1 Innhald
1.1 Endring av multiplikator for tinglysingsgebyr
I denne proposisjonen gjer departementet framlegg om å heve tinglysingsgebyret for hjemmelsovergang frå 1,5 R (R = rettsgebyret) til 2 R og tinglysingsgebyret for pantobligasjonar og skadesløsbrev frå 2 R til 2,5 R, jf. rettsgebyrlova § 21.
Framlegget om auke er i samsvar med framlegget i St.prp. nr. 1 (2002-2003) for budsjetterminen 2003, Justis- og politidepartementet side 59. Om ein hevar gebyret frå 2 til 2,5 R for pantobligasjonar og skadesløsbrev, gir det ein auke i inntektene på budsjettkapittel 3410 post 01 på om lag 87 millionar kroner. Det er rekna ut at auken frå 1,5 R til 2 R for hjemmelsovergang vil innebere ein auke i inntekta på om lag 44 millionar kroner på budsjettkapittel 3410 post 01 (Justis- og politidepartementet) og om lag 2 millionar kroner på budsjettkapittel 3904 post 01 (Nærings- og handelsdepartementet).
1.2 Retting av feil i § 5 a
Lov 26. april 2002 nr. 12 om notarius publicus trådte i kraft 1. juli 2002. Frå same tid blei lov 14. august 1918 nr. 4 om rettergangsordningens ikrafttræden §§ 6-8 oppheva.
Rettsgebyrlova § 5 a nr. 5 viser til kjæremålsføresegna i lov om rettergangsordningens ikrafttræden § 8. Ved ein feil blei ikkje dette endra i samband med lov om notarius publicus. Ein bør difor endre rettsgebyrlova § 5 a nr. 5 slik at ein i staden viser til lov om notarius publicus § 5. I tillegg blir «notarius» endra til «notarius publicus».
Endringane påverkar ikkje innhaldet i føresegna.