Meld. St. 9 (2017–2018)

Noregs fiskeriavtalar for 2018 og fisket etter avtalane i 2016 og 2017

Til innhaldsliste

3 Fiskeriavtalane for 2018

3.1 Oversikt over avtalane

Med bakgrunn i det havrettslege rammeverket fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land om forvaltninga av felles fiskeriressursar. Noreg inngår både tosidige og fleirsidige avtalar om forvaltninga av bestandar vi deler. I tillegg blir det inngått avtalar i dei internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonane der Noreg deltek.

Figur 3.1 viser dei tre overordna måla som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltningsfora:

  • Å fremje ei berekraftig forvaltning av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming.

  • Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar.

  • Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltningsregima der Noreg tek del.

Tosidige avtalar

Noreg har ført forhandlingar og inngått avtalar for 2018 med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er òg ført forhandlingar og inngått avtalar med EU, på vegne av Danmark og Sverige, om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU, på vegne av Sverige, om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone. Noreg har også samarbeidd med Island om kvotebyte og oppfølging av Smottholavtalen. Figur 3.2 gjev ein oversikt over dei tosidige avtalane Noreg inngår.

Figur 3.1 Måla for det internasjonale fiskerisamarbeidet

Figur 3.1 Måla for det internasjonale fiskerisamarbeidet

Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar

Forhandlingane om kyststatsavtalane gjeld forvaltning og fordeling. Noreg har teke del i kyststatsforhandlingar om dei store vandrande bestandane makrell, norsk vårgytande sild (nvg-sild) og kolmule for 2018. I tillegg er det forhandla om fleirsidige avtalar om forvaltninga av snabeluer i Irmingerhavet, Barentshavet og Norskehavet med ulike partar.

Figur 3.2 Oversikt over dei tosidige avtalane Noreg har med andre land

Figur 3.2 Oversikt over dei tosidige avtalane Noreg har med andre land

Noreg forhandlar òg med Island og Grønland om gjennomføring av trepartsavtalen om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen.

Figur 3.3 Oversikt over kyststatsavtalane der Noreg deltek

Figur 3.3 Oversikt over kyststatsavtalane der Noreg deltek

Internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonar

FN-avtalen om fiske på det opne hav pålegg kyststatane og statar som fiskar på det opne hav å delta i regionalt samarbeid om forvaltninga av vandrande fiskebestandar. Noreg legg stor vekt på det internasjonale samarbeidet om fiskeriforvaltning og deltek i fleire regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar – dei såkalla RFMOane. I tillegg deltek vi aktivt i nokre globale organisasjonar. Ei oversikt over organisasjonane Noreg deltek i finst i figur 3.4.

Delegasjonane

Når Nærings- og fiskeridepartementet utnemner delegasjonar til dei ulike fiskeriforhandlingane, ligg det ei balansert vurdering til grunn. Det blir lagt vekt på at partane forhandlingane vedkjem skal vere representerte, at delegasjonen må ha ein handterleg storleik og dessutan forhandlingstaktiske omsyn. Tradisjonelt har delegasjonane hatt representantar frå Nærings- og fiskeridepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Noregs Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund, Sjømat Noreg og Noregs Kystfiskarlag. Dei seinare åra har Kommunanes Sentralforbund, Troms og Finnmark statsadvokatembeter, Kystvakta og Sametinget vore medlemar av delegasjonen til dei tosidige forhandlingane med Russland. Det vert vurdert frå år til år kven forhandlingane er relevante for.

3.2 Tosidige avtalar

3.2.1 Noreg – Russland

Fiskerisamarbeidet mellom Noreg og Russland er formalisert gjennom avtalen av 11. april 1975 om samarbeid innan fiskerinæringa og avtalen av 15. oktober 1976 om gjensidig fiskerisamarbeid. Avtalane regulerer ei gjensidig plikt til samarbeid om praktiske spørsmål innanfor fiskeriforvaltninga og til å gjennomføre konsultasjonar om desse spørsmåla, med særleg vekt på tiltak for å ta vare på bestandane og koordinere fiskerivitskapleg forsking.

Med bakgrunn i avtalane, har Noreg og Russland gjennom Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen ført årlege forhandlingar om totalkvotar og reguleringstiltak for bestandane vi deler i Barentshavet. Til fellesbestandane reknar vi nordaust-arktisk torsk, nordaust-arktisk hyse, blåkveite, snabeluer og lodde.

Partane fastset totalkvotar og fordeler kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Partane avtalar også gjensidig rett til å delta i fisket i kvarandre sine soner og byter kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar. I tillegg omfattar avtalane harmonisering av teknisk regelverk og det vert utarbeidd felles fiskerivitskapleg forskingsprogram.

Noreg og Russland har forvaltningsreglar for torsk, hyse og lodde som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. I 2016 vart reglane reviderte. Det vart vedteke ny forvaltningsregel på torsk, medan dei gjeldande reglane for hyse og lodde vart vidareført. Alle forvaltningsreglane skal liggje fast i 5 år.

Figur 3.4 Oversikt over internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonar som Noreg deltek i

Figur 3.4 Oversikt over internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonar som Noreg deltek i

Partane er einige om å forvalte kongekrabbebestanden kvar for seg i sine respektive økonomiske soner, men drøftar resultata frå felles forskingsinnsats om krabben på dei årlege sesjonane. Partane er einige om at snøkrabben er ein sedentær art underlagt høvesvis norsk og russisk sokkeljurisdiksjon, og at eit uttrykkelig samtykke frå kyststaten er nødvendig for å kunne drive fiske på arten.

Det er semje mellom dei to landa om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter at det er fastsett kvote til tredjeland blir kvotane for nordaust-arktisk torsk og nordaust-arktisk hyse fordelte med 50 prosent til kvar av partane Russland og Noreg. Loddekvoten er fordelt med 60 prosent til Noreg og 40 prosent til Russland. Kvoten for blåkveite er fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til tredjeland for fiske i fiskevernsona ved Svalbard. I 2014 vart Noreg og Russland også einige om fordelinga av snabeluerbestanden. Etter dette er snabeluerkvoten fordelt med 72 prosent til Noreg, 18 prosent til Russland og 10 prosent til tredjeland.

Dei siste åra er det lagt stor vekt på å utvikle felles tekniske reguleringstiltak for fisket i Barentshavet og Norskehavet. Tiltaka er basert på vitskaplege analysar. Det er også utvikla ein felles metodikk for å analysere det totale uttaket av torsk og hyse i Barentshavet.

2018-avtalen

Kvoteavtalen for 2018 mellom Noreg og Russland vart underskrive i Kazan 12. oktober 2017, på den 47. sesjon til Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. Den avtalte totalkvoten for fellesbestandane og fordelinga mellom Noreg, Russland og tredjeland er ført opp i tabell 3.1. Tabellane 3.2 og 3.3 på neste side viser ei oversikt over norske kvotar i russisk økonomisk sone og russiske kvotar i norsk økonomisk sone.

Torskebestanden er framleis på eit høgt nivå. På bakgrunn av det stabile kvotenivået som har vore i perioden 2013–2017, vart partane einige om ei gradvis implementering av stabilitetselementet i den nye forvaltningsregelen som blei vedteken i 2016.

Partane vart einige om ei totalkvote for nordaust-arktisk torsk på 775 000 tonn i 2018. Totalkvoten er fordelt mellom Noreg, Russland og tredjeland etter same mønster som tidlegare år. Dette er ein nedgang på 115 000 tonn frå fjorårets kvote. Den norske kvoten for 2018 er 350 159 tonn, inkludert 21 000 tonn kysttorsk og kvote avsett til forsking.

For nordaust-arktisk hyse har Noreg og Russland avtalt ei totalkvote på 202 305 tonn. Dette er ein nedgang på 30 695 tonn frå 2017. Den norske hysekvoten er med dette 99 230 tonn, inkludert kvoten avsett til forsking.

Noreg og Russland vedtok også å vidareføre kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse. Vedtaket inneber at partane kan overføre inntil 10 prosent av kvoten til neste år, eller fiske inntil 10 prosent av neste års kvote på forskot.

Figur 3.5 Delegasjonsleiarane Ilja Vasiljevitsj Sjestakov og Arne Benjaminsen ved underskrivinga av den norsk-russiske fiskeriavtalen for 2018

Figur 3.5 Delegasjonsleiarane Ilja Vasiljevitsj Sjestakov og Arne Benjaminsen ved underskrivinga av den norsk-russiske fiskeriavtalen for 2018

Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

Noreg har tradisjonelt gjeve Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i vår økonomiske sone. Dette er både fordi fisken er større lenger vest og fordi ei vestleg fordeling av fisket gjer kontrollen enklare. Av omsyn til balansen i kvoteavtalen, er Noreg og Russland òg for 2018 einige om like høve til å fiske torsk og hyse i sonene til kvarandre. Avtalen for 2018 gjev mellom anna partane rett til å fiske inntil 200 000 tonn torsk i kvarandre sine soner.

Totalkvoten for blåkveite er 27 000 tonn i 2018. Det er ein auke på 3 000 tonn frå 2017.

For første gong sidan 2015 vart det opna for eit kommersielt loddefiske i 2018. I tråd med forvaltningsregelen vart loddekvoten fastsett til 205 000 tonn, som er det høgaste kvoten sidan 2012.

Det er fastsett ein totalkvote for snabeluer på 32 658 tonn for 2018. Det er ein auke på 2 658 tonn frå 2017.

Partane vart einige om betre vilkår for gjennomføring av fiskeriforskingstokt i kvarandre sine soner, noko som vil gje betre kartlegging av fiskebestandane i åra framover.

Tabell 3.1 Fastsette kvotar1 for fellesbestandane i Barentshavet i 2018 (tonn)

Fiskeslag

TAC

Kvotar til Noreg

Kvotar til Russland

Kvotar til tredjeland

Nordaust-arktisk torsk2

775 000

329 159

338 159

107 682

Nordaust-arktisk hyse

202 305

99 230

90 230

12 845

Lodde

205 000

122 500

82 500

Blåkveite

27 000

13 755

12 225

1020

Snabeluer

32 658

21 514

7 878

3 266

1 Kvotar etter det er utført kvotebytte med andre land.

2 Inklusive forskingsfangst, eksklusive norsk kysttorsk.

Tabell 3.2 Norske kvotar i russisk økonomisk sone i 2018 (tonn)

Fiskeslag

Kvotar

Torsk

200 000

Hyse

47 000

Lodde

120 000

Blåkveite

13 005

Snabeluer

21 514

Reker

4 000

Grønlandssel

7 000

Steinbit

2 500

Flyndre

200

Andre artar

500

Tabell 3.3 Russiske kvotar i norske havområde i 2017 (tonn)

Fiskeslag

Kvotar

Torsk

200 000

Hyse

47 000

Lodde

80 000

Blåkveite

11 475

Sei

12 000

Steinbit

5 000

Uer og snabeluer

7 878

Kolmule

24 157

Norsk vårgytande sild

55 767

Andre artar

2 500

Kontrollsamarbeid

Noreg og Russland har sidan starten av 1990-talet gradvis utvida fiskerisamarbeidet til å omfatte forvaltnings- og kontrollspørsmål. I 1993 vart Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren (DPU) etablert under Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. DPU er eit samarbeid mellom dei utøvande fiskeristyresmaktene i begge land. I dag samarbeider kontrollstyresmaktene i dei to landa tett og utvekslar informasjon om fangst- og landingsdata. Dette inkluderer fast utveksling av informasjon om omlasting til havs og landingar i tredjelands hamner av fisk som høyrer til fellesbestandar i Barentshavet og Norskehavet.

Noreg og Russland er einige om å halde fram med samarbeidet om inspeksjonar av fiskefartøy både i NEAFC sitt reguleringsområde og i Barentshavet. Begge landa gjev difor inspektørar høve til å vere på den andre parten sine fartøy for å observere under inspeksjonane.

Noreg og Russland er òg einige om å vidareføre arbeidet i analysegruppa, som er samansett av representantar frå Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Det føderale fiskeribyrået si territoriale avdeling for Barentshavet og Kvitsjøen og Russlands sikkerheitsstyresmakt (FSB) si grenseavdeling i Murmansk fylke. Analysegruppa samkøyrer informasjon på fartøynivå både for norske og russiske fartøy, og har vore sentral i arbeidet mot ulovleg fiske i Barentshavet, som var eit stort problem fram til midten av 2000-talet. Det er i åra 2009–2017 ikkje avdekt ulovleg overfiske av torsk og hyse i Barentshavet og Norskehavet.

Ulike grupper i Fiskerikommisjonen har dei siste åra arbeidd med å harmonisere det tekniske regelverket for fisket i Barentshavet og Norskehavet, samt med spørsmål knytt til utkast av fisk. På den 47. sesjonen vart partane einige om at DPU i begge land skal publisere beskrivingar av sine respektive nasjonale regelverk om utkast på sine offisielle nettsider.

Partane vart også einige om at arbeidet med å lage felles retningslinjer for korleis inspeksjon av fiskefartøy i Barentshavet og Norskehavet skal gå føre seg, foreløpig skal verte stansa, då skilnader i partane sine nasjonale lovverk gjer at ein ikkje har klart å gjennomføre denne oppgåva.

3.2.2 Noreg – EU

Fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland

Strukturen i avtalane

På grunnlag av rammeavtalen med EU om fiskeri har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane og EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg blir òg tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtalen inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen.

Eit anna element i kvoteavtalen er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.

Nivået og omfanget av kvotebytet har tradisjonelt sett vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået er òg avhengig av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei seinare åra har det utvikla seg ein situasjon der torskekvoten Noreg tilbyr EU har vore høg, og EU har ikkje kunne kompensert heile tilbodet med kvotar til Noreg. Dette gjer at Noreg i 2018 har halde tilbake rundt 12 500 tonn torsk.

Etablering av forvaltningsplanar og betring av skattleggingsmønsteret

Noreg er i ein kontinuerleg prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Sjølv om vi ikkje gjer alt likt, har Noreg og EU eit godt og tett samarbeid på fiskeriforvaltningsområdet.

Noreg og EU har forvaltningsplanar for fellesbestandane i Nordsjøen som skal ta seg av omsynet til ei forsvarleg forvaltning og bidra til føreseielege rammer. Desse planane er eit viktig verktøy for forvaltarane. På grunn av interne avgjersleprosessar i EU har det vore utfordrande å revidere desse planane. Noreg og EU skal møtast i 2018 for å konsultere om nye planar.

I arbeidet med å forbetre skattleggingsmønsteret i Nordsjøen, har utkast av fisk vore ei utfordring. EU har til no praktisert eit utkastpåbod, medan utkast av fisk er forbode i Noreg.

Gjennom forvaltningssamarbeidet med EU har vi etter kvart vorte einige om tiltak for å redusere utkast, mellom anna har EU innført forbod mot utsortering (high-grading). Noreg og EU har også kvar sine system for stenging og opning av fiskefelt for å verne yngel og småfisk.

EU har vedteke ein reform av sin felles fiskeripolitikk som mellom anna inneber forbod mot utkast av fisk. Sjølv om reformvedtaket inneheld fleire unntak er det eit viktig steg i riktig retning. Forbodet har vorte implementert stegvis og vil vere ferdig i 2019.

Internt i EU er vedtak av forvaltningsplanar no ein del av medråderettsprosedyrane med Parlamentet. I tillegg blir fleire avgjersler no gjenstand for regionale prosedyrar. Dette kan bli ei utfordring i vårt samarbeid om forvaltningsplanar for fellesbestandane.

Kontroll

Arbeidet for skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket er ei viktig oppgåve. Dette skjer til dømes ved å utveksle fangststatistikk og landingsdata, inklusiv fiskeriaktivitet frå tredjeland, ved å utveksle observatørar som kontrollerer og overvaker, og ved satellittsporing av fiskefartøy. I tillegg til satellittsporing er elektronisk fangstrapportering viktig i samband med kontroll. Noreg og EU har ein avtale om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske i kvarandre sine soner. Det blir lagt særleg stor vekt på kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Noreg og EU er einige om å halde fram med samarbeidet om kontroll, og nytt for 2018 er at partane er einige om å opprette ei arbeidsgruppe for kontroll av nordsjøbestandar.

2018-avtalen

Noreg og EU underteikna 1. desember 2017 ein kvoteavtale for 2018. Kvotane er noko endra samanlikna med 2017. Kvotane for torsk, sei, hyse, kviting og sild er auka, medan kvoten for raudspette er minka. Byteavtalen vart balansert. For Noreg er det kvotane på sei, sild og torsk som er viktigast. Sjå tabell 3.4 for ei oversikt over kvotane for dei felles forvalta bestandane i Nordsjøen i 2018. Tabellane 3.5–3.7 viser byte av kvotar mellom Noreg og EU, kvotar til EU på norske bestandar nord for 62ºN og kvotar til Noreg frå EU i Grønland si sone.

Tabell 3.4 Kvotar for felles forvalta bestandar i Nordsjøen i 2018 (tonn)

Fiskeslag

TAC

Kvotar til

Noreg

Kvotar til EU

Torsk

43 156

7 337

35 819

Hyse

41 767

9 306

32 461

Sei

105 793

55 262

50 531

Kviting

22 057

1 406

20 651

Raudspette

112 643

7 885

104 758

Nordsjøsild

600 588

174 171

426 417

Tala inkluderer overføring av 300 tonn hyse og 800 tonn kviting frå Noreg til EU og 250 tonn sei frå EU til Noreg.

Tabell 3.5 Byte av kvotar mellom Noreg og EU i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane (tonn)

Fiskeslag

Kvotar til Noreg i EU-sona

Kvotar til EU i norsk sone

Augepål

15 000

Sei

640

Blålange

150

Lange

7 500

1 350

Brosme

2 923

170

Brisling

10 000

Blåkveite

1 100

Kombinert kvote

250

Reker

211

Hestmakrell

2 550

Andre artar

5 750

10 000

Tunge

10

Breiflabb

1 700

Sjøkreps

800

Kolmule

110 000

Tabell 3.6 Kvotar til EU på eksklusive norske bestandar nord for 62ºN i 2018 (tonn)

Fiskeslag

Kvotar

Norsk-arktisk torsk

23 008

Norsk-arktisk hyse

1 200

Sei

2 550

Blåkveite (bifangst)

50

Anna (bifangst)

350

Tabell 3.7 Kvotar til Noreg frå EU i Grønland si sone i 2018 (tonn)

Fiskeslag

Kvotar

Reker

1 500

Blåkveite

1 150

Uer

628

Skolest og isgalt

80

Lodde1

16 016

1 Loddekvoten kan fiskast på Island.

Fisket i Skagerrak/Kattegat

EU forhandlar om fiske i Skagerrak på vegne av Danmark og Sverige.

Avtalen fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.

Noreg og EU vart 1. desember 2017 einige om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2018. Tabell 3.8 viser fordelinga av kvotane.

Tabell 3.8 Kvotar i Skagerrak og Kattegat i 2018 (tonn)

Fiskeslag

TAC

Kvotar til

Noreg

Kvotar

til EU

Torsk

7 995

259

7 736

Hyse

2 569

108

2 461

Kviting

1 050

19

1 031

Raudspette

15 343

307

15 036

Reker

7 333

3 417

3 916

Sild

48 427

6 459

41 968

Brisling

26 624

1 997

24 627

Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 6 659 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2018. Norske fiskarar kan i 2018 fiske inntil 50 prosent av den norske skagerrakkvoten på sild i norsk sone av Nordsjøen.

Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat har tidlegare bygd på trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. Ifølgje denne avtalen var farvatnet utanfor 4 nautiske mil å sjå på som opne hav. I dag har landa territorialfarvatn på 12 nautiske mil og økonomisk sone utanfor det. Det finst såleis ikkje opne hav i Skagerrak. Med sikte på å endre rammeverket, slik at det vart i tråd med moderne havrett, starta Noreg difor ein prosess som etter kvart resulterte i at Noreg sa opp Skagerrak-avtalen i 2009. Overeinskomsten tok slutt 7. august 2012. Ein ny avtale om norsk, dansk og svensk fiske i Skagerrak vart endeleg signert 15. januar 2015.

Sverige

Utvidinga av norsk fiskerijurisdiksjon i 1977 fekk også noko å seie for svenske fiskarar som hadde hatt eit tradisjonelt fiske i Nordsjøen i område som etter 1977 inngjekk i Noregs økonomiske sone. Desse fiskarane hadde ikkje alternativt driftsgrunnlag langs svenskekysten. Dette var bakgrunnen for at Noreg tilbaud Sverige ein nabolandsavtale om fiskeri, som sikra svenske fiskarar retten til å halde fram med fisket i norsk sone i Nordsjøen. Svenske fiskarar får tildelt kvotar på torsk, hyse, kviting, lyr, sei, sild, makrell, reker og industrifisk. Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil, og det har såleis ikkje blitt opna for nye fiskeri.

Kvoteavtalen om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen i 2018 vart underskriven av Noreg og EU 1. desember 2017. Sjå tabell 3.9 for ei oversikt over kvotane. Kvotane er med nokre få små endringar ei vidareføring av nivået frå 2017.

3.2.3 Noreg – Færøyane

Noreg og Færøyane vart 4. desember 2017 einige om ein tosidig avtale om fiskerisamarbeid og kvotebyte for 2018. Avtalen byggjer på ein rammeavtale frå 1979 om gjensidige fiskerettar. Strukturen i bytet går grovt sett ut på at Færøyane får torsk, sei og hyse i Barentshavet, medan Noreg får botnfisk og makrell av Færøyane. I tillegg får Noreg fiske delar av sin kolmulekvote i færøysk fiskerisone mot at Færøyane får fiske noko torsk og hyse som dei har bytt til seg frå Russland i norske farvatn.

Tabell 3.9 Kvotar til Sverige i norske farvatn i 2018 (tonn)1

Norsk økonomisk sone sør for 62ºN

Kvotar

Torsk

382

Hyse

707

Sei

880

Lyr og kviting

190

Reker

123

Sild

1 239

Makrell

354

Industrifisk (øyepål, kolmule, tobis)

800

1 Andre fiskeslag skal vere på eit tradisjonelt nivå.

Norske fiskarar får ein kvote for 2018 på 2 200 tonn lange/blålange, 1 801 tonn brosme, 150 tonn sei, 800 tonn andre artar som bifangst, samt 5 979 tonn makrell. Makrellkvoten kan også fiskast i Noreg si økonomiske sone eller på det opne hav. I tillegg kan norske fartøy fiske 32 640 tonn kolmule av Noregs kolmulekvote i færøysk fiskerisone. Færøyane får ein kvote på 4 610 tonn torsk, 1 075 tonn hyse, 500 tonn sei og 200 tonn andre artar i norsk økonomisk sone. Av kvotar som dei har fått gjennom byteavtalen med Russland, kan Færøyane i tillegg fiske opp til 3 755 tonn torsk og 325 tonn hyse i norske farvatn.

3.2.4 Noreg – Grønland

Noreg og Grønland vart 13. desember 2017 einige om ein tosidig avtale om gjensidige fiskekvotar for 2018. Avtalen byggjer på ein rammeavtale frå 1992. Samarbeidet på fiskeriområdet med Grønland fungerer godt, og omfattar også kontrollsamarbeid og forskingssamarbeid. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite, uer og torsk av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg mellom anna reker, blåkveite og uer frå EU i grønlandske farvatn.

Grønlandske fiskarar kan fiske følgjande kvanta i norske jurisdiksjonsområde i 2018: 4 000 tonn nordaust-arktisk torsk, 900 tonn nordaust-arktisk hyse, 500 tonn norsk-arktisk sei og inntil 300 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Som ein del av avtalen kan grønlandske fiskarar ta delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noreg si økonomiske sone nord for 62ºN, under føresetnad av at Russland godtek ei slik ordning.

I avtalen forpliktar Grønland seg til å avgrense det totale fisket sitt i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noreg og Russland sitt jurisdiksjonsområde.

Dei norske kvotane i Grønlands økonomiske sone er noko endra frå 2017 til 2018.

I 2018 kan Noreg fiske følgjande kvanta i Grønland si sone:

  • Ved Vest-Grønland: 900 tonn blåkveite. Ved fiske etter blåkveite ved Vest-Grønland kan trålfisket berre skje sør for 64º30'N.

  • Ved Aust-Grønland: 400 tonn blåkveite, 1 000 tonn uer fiska med botntrål/line, 340 tonn brosme, 100 tonn skolest, 10 tonn kveite og 150 tonn bifangst av andre artar.

  • Ved Aust- og Vest-Grønland: 1 200 tonn torsk.

Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005. Avtalen er vidareført i 2018. Partane er òg einige om å vidareføre samarbeidet om å etablere elektronisk fangstdagbok med intensjon om å oppnå gjensidig rapportering i kvarandre sine soner så snart som mogleg.

Forskingssamarbeidet vert vidareført for blåkveite, torsk, uer og makrell. Partane er også einige om å halde fram samarbeidet om klimaendringane sin effekt på fiskebestandane i Vest-Norden.

3.2.5 Noreg – Island (Smottholavtalen)

Noreg, Island og Russland inngjekk i 1999 ein trepartsavtale om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet (Smottholavtalen). Gjennom denne avtalen greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet.

Ein protokoll til Smottholavtalen regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg. Etter denne protokollen kan Island i sesongen 2018 fiske 7 055 tonn nordaust-arktisk torsk i Noreg si økonomiske sone nord for 62ºN. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 prosent.

Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Islands økonomiske sone. Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten blir justert i takt med totalkvoten for nordaust-arktisk torsk. For 2017/2018 er loddekvoten 31 024 tonn, om lag det same som i fjor.

Smottholavtalen er gyldig i fire år, og neste tidspunkt det kan vere aktuelt å reforhandle den er i 2018.

3.3 Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar

3.3.1 Forvaltninga av norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild (nvg-sild) har vore den største fiskebestanden i Nord-Atlanteren og den største sildebestanden i verda. Bestanden er no på eit lågare nivå enn tidlegare.

18. januar 2007 vart det underteikna ein ny kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvaltninga av nvg-sild. Denne avtalen gav Noreg 61 prosent av nvg-silda. Avtalen inneheldt òg den same langsiktige forvaltningsplanen partane vart einige om under den tidlegare avtalen frå 1996. Partane var i tillegg einige om tosidige avtalar om sonetilgang.

Færøyane har dei siste åra kravd ein høgare del av den totale kvoten, noko som har ført til at heile spørsmålet om delinga mellom partane blei opna på nytt. Kyststatane har forhandla om delinga i fleire forhandlingsrundar, men har ikkje klart å bli einige om ein ny fempartsavtale.

I 2013 og 2014 inngjekk Noreg, EU, Island og Russland ein firepartsavtale med ein kvote til Færøyane basert på deira tradisjonelle del av silda. For 2015 og 2016 derimot inngjekk ikkje partane firepartsavtalar. For 2017 inngjekk alle fem kyststatane ein avtale om totalkvote (TAC). På bakgrunn av Færøyane sin auke av eigen eigarpart på kolmule, vedtok Noreg å auke sin eigarpart for nvg-sild frå 61 prosent til 67 prosent for 2017, basert på nvg-silda si sonetilhøyrsle til norske farvatn.

Etter funn av ein konverteringsfeil i bestandsberekningsmodellen blei rådet for 2018 trekt tilbake. Det blei utarbeida eit nytt kvoteråd, og kyststatane kunne 7. desember 2017 signere ein fempartsavtale om ein totalkvote (TAC) på 435 000 tonn. I mangel av semje om fordeling, vart partane sine kvotar fastsett unilateralt. Med utgangspunkt i ein felles kyststatsrapport om nvg-silda si sonetilhøyrsle har Noreg sett ein kvote for 2018 som inneber ein eigarpart på 70 prosent.

I avtalen vart kyststatane også samde om å sende ein førespurnad til ICES med tanke på revisjon av referansepunkta for nvg-sild. Referansepunkta vil danne grunnlag for ein revisjon av forvaltningsplanen som er planlagd i løpet av hausten 2018, slik at ny kvoterådgjeving frå Det internasjonale råd for havforsking for 2019 kan ta utgangspunkt i ein ny forvaltningsplan.

Figur 3.6 Sildefiske

Figur 3.6 Sildefiske

Foto: Gunn Norvik, Noregs sjømatråd

I mangel på semje mellom alle partane inngjekk Noreg og EU 7. desember 2017 ein bilateral soneadgangsavtale for nvg-sild og kolmule for 2018. Avtalen gjev begge partar tilgang til å fiske delar av sine tradisjonelle kvotedelar av kyststatskvotane i kvarandre sine farvatn. Kvotane bind ikkje partane opp med omsyn til framtidige forhandlingar om delar.

I ein situasjon utan avtalar om deling av andelar for 2018 er det positivt at Noreg og EU har ein avtale som gjev noko stabilitet for fiskarane i 2018. I tillegg gjev Noreg Russland tilgang til å fiske den russiske kvoten i norsk sone for å unngå fiske på småfisk i russisk sone.

3.3.2 Forvaltninga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Ein trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart underteikna 12. juni 1989. Etter dette har rammeavtalen om reguleringane i loddefisket vore forhandla på nytt tre gonger. Dei mest sentrale elementa i denne avtalen omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde, og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i sonene til dei andre partane kvar loddesesong.

Island valde å seie opp trepartsavtalen i 2002, med verknad frå mai 2003. På grunn av oppseiinga vart det opna nye forhandlingar mellom partane i juni 2003. Forhandlingane førde fram til ein ny avtale basert på hovudelementa i den tidlegare avtalen. Avtalen gjeld no berre for eitt år om gongen, i motsetnad til den gamle avtalen som var gjeldande for tre år om gongen.

Etter forhandlingane mellom Island, Grønland og Noreg i 2015 vart Island og Noreg mellom anna einige om betre vilkår for det norske vinterfisket i den islandske økonomiske sona (IØS) for sesongen 2015/2016. No kan 100 prosent av den norske kyststatsdelen av lodda fiskast i IØS, mot tidlegare 35 prosent. Noreg kan også fiske overføringar av lodde frå Grønland/EU i islandsk sone. Fiskeperioden er utvida med ei veke.

Figur 3.7 Loddefiske

Figur 3.7 Loddefiske

Foto: Johan Wildhagen, Noregs sjømatråd

Grønland meiner at sonetilhøyrslerapportar viser at dei har krav på ein større del av den totale kvoten enn det dei har per i dag. Partane har difor møttest til forhandlingar ei rekkje gongar dei seinare åra, seinast i oktober 2017, der sonetilhøyrsle, deling, og forvaltning har vore hovudtema. Partane har ikkje kome i mål med desse spørsmåla endå, og det er planlagt eit nytt møte i Reykjavik andre kvartal i 2018.

Basert på resultat etter tokt i september og oktober 2017 er det sett ein foreløpig kvote på 16 640 tonn for sesongen 2017/2018. Etter eit nytt tokt i januar 2018 vart totalkvoten (TAC) justert opp til 208 000 tonn. Noreg bistod under toktet, blant anna med bestandsberekningar og akustisk mengdemåling.

3.3.3 Forvaltninga av kolmule

Etter fleire år med forhandlingar inngjekk kyststatane EU, Noreg, Island og Færøyane ein rammeavtale om forvaltninga av kolmule 16. desember 2005. Dette har vore følgt opp med årlege kvoteavtalar. Fordelinga var slik at ein først avsette ei viss mengd til fiske i internasjonalt farvatn (Russland og Grønland) og så delte kyststatane det resterande kvantumet.

Etter initiativ frå EU har partane utarbeidd ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Med utgangspunkt i rapporten krev EU ein høgare del av totalkvoten. Færøyane har følgt opp og krev også ein høgare del. Kyststatane har forhandla i fleire rundar dei seinaste åra om ei ny deling av totalkvoten. Fram til no har dette ikkje lukkast. I forhandlingane for 2017 greidde partane likevel å verte samde både om storleiken på totalkvoten og ein ny forvaltningsplan for fisket. Dette sikrar at alle kyststatane har eit felles utgangspunkt når dei fastsett sine respektive kvotar. Planen er evaluert av ICES og reknast for å vere innanfor føre-var-rammer.

I forhandlingane for 2018 vart partane samde om ei totalkvote (TAC) på 1 342 330 tonn. Denne er basert på ICES si rådgjeving og forvaltningsplanen som er evaluert av ICES. Partane er framleis ikkje einige om delinga av totalkvoten, så partane fastset sine kvotar unilateralt. Noreg har sett ein kvote for 2018 på 26,25 prosent av TAC etter avsetnad til NEAFC for fiske i internasjonalt farvatn. Den norske kvoten er basert på tradisjonell andel.

Som for 2017, inngjekk Noreg og EU 7. desember 2017 ein bilateral soneadgangsavtale om nvg-sild og kolmule for 2018. Avtalen gjev begge partar tilgang til å fiske delar av sine kyststatskvotar i kvarandre sine farvatn. Kvotane bind ikkje partane opp med omsyn til framtidige forhandlingar om delar.

I ein situasjon utan avtalar om deling av andelar for 2018 er det positivt at Noreg og EU har ein avtale som gjev noko stabilitet for 2018.

3.3.4 Forvaltninga av makrell

Noreg, Færøyane og EU inngjekk i perioden 1999–2009 årlege trepartsavtalar om forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Partane vart ikkje einige om ein ny avtale for 2010. Bakgrunnen var at Færøyane ynskte ein større del av totalkvoten. I tillegg la Island fram krav som kyststat. Noreg og EU inngjekk difor 26. januar 2010 ein tiårig prinsippavtale om forvaltninga av makrell. Avtalen omfattar mellom anna fordeling mellom Noreg og EU og gjensidig soneadgang.

I perioden 2010–2014 gjennomførte Noreg, EU, Færøyane og Island 20 rundar med drøftingar utan at partane vart samde om ein ny kyststatsavtale om framtidig fordeling og forvaltning av makrell. Russland deltok som observatør. I mangel på fullverdige kyststatsavtalar, inngjekk Noreg og EU årlege tosidige avtalar om forvaltning av makrell for åra 2010–2013.

Då det i mars 2014 vart klart at ein heller ikkje for 2014 vart samde om ein kyststatsavtale, inngjekk Noreg, EU og Færøyane i staden ein trepartsavtale. Ein ny rammeavtale mellom dei tre partane om fordeling og forvaltning av makrell vart difor underteikna 12. mars 2014. Avtalen gjeld for fem år og partane er samde om å halde fast på den relative fordelinga seg imellom i avtaleperioden. I tilknyting til trepartsavtalen vart Noreg og Færøyane samde om gjensidig soneadgang. Den gjensidige soneadgangen som Noreg har hatt med EU gjennom den tosidige avtalen er også ført vidare.

Ein har seinare gjort fleire forsøk på å inkludere Island i trepartsavtalen, men ikkje lukkast med dette. Grønland har òg delteke i dei årlege forhandlingane, då det har utvikla seg eit makrellfiske i grønlandsk farvatn, men utan at partane har blitt samde om ein felles avtale.

Figur 3.8 Makrellfiske

Figur 3.8 Makrellfiske

Foto: Johan Wildhagen, Noregs sjømatråd

Noreg, EU og Færøyane har difor frå og med 2015 inngått årlege avtalar om forvaltninga av makrell i tråd med rammeavtalen frå 12. mars 2014. Hausten 2015 vart dei tre partane dessutan samde om ein forvaltningsplan for makrell. Den nye forvaltningsplanen vart fastsett hausten 2017 på grunnlag av ein såkalla benchmark for makrell frå ICES. Med utgangspunkt i den nye forvaltningsplanen fastsette dei tre partane ein totalkvote for 2018 på 816 797 tonn, ein nedgang på 20 prosent frå totalkvoten for 2017. Innanfor dette kvantumet er det sett av eit kvantum på 15,6 prosent til andre kyststatar og fiskeripartar – i praksis Grønland, Island og Russland. Norsk kvote for 2018 er på 183 857 tonn, som svarar til 26,67 prosent av delen til dei tre partane i avtalen.

3.3.5 Forvaltninga av uer

Det finst fleire artar av uer i Nordaust-Atlanteren. Det er størst kommersiell interesse knytt til snabeluerbestandane i Irmingerhavet, i Barentshavet og i Norskehavet. Desse blir utnytta av fleire statar.

Snabeluer i Barentshavet og Norskehavet

I 2005 starta eit nytt fiskeri etter snabeluer på det opne hav i Norskehavet. Bestanden som det blir fiska på er hovudsakleg i norsk sone, men delar av bestanden dreg på næringsvandring i område utanfor norsk fiskerijurisdiksjon i om lag tre månader om hausten. ICES har for 2018 tilrådd ein kvote på 32 658 tonn.

NEAFC sette i 2008 i gang ei uavhengig utgreiing med tanke på å etablere eit vitskapleg fundament for ein fordelingsnøkkel. Rapporten konkluderte med at sonetilhøyrsla til Noreg ligg på rundt 74 prosent. Russland er også kyststat til snabelueren, og Noreg og Russland vart i oktober 2014 einige om ein fordeling av bestanden: 72 prosent til Noreg, 18 prosent til Russland, 5,9 prosent til det opne hav i Norskehavet og 4,1 prosent til tredjeland sin bifangst i fiskevernsona rundt Svalbard.

Det har vore halde fleire møter i NEAFC, seinast i oktober 2017, med sikte på å verte einige med ikkje-kyststatane om kor stor del av kvoten som skal setjast av til fiske på det opne hav i Norskehavet. Island støtta det norske og russiske synet, men EU og Danmark på vegne av Færøyane og Grønland stod framleis langt frå kyststatane sin posisjon, og møtet vart utan resultat. Følgeleg vart partane heller ikkje einige om ei regulering for det opne hav under årsmøtet i NEAFC (sjå nærare omtale av årsmøtet i kapittel 3.4.1). Arbeidet med å få aksept i NEAFC for den avsetjinga Noreg og Russland er einige om til fiske på det opne hav, og såleis ei betre forvaltning av ueren, vil halde fram. Noreg har sett ein kvote på 19 514 tonn til fiske i eiga sone.

Snabeluer i Irmingerhavet

Partane i prosessen om fordeling og regulering av snabeluer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane og ikkje-kyststatane EU, Noreg og Russland. Alle partane utanom Russland og Island vart i november 2017 einige om å ikkje hauste meir enn 6 500 tonn i 2018. Russland var ueinig i forslaget. Island avstod frå å røyste fordi dei primært meiner at fisket bør stansast fullt ut. Noreg har 3,85 prosent av den samla kvoten.

Det samla uttaket har i lang tid vore altfor høgt. Uttaket var òg i 2017 vesentleg høgare enn ICES si tilråding, fordi Russland, som ikkje godtek fordelingsnøkkelen og ICES si rådgjeving, har gjeve seg sjølv ein svært høg kvote. Heller ikkje for 2018 er Russland part i avtalen.

3.4 Internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonar

3.4.1 NEAFC

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen skal sørgje for ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Kommisjonen skal leggje til rette for ei samfunnsøkonomisk optimal og miljøvenleg utnytting av fiskebestandane. Partane til NEAFC er Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland), EU, Island, Noreg og Russland. Sekretariatet ligg i London.

Den viktigaste oppgåva til NEAFC er å vere med å utvikle ei meir økosystembasert forvaltning av havområda og gode regionale kontrollregime. Myndigheitsområda til NEAFC (vanlegvis kalla reguleringsområdet) er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor partane sine økonomiske soner. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor partane sine økonomiske soner, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part dersom vedkomande part ynskjer det og støttar at det blir sett i verk eit reguleringstiltak. NEAFC-konvensjonen gjeld i utgangspunktet for alle fiskeressursar i konvensjonsområdet. Unntaket er sjøpattedyr og langtmigrerande artar dersom dei er omfatta av andre internasjonale avtalar (til dømes tunfisk).

Figur 3.9 NEAFC sitt konvensjonsområde ligg innanfor dei stipla linjene, myndigheitsområde er merka i oransje

Figur 3.9 NEAFC sitt konvensjonsområde ligg innanfor dei stipla linjene, myndigheitsområde er merka i oransje

Evaluering

I åra 2012–2014 vart det gjort ei uavhengig evaluering av NEAFC sitt arbeid. Dette var andre gong NEAFC gjennomførte ein såkalla performance review, og som oppfølging av denne vart det blant anna nedsett to arbeidsgrupper; éi som skulle sjå nærare på fastsetjing av generelle fordelingskriterium for alle bestandar i Nordaust-Atlanteren og éi som skulle sjå nærare på fastsetjing av retningslinjer for korleis forhandlingsprosessar skal gå føre seg. På bakgrunn av arbeidet i gruppene, vedtok partane på årsmøtet i 2017 retningslinjer for korleis kyststatsforhandlingar skal gå føre seg.

Fiskerireguleringar for 2018

NEAFC har i første rekkje ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partar sine økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer. Det blir vanlegvis inngått kyststatsavtalar for desse bestandane. Dei er omtala i kapitla ovanfor.

Gjennom kyststatsavtalane for kolmule, norsk vårgytande sild og makrell, blir det sett av ein del til fiske i NEAFC sitt reguleringsområde for ikkje-kyststatar. I tillegg til dette kan kyststatane fiske sine delar av totalkvotane av dei enkelte artane i internasjonalt farvatn. Basert på forslag frå kyststatane, vedtek kommisjonen regulering av fisket etter dei enkelte artane i internasjonalt farvatn.

Ettersom forhandlingane om kyststatsavtalar for kolmule og norsk vårgytande sild ikkje var avslutta før årsmøtet, vart det for 2018 vedtatt foreløpige reguleringar utan kvantumsavgrensingar for desse artane. Reguleringane sikrar rapportering og hindrar ekspansjon i fisket av partar som ikkje er kontraktspartar til NEAFC. Det er venta at nye reguleringar for 2018, som er i tråd med kyststatsavtalane for høvesvis kolmule og norsk vårgytande sild, vil bli vedtatt ved postavstemming. Når det gjeld makrell, er kyststatane ikkje einige om ein avtale for 2018 som omfattar alle partar. Årsmøtet vedtok difor ei regulering for internasjonalt farvatn utan kvantumsavgrensingar. Reguleringa sikrar rapportering og hindrar ekspansjon i fisket av partar som ikkje er kontraktspartar til NEAFC.

Noreg og Russland er kyststatar til snabelueren i Norskehavet og vart i oktober 2014 einige om ei fordeling av bestanden på bakgrunn av ein sonetilhøyrslerapport utarbeidd av forskarar frå NEAFC-landa. Avtalen inneheld også ein kvote til internasjonalt farvatn. I tråd med tilrådinga frå ICES og kvoten som er sett av i avtalen, la difor Noreg og Russland fram forslag om ei NEAFC-regulering for 2018. Forslaget fekk ikkje fleirtal fordi dei andre NEAFC-partane ikkje er einige i kvoten som Noreg og Russland har avsett til fiske i internasjonalt farvatn. Resultatet av dette er at det ikkje er fastsett noka regulering av snabeluer i den internasjonale delen av Norskehavet for 2018.

Partane i prosessen om fordeling og regulering av snabeluer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane, og ikkje-kyststatane EU, Noreg og Russland. Alle partane utanom Russland og Island vart under årsmøtet i 2017 einige om å ikkje hauste meir enn 6 500 tonn i 2018. Island avstod frå å stemme, då dei primært meiner at fisket bør stansast fullt ut. Russland er ikkje einig i spørsmålet om fordeling eller ICES si rådgjeving, og støtta difor ikkje forslaget.

På årsmøtet i 2017 vedtok NEAFC også ei ny regulering av djuphavsartar, som skal forhindre uynskt ekspansjon av fiske etter nye og lite utnytta artar, samt sikre datainnsamling. Kontraktspartane vart også, mot éi stemme, einige om reguleringar for skolestfiskeria i NEAFC sitt reguleringsområde. Partane vart ikkje einige om å vidareføre forbodet mot fisket etter rød keiserfisk (Hoplostethus atlanticus, engelsk: orange roughy).

Områdeforvaltning

NEAFC vedtok for første gong i 2004 å stenge enkelte område for botntråling og fastståande reiskapar for å verne sårbare marine økosystem. I dei følgjande åra har kommisjonen med jamne mellomrom gjort justeringar i områda og stengt nye område i tråd med tilrådingar frå ICES. Det er no i alt 13 område innanfor NEAFC sitt reguleringsområde som er stengt for botnfiske. Sjå kart i kapittel 2.5 om internasjonale havmiljøprosessar.

Alle tiltaka som er vedtekne om marine verneområde og botnfiske er element i NEAFC si oppfølging av fiskeriresolusjonen til FN frå 2006 og FAO sine retningslinjer om botnfiske frå 2008. NEAFC vedtok i 2014 eit nytt og betre regelverk for botnfiske. I tillegg til å liste opp dei stengte områda, definerer regelverket kva for område som per i dag er rekna for å vere eksisterande fiskeområde, og dermed opne for fiske. For å kunne fiske i områda som ligg utanfor eksisterande fiskeområde, men som ikkje er stengde for å verne sårbare marine økosystem, stiller regelverket strenge krav. Det er krav som seier at det skal gjennomførast konsekvensutgreiingar før det er aktuelt å vurdere eit forsøksfiske. Dersom fartøy støyter bort i sårbare marine økosystem (korallar og svamp) pliktar dei å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare økosystem.

Noreg og Russland er einige om at snøkrabben er ein sedentær art som skal forvaltast i tråd med havretten sine reglar for sokkeljurisdiksjon. Det betyr at heile den delen av NEAFC sitt reguleringsområde som ligg i Smottholet er underlagt sokkelstatane sin nasjonale jurisdiksjon når det gjeld snøkrabbe og andre sedentære artar.

Kontrollsamarbeid

Kampen mot urapportert, uregulert og ulovleg fiske har vore høgt prioritert i NEAFC i fleire år. Arbeidet har resultert i eit omfattande kontroll- og handhevingsregelverk, som mellom anna inneheld krav til satelittsporing, rapporteringsplikter, reglar om inspeksjon til sjøs, hamnestatskontroll og svartelisting. Etter at kommisjonen på årsmøtet i 2014 vedtok å utvide verkeområdet for NEAFC sitt system for hamnestatskontroll, er dette no fullt på linje med den internasjonale hamnestatsavtalen forhandla fram under FAO.

For ytterlegare å styrke kontrollsamarbeidet i NEAFC, vedtok årsmøtet i 2017, etter norsk initiativ, at alle NEAFC sine kontraktspartar skal gjennomføre ei sjølvevaluering av korleis dei oppfyller sitt flaggstatsansvar i tråd med FAO sine retningslinjer for flaggstatsansvar. Rapportar frå sjølvevalueringane skal leggast fram for NEAFC sin faste komité for overvaking og etterleving (PECMAC) i 2019.

3.4.2 NAFO

Det overordna målet til Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO) er å bidra til langsiktig bevaring, optimal utnytting og rasjonell forvaltning av fiskeressursane i konvensjonsområdet. NAFO har 12 medlemsland frå Nord-Amerika, Europa, Asia og Karibia, inkludert EU på vegne av dei 28 medlemslanda. Fire av medlemslanda er kyststatar i konvensjonsområdet: USA, Canada, Frankrike (på vegne av Saint-Pierre og Miquelon) og Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland). NAFO-sekretariatet ligg i Dartmouth i Canada.

Figur 3.10 NAFO sitt konvensjonsområde

Figur 3.10 NAFO sitt konvensjonsområde

NAFO har i dei seinare åra lagt vekt på å modernisere organisasjonen og har innført nødvendige endringar av NAFO-konvensjonen. Den nye konvensjonen frå 2008 tek mellom anna omsyn til føre-var-prinsippet, økosystembasert forvaltning, etablering av ein mekanisme for tvisteløysing og strukturelle endringar av organisasjonen. Noreg ratifisert den reviderte konvensjonen i 2009, og konvensjonen tredde i kraft 18. mai 2017.

Fastsette kvotar for 2018

Etter ti år med fiskeforbod (moratorium) vart direktefisket etter torsk i reguleringsområde 3M (sjå kart i figur 3.13) opna igjen i 2010. Total fangst for 2018 og 2019 er sett til høvesvis 11 145 og 8 182 tonn. Noreg sin del er på 9,25 prosent.

Noreg har sidan 1993 fiska reker på Flemish Kapp. Det har gått føre seg to separate rekefiskeri i dette området, eitt i reguleringsområde 3M og eitt i reguleringsområde 3L. På grunn av den dårlege bestandssituasjonen vedtok NAFO, i tråd med havforskarane si tilråding, å stoppe rekefisket i område 3M i 2011. Forskarane har sidan stadfesta den sviktande bestandssituasjonen i rådgjevinga, og tilrådd ei vidareføring av moratoriet. Under årsmøtet i 2017 blei det vedtatt å følgje denne tilrådinga i 2018.

I åra før 2011 låg totalkvoten for reker i reguleringsområde 3L på 30 000 tonn. For 2011 tilrådde vitskapskomiteen i NAFO å redusere den totale fangsten. Partane var i åra etter einige om behovet for ein reduksjon, men vart ikkje einige om å redusere den totalt tillate fangsten like mykje som forskarane tilrådde. Noreg og fleire land røysta imot å fastsetje høgare rekekvotar enn det tilrådinga frå forskarane sa. Då bestanden vart ytterlegare redusert, vart partane på årsmøtet i 2014 einige om å innføre fiskeforbod også for denne bestanden. Rådgjevinga for 2018 stadfesta den sviktande bestandssituasjonen og årsmøtet vedtok ei vidareføring av moratoriet for 2018.

Noreg har kvoterettar i NAFO på 30 prosent av totalkvoten for lodde i reguleringsområde 3NO. Grunna den dårlege bestandssituasjonen har det lenge vore forbode å drive direktefiske på denne arten.

Bestandsevalueringa for blåkveite har lenge vore usikker. Ei arbeidsgruppe har difor vurdert alternative forvaltningsstrategiar og haustingsreglar og ein ny forvaltningsplan for blåkveite vart vedtatt under årsmøtet 2017. For 2018 vart det fastsett ein totalt tillaten fangst på 16 500 tonn. Dette er i tråd med den nye forvaltningsplanen. Noreg har ingen del i denne bestanden, men når totalkvoten kjem opp på 30 000 tonn eller meir, har Noreg rett til å fiske på ein eigen kvote som blir sett av til land utan fast kvotedel.

Etter initiativ frå Noreg og Island vedtok NAFO på årsmøtet i 2017 å starte ein prosess med sikte på å minimere utkast av fisk.

Regulering av fiske med botnreiskapar

I tråd med fiskeriresolusjonen som FN vedtok i 2006 (UNGA 61/105), har NAFO lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem blir skåna. NAFO har òg arbeidd med å setje i verk FAO sine retningslinjer for djuphavsfiske på det opne hav.

Ulike område i konvensjonsområdet er delt inn i tre kategoriar: noverande område, stengde område og nye fiskeområde. NAFO har formelt vedteke eit kart som viser dei noverande fiskeområda. Det blir stilt særleg strenge krav til fisket i nye område, men også i noverande fiskeområde er det strenge miljøkrav. Det gjeld særleg dersom ein ynskjer å nytte nye reiskapstypar eller dersom ny vitskapleg informasjon seier at dagens fiskepraksis bør endrast.

I dag er i alt 21 NAFO-område stengde for fiske med botnreiskapar for å verne konsentrasjonar av korallar og svamp som har særleg sårbare økosystem. Stengingane gjeld også fleire område med undersjøiske fjell.

NAFO har i tillegg vedteke regelverk for kva fartøya skal gjere dersom reiskapar kjem i kontakt med sårbare økosystem under fiske. Fartøy pliktar ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare marine økosystem. I utgangspunktet er fiske med botnreiskapar ikkje tillate i dei nye områda. Det er likevel høve til eit forsøksfiske, men dette er strengt regulert. Mellom anna er det plikt til å ha ein vitskapleg observatør om bord. På grunnlag av rapportar frå forsøksfiske og vitskapleg rådgjeving kan NAFO opne for generelt fiske i avgrensa område.

Kontrollsamarbeid

Kampen mot urapportert, uregulert og ulovleg fiske (UUU-fiske) har hatt høg prioritet i NAFO i fleire år. Arbeidet har resultert i eit omfattande kontroll- og handhevingsregelverk, som mellom anna inneheld krav til satellittsporing, rapporteringsplikter, reglar om inspeksjon til sjøs, hamnestatskontroll, svartelisting og eit observatørprogram.

NAFO vedtok på årsmøtet i 2016 endringar i reglane om hamnestatskontroll som innebar implementering av FAOs hamnestatsavtale mot UUU-fiske.

3.4.3 IWC

Noreg er ein av dei opphavlege partane til konvensjonen om regulering av kvalfangst av 1946, som regulerer fangst og bevaring av større kvalartar. Konvensjonen har i dag 87 partar. Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) er overvakingsorganet til konvensjonen. IWC har som hovudoppgåve å sikre ei berekraftig forvaltning og bevaring av dei større kvalartane. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot forbodet og er difor ikkje bunden av det. Frå 1994 til 2006 forsøkte IWC å få på plass eit revidert forvaltningsregime for å opne for kommersiell kvalfangst utan å lukkast.

Forskarane i IWC har etablert prosedyrar for å vurdere dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Kvoteutrekningsmodellane er konservative for å sikre ei føre-var-tilnærming. Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i IWC sin vitskapskomité. Årets kvote er på 1 278 vågekval, ein auke på 279 kval i forhold til 2017. Kvoten kan fangast i heile forvaltningsområdet til IWC, som er noko større enn havområda under norsk jurisdiksjon. Det vil seie at det også kan drivast fangst i internasjonalt farvatn mellom Noregs økonomiske sone og fiskerisona ved Jan Mayen.

I tråd med kvoteberekningsmodellen skal vågekvalbestanden vurderast på nytt i vitskapskomiteen til IWC kvart sjette år på grunnlag av teljingar som er gjennomførte dei siste seks åra. Samstundes skal oppdelinga av havområdet i underområde vurderast på nytt (sjå figur 3.11). Vitskapskomiteen starta ein ny gjennomgang av det norske fangstgrunnlaget i 2014. Oppdelinga i småområder vart grundig diskutert under møtet i vitskapskomiteen i Slovenia i mai 2014. Komiteen konkluderte med at nye genetiske analysar ikkje gjev grunnlag for å dele opp i underområde for Barentshavet (EB), Svalbardområdet (ES) og Norskehavet (EW). Komiteen ynskte derimot at Nordsjøen (EN) framleis skal vere eit eige underområde. Endelege bestandstal med usikkerheit for teljeperioden 2008–2013 vart godkjende av Vitskapskomiteen ved årsmøtet i 2015. Tilpassingar av simuleringsmodellane til fangstar, bestandstal og biologiske data for å teste forvaltningsstrategiar har teke mykje tid og vart fullført ved årsmøtet i 2017. Med utgangspunkt i den reviderte forvaltningsprosedyren vil ein ha ei gjennomgåande trygg forvaltning av vågekvalen. Den neste vurderinga med omsyn til vågekval i våre område vil starte i 2022.

Figur 3.11 Underområde i forvaltninga av vågekval

Figur 3.11 Underområde i forvaltninga av vågekval

3.4.4 NAMMCO

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO) vart etablert i 1992. Hovudgrunnane for å etablere organisasjonen var å leggje til rette for internasjonalt samarbeid på dei områda der Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) ikkje har kompetanse (småkval, sel og kvalross), samt sikre ein internasjonal samarbeidsstruktur i tilfelle IWC skulle bryte saman.

Hovudoppgåva til NAMMCO er å arbeide for vern og forvaltning av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren basert på vitskaplege råd. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men omfattar òg dei store kvalartane. Noreg, Færøyane, Grønland og Island er medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, og Canada og Russland tek aktivt del i arbeidsgruppene.

NAMMCO har lukkast godt i arbeidet med å forbetre fangstmetodar – eit arbeid som er av interesse langt utover medlemslanda i organisasjonen. Representantar frå alle dei nordiske landa, samt Japan, USA og Canada, deltek i dette arbeidet. Resultata gjev grunnlag for å forbetre fangstmetodane og setje standardar for fangst på sjøpattedyr, og Noreg har no utarbeidd ein standard for bruk av våpen i vågekvalfangsten. Vitskapskomiteen i NAMMCO gjev råd og deltek i forskinga på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. Komiteen deltek også i arbeidet med å lage ein plan for å organisere og gjennomføre teljetokt for kval som omfattar heile Nord-Atlanteren.

Figur 3.12 Medlemslanda i NAMMCO

Figur 3.12 Medlemslanda i NAMMCO

3.4.5 CCAMLR

Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR) forvaltar konvensjonen med same namn. CCAMLR-konvensjonen vart vedteken i 1980 med Noreg som ein av grunnleggjarane. Konvensjonen er ein del av Antarktistraktaten og vart gjeldande frå 1982. Sekretariatet og hovudkvarteret til kommisjonen ligg i Hobart på Tasmania i Australia. Hittil er 36 land partar i CCAMLR-konvensjonen, medan EU og 24 land er medlem i CCAMLR-kommisjonen.

CCAMLR sitt mandat om å forvalte dei marine ressursane på ein balansert måte ligg i føremålsparagrafen. Det inneber at prinsippa om vern og rasjonell bruk av ressursane er sidestilte. Føresegna viser at ein ynskjer å leggje til rette for berekraftig fiske i konvensjonsområdet.

CCAMLR har heilt frå starten vore ein viktig aktør i utviklinga av internasjonal havressursforvaltning, og har hatt stor suksess i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske etter patagonisk tannfisk.

Fiskeri

Interessa for å fiske i Antarktis gjeld i hovudsak bestandane av krill og patagonisk tannfisk. CCAMLR vedtek årleg totalkvotar for dei ulike artane, basert på tilrådingar frå vitskapskomiteen til kommisjonen. Kommisjonen kan også på vitskapleg grunnlag fastsetje forbod mot å fiske på enkelte fiskeslag innan eitt eller fleire underområde. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmane. Det er såleis ope for eit «olympisk» fiske, der alle fiskar inntil fisket blir stoppa når totalkvotane er tekne.

Det er store krillressursar i Sørishavet. Ein reknar biomassen til 60 millionar tonn i det området der det blir fiska i dag. I dette området har vitskapskomiteen i CCAMLR tilrådd ein fangst på 5,61 millionar tonn, fordelt på fire underområde. Dei siste åra har totalfangsten av krill vore mellom 100 000 og 270 000 tonn eller om lag 0,3 prosent av anslag for opphavleg biomasse.

Den norske flåten fiskar årleg om lag 60 prosent av den samla fangsten av krill i Sørishavet. Dei norske krillfartøya har alltid med seg ein internasjonal observatør.

Det samla fisket etter tannfisk i Antarktis er avgrensa, og har dei siste åra lege kring 15 000 tonn årleg av dei to artane som vert fiska. Det er eit svært lågt fangstnivå sett i eit internasjonalt perspektiv. Tannfisken blir fiska på djupt vatn, mellom 500 og 2 000 meter. Dette er eit lite, men nokså lønnsamt fiskeri. Noreg har notifisert eitt fartøy for dette fisket i 2018.

Miljø og forsking

Vitskapskomiteen i CCAMLR er sentral i utviklinga av forskingsplanar i Sørishavet, og dette gjeld også forskinga på krill. Noreg gjev viktige bidrag til dette arbeidet. Havforskingsinstituttet starta mellom anna i 2011 eit overvakingsprogram av krill ved Sør-Orknøyane. Ved hjelp av fartøy frå krillindustrien gjennomfører dei eit tokt ei knapp veke i året etter eit fast mønster og med vitskapleg akustisk instrumentering for å vurdere mengda og samansettinga av krillbestanden.

Figur 3.13 CCAMLR sitt konvensjonsområde og dei ulike underområda

Figur 3.13 CCAMLR sitt konvensjonsområde og dei ulike underområda

Figur 3.14 Det nye polare forskingsfartøyet FF Kronprins Haakon

Figur 3.14 Det nye polare forskingsfartøyet FF Kronprins Haakon

Foto: Havforskingsinstituttet

CCAMLR si samla vurdering av krillbestanden byggjer på data frå ei stor basisundersøking så langt attende som i år 2000. Seinare er kunnskapen supplert med ei rekkje enkeltstudiar. Dei viktigaste blir gjennomført årleg i dei tre beste fiskeområda. Ein av desse studiane er det norske toktet med fiskefartøy. Desse undersøkingane dekkjer berre avgrensa delar av utbreiingsområdet til krillen. CCAMLR er likevel trygg på at uttaket av krill er berekraftig i høve til storleiken på bestanden, då fisket er avgrensa samanlikna med både kvotane og bestandsvurderinga. Det viktigaste elementet i reguleringa av krillfisket i dag er omsynet til artar som pingvin og sel, fordi dei konkurrerer med fiskarane om ressursane i nokre område. Dersom vi ynskjer å auke ressursuttaket i Antarktis, krev det vitskaplege undersøkingar som kan gje ei kvantitativ berekning på mengd og konkurransetilhøve.

I 2017 fremma Noreg forslag om å gjennomføre omfattande undersøkingar av krill i 2019, og annonserte planar om ekspedisjon med det nye polare forskingsfartøyet Kronprins Haakon vinteren 2018–2019. I desse krillundersøkingane vil det norske forskingsfartøyet arbeide saman med fartøy og landstasjonar frå andre nasjonar. I tillegg har industriaktørane lova å bidra med omfattande innsats for å sikre god dekning i same område som i 2000. I tillegg til det store toktet, skal undersøkingar i underområde granske tilhøva for landbaserte predatorar som et krill.

Under årsmøtet i 2011 vedtok CCAMLR forvaltningstiltak CM 91/04 som legg fast eit rammeverk for etableringa av marine verneområde i Antarktis.

Etter fleire års arbeid, vart det under årsmøtet i 2016 fatta vedtak om å etablere eit marint verneområde i Rosshavet. Det marine verneområdet dekkjer eit areal på 1,55 millionar kvadratkilometer. Av dette er 1,12 millionar kvadratkilometer (72 prosent) underlagt strengt vern, som betyr at berre eit visst forskingsfiske er tillate.

Verneområdet beskyttar sårbare dyregrupper, inkludert landbaserte toppredatorar som sel og pingvinar, som er avhengige av tilgang til mat i nærleiken av områda dei forplantar seg i. Sårbare botnhabitat og oppvekstområde for yngel og ungfisk blir også ivaretatt.

Verneområdet er utvikla i tråd med den beste tilgjengelege kunnskapen og i tråd med norske prinsipp. Området gjev eit godt grunnlag for balanse mellom vern og berekraftig hausting av marine ressursar i Sørishavet.

Forslag til verneområde er òg under arbeid for områda i Aust-Antarktis, i Weddelhavet og langs Antarktishalvøya. Under ekspedisjonen til forskingsfartøyet Kronprins Haakon til Antarktis i 2018–2019 skal eit av tokta undersøke lite kjende område utanfor Dronning Maud Land som er under vurdering for utvikling av verneområde.

3.4.6 ICCAT

Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT) vart etablert i 1966. Noreg har vore medlem sidan 2004. Denne regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen har ansvar for å bevare og forvalte tunfisk og tunfiskliknande artar i Atlanterhavet og Middelhavet. ICCAT har 52 avtalepartar, inkludert EU på vegne av medlemslanda. Ansvarsområdet til organisasjonen omfattar kring 30 artar, mellom anna makrellstørje, som særleg i 1950-åra vart fiska i store kvanta langs Norskekysten. Overfiske førte til ein kraftig reduksjon i bestanden og førekomstane i våre farvatn var i fleire tiår nærast ikkje-eksisterande. Dei seinaste åra har bestanden likevel tatt seg opp att, og det er igjen makrellstørje i norske farvatn.

På bakgrunn av bestandssituasjonen og fordi totalkvoten vart sett høgare enn tilrådd, hadde Noreg forbod mot fiske og landing av makrellstørje i perioden 2007–2013. Det er no klåre indikasjonar på at den negative trenden er snudd og at tilstanden til bestanden er mykje betre. Det viser mellom anna den auka mengda i våre farvatn. Det blei gjort ei ny vitskapleg vurdering av makrellstørjebestanden i 2017, og på denne bakgrunn vedtok årsmøtet i ICCAT i 2017 ein revidert forvaltningsplan. Det blei fastsatt gradvis aukande totalkvotar for treårsperioden 2018–2020 på høvesvis 28 200 tonn, 32 240 tonn og 36 000 tonn.

Noreg la på årsmøtet i ICCAT fram krav om ein høgare eigarpart i bestanden. Noreg er kyststat til bestanden som etter fleire tiår med fråvær no er tilbake i norsk økonomisk sone. Det norske kravet resulterte i ein gradvis auke av den norske eigarparten frå 2018 til 2020. Noreg får fiske 104 tonn i 2018, 152 tonn i 2019 og 200 tonn i 2020. I 2017 var den norske kvoten på 52,48 tonn, og eitt ringnotfartøy vart gjeve løyve til å delta i direktefisket etter makrellstørje. Fartøyet fikk tildelt ein kvote på 42 tonn, og resten av kvoten blei sett av til bifangst. Heile den norske kvoten på 52,48 tonn blei oppfiska i 2017.

ICCAT har òg vedteke reglar for bifangst av pelagiske haiartar i fisket etter tunfisk og tunfiskliknande artar i heile konvensjonsområdet. Reguleringane omfattar påbod om utkast, men i dei seinaste vedtaka finst det unntak for partar som har påbod om ilandføring som ein del av den generelle fiskerilovgjevinga. For å styrkje forvaltninga i ICCAT er det sett i gong ein prosess for å fornye konvensjonsteksten for at konvensjonen skal harmonisere betre med moderne havrett. Dette arbeidet skulle etter planen vore ferdig i 2016, men partane er framleis ikkje samde om alle endringane, og arbeidet held difor fram i 2018.

3.4.7 SEAFO

Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen (SEAFO) vart etablert i 2001 og har hovudsete i Namibia. Det overordna målet til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i Søraust-Atlanteren. Partane pliktar å innføre tiltak i konvensjonsområdet for å nå dette målet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne hav, og omfattar såleis ikkje dei økonomiske sonene til kyststatane i området.

SEAFO-konvensjonen vart underteikna av dei fire søraustatlantiske kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegne av St. Helena) og Sør-Afrika, i tillegg til EU, Island, Noreg og USA. Den tok til å gjelde 13. april 2003. Noreg ratifiserte konvensjonen 12. februar 2003. Konvensjonen er òg ratifisert av Angola, Japan, Namibia, Sør-Afrika, Sør-Korea og EU-kommisjonen.

For tida er det ikkje norske kommersielle interesser i SEAFO-området. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan ha i området i framtida. Ein viktig grunn til at Noreg ratifiserte SEAFO-konvensjonen er at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhengar av regionalt samarbeid om felles fiskeressursar, og deltek aktivt i ei rekkje andre regionale fiskeriorganisasjonar. SEAFO var òg den første regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen som vart etablert etter FN-avtalen om fiske på det opne hav, og vart då eit viktig forum for å setje i verk prinsippa i FN-avtalen. Noreg arbeider òg for å harmonisere tiltak som dei ulike fiskeriforvaltningsorganisasjonane set i verk.

Figur 3.15 SEAFO sitt konvensjonsområde

Figur 3.15 SEAFO sitt konvensjonsområde

Til forsida