1 Bakgrunnen for lovforslaget frå departementet
Interkommunale selskap med avgrensa ansvar må omorganiserast til aksjeselskap, til interkommunalt selskap (IKS) etter lov om interkommunale selskaper, eller til anna lovleg organisasjonsform innan 1.1.2004. Det same gjeld for interkommunale selskap med uavgrensa ansvar, så framt selskapet er organisert etter selskapslova av 1985 og ikkje har andre deltakarar enn kommunar og fylkeskommunar. Vidare gjeld det for interkommunale samanslutningar som er organiserte etter kommunelova § 27, så framt verksemda er eit eige rettssubjekt.
Når det gjeld spørsmålet om omdanning av interkommunale samanslutningar som er organiserte etter kommunelova § 27, har departementet kome til at det ikkje vil vere tenleg å påleggje slike samanslutningar å omorganisere seg til interkommunalt selskap (IKS) innan den fristen lova i dag krev. Det blir derfor føreslått å gjere unntak frå omdanningsplikta for slike verksemder inntil vidare.
Bakgrunnen for dette er at departementet i nærmaste framtid tek sikte på å gjennomføre ei utgreiing av dei rettslege rammevilkåra for interkommunalt samarbeid. Ei vurdering av om kommunelova § 27 inneber ei tenleg regulering av interkommunalt samarbeid om forvaltningsoppgåver og myndeutøving, kjem truleg til å stå sentralt i dette arbeidet. Det vil i denne fasen derfor ikkje vere ønskjeleg at gjeldande lovgiving tvingar alle interkommunale einingar som etter ei konkret vurdering må reknast som eigne juridiske personar, inn i ei organisering som interkommunalt selskap etter lov om interkommunale selskaper.
Eit høyringsnotat med forslag til lovendring blei sendt på høyring 19. mars 2003 med høyringsfrist 5. mai. Forslaget blei sendt på høyring til desse instansane:
Sortland kommune
Øksnes kommune
Bø kommune
Hadsel kommune
Andøy kommune
Lødingen kommune
Orkdal kommune
Meldal kommune
Skaun kommune
Snillfjord kommune
Agdenes kommune
Rennebu kommune
Frosta kommune
Levanger kommune
Verdal kommune
Andebu kommune
Horten kommune
Hof kommune
Holmestrand kommune
Nøtterøy kommune
Re kommune
Stokke kommune
Tjøme kommune
Stavanger kommune
Sola kommune
Randaberg kommune
Sandnes kommune
Granvin kommune
Ulvik kommune
Stord kommune
Fitjar kommune
Bømlo kommune
Oslo kommune
Bergen kommune
Drammen kommune
Tromsø kommune
Kristiansand kommune
Fylkeskommunane
Fylkesmennene
Departementa
Kommunenes Sentralforbund
Landsorganisasjonen
Kommunalansattes Fellesorganisasjon
Yrkesorganisasjonenes sentralforbund
Kommuneforbundet
Næringslivets Hovedorganisasjon
Utdanningsgruppenes hovedorganisasjon
Akademikerne
Konkurransetilsynet
Norges Kommunerevisorforbund
Den norske Revisorforening
Norsk rådmannsforum
NAVO
I tillegg til dei høyringsinstansane som er nemnde ovanfor, fekk Statistisk sentralbyrå og Brønnøysundregistra høyringsforslaget ettersendt.
I punkt 3 er det laga ei oppsummering av høyringsrunden.