4 Merknader til endringa i paragrafen
Til § 10
Endringa i § 10 tredje ledd skal berre ha verknad i 2008. Den overskytande delen av overskotet i 2007 kan fordelast til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som hadde rett til inntekter frå gevinstautomatar oppstilte i 2002, jf. nærare om dette i Ot.prp. nr. 44 (2002-2003) Om lov om endringer i pengespill- og lotterilovgivningen punkt 4.6.1 og St.prp. nr. 1 (2007-2008) for Kultur- og kyrkjedepartementet s. 36. Kongen skal gje nærare føresegner for fordelinga.