1 Innhaldet i forslaget
1.1 Endring i grunnskolelova § 38 nr. 3
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet legg med dette fram forslag til endring i § 38 nr. 3 i lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen. Departementet foreslår at regelen i grunnskolelova § 38 nr. 3 om at staten betaler innskott i Statens pensjonskasse, blir oppheva. Forslaget legg til rette for at pensjons-innskotta blir betalte direkte frå kommunane til Statens pensjonskasse, sjå forslag i Tillegg nr 1 til St prp nr 1 (1997-98).
Departementet viser til at forslaget om å innlemme tilskottet til Statens pensjonskasse i rammetilskottet til kommunane har vore på høring gjennom NOU 1996:1 Et enklere og mer rettferdig inntektssystem for kommuner og fylkeskommuner.
Tilskotta til pensjonsinnskott for tilsette i grunnskolen dekkjer ein del av dei kommunale lønnskostnadene i utdanningssektoren. Dei resterande lønns-kostnadene i utdanningssektoren blir dekte over dei ordinære kommunebudsjetta. I NOU 1996: 1 blei det peikt på at det var vanskeleg å finne ei god grunngiving for å behandle pensjonsinnskottet for tilsette i grunnskolen annleis enn lønnskostnadene elles; vidare at det var vanskeleg å finne ei god grunngiving for at pensjonsinnskotta for tilsette i grunnskolen skulle handterast annleis enn pensjonsinnskotta til andre kommunalt tilsette, f.eks. undervisningspersonalet i vidaregåande opplæring. På denne bakgrunn foreslo inntektssystemutvalet at kommunane burde dekkje utgiftene til pensjonsinnskott for alle kommunalt tilsette.
I St.prp nr. 55 (1995-96) Om kommuneøkonomien m.v., gjorde regjeringa framlegg om å innlemme tilskottet til Statens pensjonskasse i rammetilskottet til kommunane frå 1998. Regjeringa slutta seg til den vurderinga Inntektssystemutvalet gav: at det var vanskeleg å finne ei god grunngiving for at pensjonsinnskottet for tilsette i grunnskolen skulle dekkjast av staten og handterast annleis enn pensjonsinnskottet til andre kommunalt tilsette eller annleis enn for lærarane i fylkeskommunale vidaregåande skolar. Desse innskotta blir i dag dekte av kommune og fylkeskommune. Regjeringa la til grunn at kommunane skulle dekkje utgiftene til pensjonsinnskott for alle kommunalt tilsette, og at det ikkje var eit særskilt behov for noko prioritetsvridande tilskott for lærarane i grunnskolen.
Kommunalkomiteen hadde ikkje merknader til at tilskottet til Statens pensjonskasse blir innlemma i rammetilskottet til kommunane, jf. Innst. S. nr. 286 (1995-96).
1.2 Iverksetjing
Departementet foreslår at Kongen får heimel til å fastsetje tidspunktet for iverksetjing av lova.