Tilråing
Fiskeri- og kystdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om lov om endring i lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget vert bedt om å gjere vedtak til lov om endring i lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven) i samsvar med eit vedlagt forslag.