1 Ein fornya norsk plaststrategi

Visjon

Regjeringas visjon er ei meir berekraftig verdikjede for plast globalt, regionalt og nasjonalt.

På globalt nivå er det særleg viktig å få på plass ein rettsleg bindande global avtale mot plastforureining for å realisere denne visjonen.

På regionalt nivå er det særleg viktig å støtte EU sitt arbeid for eit styrka produktrammeverk og gjennomføre dette i Noreg, og å vere ein aktiv pådrivar mot plastforureining i det regionale havmiljøsamarbeidet.

På nasjonalt nivå er det viktig å fremme berekraftige plastprodukt, berekraftig forbruk av plastprodukt og reduserte mengder plastavfall som ikkje blir utnytta for materialattvinning, samt framleis hindre at plastavfall hamnar i naturen.

Plast er nyttig i bruk, blant anna fordi stoffet er så haldbart. Det gjer at plast er eit alvorleg miljøproblem når den hamnar på avvegar. Det kan ta fleire hundre år før plast blir broten ned i sjøen. Plastavfall kan transporterast med havstraumane over store avstandar og bli funnen igjen langt frå kjelda – òg i urørte område med liten menneskeleg aktivitet, som i Arktis.

Plast har mange nyttige bruksområde som hjelper oss med å takle ei rekkje utfordringar. Lette og sterke materiale i køyretøy og fly sparer klimagassutslepp. Avanserte isolasjonsmateriale reduserer energiforbruket. Plastemballasje held maten rein og frisk og reduserer matsvinn. I helsesektoren er plast uunnverleg i sjukehusdrift, pasientbehandling og smittevern. Fiskereiskap i plast kan vere slitesterkt, effektivt og ha lang haldbarheit.

Samstundes skaper forbruks- og produksjonsmønstera av plast i dag betydelege miljøutfordringar. Plastforureining har blitt eit varig og omfattande problem med urovekkjande mengder plast i havet, i luft, i jord og i ferskvassressursar.

Regjeringas visjon er ei meir berekraftig verdikjede for plast globalt, regionalt og nasjonalt. For å få til endringar som gir varige forbetringar, er det viktig å setje inn tiltak tidleg i livsløpet til plasten, i tillegg til å styrkje kontrollen med plastavfall. Strategien er å fremme meir berekraftige plastprodukt, meir berekraftig forbruk av plast og reduserte mengder plastavfall som ikkje blir utnytta for materialattvinning, samstundes som vi framleis skal arbeide for at plastavfall ikkje hamnar på avvegar. Strategien følgjer etablerte prinsipp for miljøforvaltninga og er ei vidareutvikling av plaststrategien i Meld. St. 45 (2016–2017) Avfall som ressurs.

Plastmateriale og plastprodukt er globale handelsvarer, og plast på avvegar er eit stort og aukande globalt miljøproblem. Plasten følgjer havstraumane og kryssar landegrenser. Samarbeid på alle styresmaktsnivå krevst for å redusere globale klima- og miljøkonsekvensar forårsaka av plast.

Infografikk Prinsipp, målsettingar og forpliktingar

Noreg arbeider for å få på plass ein rettsleg bindande global avtale mot marin plastforsøpling og plastforureining under FNs miljøforsamling. Noreg meiner alle land bør utarbeide nasjonale plaststrategiar som ein del av å følgje opp ein slik avtale. Denne strategien er Noregs døme på korleis ei slik strategi kan være. Strategien dannar grunnlaget for tiltak retta mot plast gjennom heile livsløpet i Noreg, men viser òg område der det er behov for tiltak regionalt og globalt.

Noreg som EØS-land og integrert i EUs indre marknad kan i avgrensa grad innføre særnasjonale tiltak. Produktpolitikken for plast vil derfor måtte vere ein kombinasjon av generelle politiske grep og verkemiddel i Noreg, og samarbeid med EU om bl.a. utvikling av berekraftige plastprodukt. Farlege stoff i produkt blir òg regulerte gjennom kjemikalieregelverket. Direkte produktkrav og krav i kjemikalieregelverket vil derfor i betydeleg grad vere resultat av ei regelverksutvikling i EU, og det er viktig at Noreg aktivt bidreg i arbeidet.

Plast i Noreg

I Noreg har vi ein liten og spesialisert produksjon av plastråstoff og plastprodukt. Det er om lag 200 små og mellomstore verksemder som tilarbeider plast, og som produserer bl.a. røyr, emballasje, byggjevarer, bildelar, møblar og utstyr til akvakulturnæring1. Det er ein mindre del av norsk produksjon av plast som går til norsk forbruk.

I hovudsak kjem plasten vi bruker i Noreg, frå import av produkt som blir produserte i ei rekkje land, særleg frå Asia.

Infografikk av plastbruk i Noreg

Det blir ikkje utarbeidd nokon årleg statistikk over plast som blir teken i bruk i Noreg. Det norske plastforbruket er truleg ganske likt det europeiske gjennomsnittet der plast til emballasje, bygg og anlegg, køyretøy og elektronikk er dei største kategoriene, rett nok med litt meir plast til marin sektor i Noreg.

Det er betydeleg uvisse om talgrunnlaget for plastbruk og plastavfall i Noreg. Det er likevel anslått at den samla mengda plast som er i bruk er på rundt 3,1 millionar tonn2. Hovudvekta finn ein i bygg- og anleggsprodukt, plast i køyretøy og andre produkt.

Av mengda plast som er i bruk, er det anslått at rundt 540 000 tonn i året blir til avfall3. Det varierer kor lenge eit produkt er i bruk før det blir kassert. Plastemballasje blir teken i bruk og kasta langt raskare enn t.d. plastrøyr i bygg. Derfor utgjer plastemballasje den største delen av det årlege plastavfallet, følgd av dekk og tekstilar.

Plastemballasje utgjer òg ein stor del av plastavfallet som hamnar på avvegar, både i Noreg og globalt. Derfor gir det store miljø- og klimagevinstar å samle inn og materialattvinne plastemballasje. Innsamla plastemballasje som ikkje blir materialattvunne, blir i hovudsak sendt til forbrenning med energiutnytting. Dette blir òg kalla energiattvinning.

Infografikk av plastavfall i Noreg

Globale utviklingstrekk for plast

Utviklingstrekk i den globale plastindustrien og regulering av denne har stor påverknad på moglegheitene vi har til å redusere negative miljøkonsekvensar av plast i Noreg. Råvarer som blir utvunne og selt på ein global marknad utan at dei samfunnsøkonomiske kostnadene som miljøproblema medfører, er prisa inn, er ei vesentleg årsak til manglande berekraft i den globale plastøkonomien. Prisen på primær plast påverkar bl.a. bruken av attvunnen plast. Dei siste 50 åra har rolla til plasten og betydninga av han som materiale i verdsøkonomien auka vesentleg. Den globale produksjonen av plast er meir enn tjuedobla sidan 1960-talet, og er no i storleiksordenen 368 millionar tonn4. Produksjonen er forventa å bli dobla igjen dei neste 20 åra. I takt med produksjonsveksten vil betydninga til plasten i den globale oljeøkonomien auke. Om 30 år vil ein femdel av olja i verda kunne gå til plastproduksjon.5

Mengda plastavfall er forventa å auke betrakteleg både i Noreg og globalt. Berekningar synes at den globale mengda plastavfall vil doblast, tilførsle til havet tredoblast og mengda plast i havet nærmare firedoblast, fram mot 2040 dersom utviklinga held fram som i dag.6

Infografikk av Forventa vekst i global plastproduksjon.

Forventa vekst i global plastproduksjon. R. Geyer, J.R. Jambeck, and K.L. Law (2017): “Production, Use, and Fate of All Plastics Ever Made,” Science Advances 3, no. 7; World Economic Forum (2016) The New Plastics Economy—Rethinking the Future of Plastics

Behov for kunnskap og samarbeid

Vi har behov for meir kunnskap om plasten som blir sett på marknaden i Noreg, og i kva grad denne plasten kan materialattvinnast. Det er behov for å forstå kor mykje og kva type plast som blir brukt, kva kvalitet plasten har, og kva tilsettingsstoff som finst i han. I dag er det lite eller ingen informasjon om dette tilgjengeleg. Vi treng òg betre oversikt over kor mykje plast som er i omløp i samfunnet vårt. Skal vi lykkast med måla om å auke delen materialattvunnen plast i nye produkt, treng vi meir kunnskap. Det er òg behov for samarbeid med alle relevante aktørar på tvers av heile livssyklusen til plasten, og for at private aktørar, så vel som offentlege aktørar, tek sin del av ansvaret.

Regjeringa vil

  • arbeide for å styrkje kunnskapen om plast i omløp i samfunnet og om plastprodukt som blir sette på marknaden i Noreg
  • opprette eit kontaktforum for samarbeid mellom aktørar i plastbransjen (plastindustri, importørar, forhandlarar, avfallsaktørar) under leiing av Miljødirektoratet

Forventa vekst i mengda plastavfall globalt.

Forventa vekst i mengda plastavfall globalt. Pew Charitable Trusts & SystemIQ (2020): Breaking the plastic wave - A comprehensive assessment of pathways toward stopping ocean plastic pollution. Tilpassa av KLD og Konsis.

Fotnotar

1.

Mepex (2020): Materialstrømmen til plast i Norge – hva vet vi?

2.

Kilde: Mepex (2020): Materialstrømmen til plast i Norge – hva vet vi?

3.

Kilde: Mepex (2020): Materialstrømmen til plast i Norge – hva vet vi?

4.

Plastics Europe (2020) Plastics – the Facts 2020Publications (plasticseurope.org)

5.

World Economic Forum, Ellen MacArthur Foundation and McKinsey & Company (2016) The New Plastics Economy — Rethinking the future of plastics http://www.ellenmacarthurfoundation.org/publications

6.

Pew Charitable Trusts & SystemIQ (2020): Breaking the plastic wave - A comprehensive assessment of pathways toward stopping ocean plastic pollution.Breaking the Plastic Wave Top Findings | The Pew Charitable Trusts (pewtrusts.org)
Til forsida