til konkretiseringa av økonomiske og administrative konsekvensar av forslag som krev løyvingsendringar, i dei årlege budsjettframlegga for Stortinget.
Fotnotar
NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid, kapittel 32.3