2 Endring i folketrygdlova § 16-3 - arbeidsgjevaravgift for lærlingar
På bakgrunn av forslag i Innst O nr 13 (1996-97) har Odelstinget fatta vedtak om å endre folketrygdlova § 16-3 slik at det blir innført fritak for arbeidsgjevaravgift for lønn og anna godtgjersle til lærlingar på kontrakt under lov av 23. mai 1980 nr 13 om fagopplæring i arbeidslivet. Endringa skal gjelde frå og med 1997.
Departementet viser til omtale av arbeidsgjevaravgifta for lærlingar i avsnitt 1.2.2 i salderingsproposisjonen, og legg på denne bakgrunnen fram forslag om å oppheve fritaket for arbeidsgjevaravgift for lærlingar på kontrakt under lov av 23. mai 1980 nr 13 om fagopplæring i arbeidslivet.
Forslaget i salderingsproposisjonen inneber at tilskottet til lærlingar blir auka istadenfor å innføre fritak for arbeidsgjevaravgift. Forslaget har same provenymessige verknad som fritak for arbeidsgjevaravgift.