Ot.prp. nr. 110 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 29. januar 1999 nr. 6 om interkommunale selskaper

Til innhaldsliste

1

Departementet gjer i proposisjonen her framlegg om ei justering i lov om interkommunale selskaper som vil gjere det klart at revisorlova ikkje gjeld for revisjon av rekneskapa til interkommunale selskap. Føremålet er å justere tilbake ein utilsikta konsekvens av ei endring i rekneskapslova ved lov 16. juni 2000 nr. 41 som, gjennom ei tilvisning i revisorlova, medførte at interkommunale selskap fekk revisjonsplikt etter revisorlova. Det var ikkje meininga med den nemnde endringa i rekneskapslova å endre særordninga for revisjon av interkommunale selskap, særleg om høve til å velje som selskapet sin revisor ein av dei deltakande kommunar eller fylkeskommunar sin revisjon eller ein distriktsrevisjon.

Framlegget er ikkje basert på ei ny vurdering av revisjon i interkommunale selskap. Departementet vil komme tilbake med framlegg basert på ei slik vurdering. Sjå nærmare omtale av dette lovarbeidet i St.prp. nr. 64 (2001-2002) kapittel 16 (Kommuneproposisjonen 2003). I dette lovarbeidet tar departementet mellom anna sikte på å gjere ei meir fullstendig vurdering av systemet for revisjon, kontroll og tilsyn med kommunale selskap og andre meir eller mindre fristilne organisasjonsformer.

Endringa i rekneskapslova ved lov 16. juni 2000 nr. 41 inkluderte føretak «som etter særskilt bestemmelse i eller i medhold av lov har regnskapsplikt etter regnskapsloven» i lista over rekneskapspliktige i rekneskapslova § 1-2 første ledd. Etter revisorlova § 2-1 første ledd skal «regnskapspliktige etter regnskapsloven § 1-2 første ledd» sjå til at årsrekneskapen blir revidert av ein registrert eller statsautorisert revisor i samsvar med § 2-2 (revisjonsplikt) når ikkje anna er bestemt i eller i medhald av lov. For fleire føretak, mellom anna Statens jernbanetrafikkselskap og Statens postselskap, var det med dette meininga å gjere det klart at føretaka hadde revisjonsplikt etter revisorlova. Det var vidare meininga å klargjere tilhøvet til andre føresegner som viser til rekneskapslova § 1-2 første ledd, sjå særleg konserndefinisjonen i rekneskapslova § 1-3. Det var derimot ein utilsikta verknad av lovendringa at revisorlova dermed omfatta interkommunale selskap etter lov om interkommunale selskaper. Framlegget her reverserer den utilsikta verknaden den nemnde lovendringa har fått for interkommunale selskap.

Framlegget medfører at det som revisor enten kan veljast ein registrert eller statsautorisert revisor (jf. revisorlova § 2-2), revisjonen til ein av dei deltakande kommunar eller fylkeskommunar, eller ein distriktsrevisjon.

Det er ikkje meininga med framlegget å endre den praksisen som har utvikla seg med at interkommunale selskap som utarbeider årsrekneskap etter rekneskapslova blir revidert i samsvar med revisorlova kapittel 5 om revisor sine oppgåver ved revisjon av årsrekneskap m.v. og standardar for god revisjonsskikk. Departementet legg til grunn at denne praksisen utgjer ein del av god kommunal revisjonsskikk. For interkommunale selskap som utarbeider årsrekneskap etter kommunale rekneskapsprinsipp, blir standardane for god revisjonsskikk brukt med dei unntaka som er fastsette for kommunal revisjon.

Endringa i rekneskapslova § 1-2 første ledd har også ført til tvil om kommunale føretak, jf. kommunelova kapittel 11, kan reviderast av kommunerevisjonen. Departementet legg opp til å presisere at det er høve til dette i ei ny føresegn om revisjon i forskrift 17. desember 1999 nr. 1569 om årsbudsjett, årsregnskap og årsberetning for kommunale og fylkeskommunale foretak.

Til forsida