2 Partsforhandlingar og mekling
Tvisten har oppstått i samband med lønnsoppgjeret 2002 mellom private ambulanseselskap som er medlemmer i SBL og ambulansesjåførar som er medlemmer i KFO.
Forhandlingar om ny tariffavtale førde ikkje fram, og KFO braut forhandlingane og varsla plassoppseiing 6. september 2002. Riksmeklingsmannen la ned forbod mot arbeidskamp 8. september og innkalla partane til mekling. Meklinga blei avslutta natt til torsdag 26. september 2002 utan resultat.
KFO tok 26. september ut 65 av sine medlemmer i Nord-Trøndelag og Nordland i streik på desse stadene:
Verksemd: | Arbeidstakarar i streik: |
IN-Ambulanse Arne Okkenhaug AS | 8 |
Inn-Trøndelag Ambulanse | 10 |
Nord-Trøndelag Røde Kors | |
Ambulanse AS | 14 |
Namsos Trafikkselskap ASA | 15 |
Nordtrafikk Ambulanse i Sortland | 6 |
Nordtrafikk Ambulanse i Bø | 6 |
Nordtrafikk Ambulanse i Hadsel | 6 |
I alt: | 65 |
Streiken blei trappa opp frå 2. oktober. KFO tok ut 58 nye medlemmer på desse stadene:
Verksemd: | Arbeidstakarar i streik: |
Finnsnes Ambulanse | 11 |
Vinje Ambulanse | 47 |
I alt: | 58 |
Ytterlegare opptrapping kom 8. oktober 2002. Frå denne datoen var i alt 262 arbeidstakarar omfatta av streiken i til saman 9 fylke: Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Oppland, Hedmark, Telemark og Buskerud.