1 Innhaldet i proposisjonen
Regjeringa gjer i denne proposisjonen framlegg til lov om oppheving av lausgjengarlova og om endringar i straffelova o.a. (eige straffebod mot vald i nære relasjonar o.a.). Proposisjonen inneheld for det første framlegget i Ot.prp. nr. 113 (2004-2005) Om lov om oppheving av løsgjengerloven og om endringer i straffeloven mv. (eget straffbud mot vold i nære relasjoner mv.), som vart sett fram i den førre sesjonen. Framlegget i Ot.prp. nr. 113 (2004-2005) vart ikkje handsama i den sesjonen. Etter forretningsordenen for Stortinget § 33 tredje ledd må Regjeringa setje framlegget fram att i den nye valperioden. I tillegg inneheld proposisjonen framlegg om nokre andre endringar i den gjeldande og den nye straffelova som det er gjort greie for i punkt 2, jf. lovforslaget del VII, og endringar i barnevernlova og sosialtenestelova, sjå punkt 3 med lovforslaget del VIII.
I proposisjonen her er det, med dei tillegga som det blir gjort greie for under punkt 2 og 3, tatt inn eit likelydande lovframlegg som i Ot.prp. nr. 113 (2004-2005), jf. lovforslaget del I-VI. For grunngjeving av desse forslaga viser departementet til den proposisjonen.