1 Innhald i proposisjonen
Moderniseringsdepartementet legg med dette fram forslag om oppheving av lov 19. juni 1970 nr. 55 om prisutjevning i sildenæringen. Etter lova § 1 kan Kongen bestemme at det skal vere prisutjamning for sildolje og sildemjøl etter reglane i denne lova, så lenge Sildemelfabrikkenes landsforening (no FHL fiskemel) og Norges Sildesalgslag (organisasjonane) tilrår det.
I november 2000 trekte Norges Sildesalgslag tilbake si tilråding om prisutjamning i sildenæringa over Prisreguleringsfondet for sild. I praksis hadde dette til følgje at prisutjamninga over fondet vart avskipa, jf. lova § 1 andre ledd:
«Dersom noen av organisasjonene trekker tilbake sin tilråding, faller dog prisutjevningen bort senest ett år etter tilbaketrekkingen. Kongen kan bestemme et senere tidspunkt dersom organisasjonene er enige i det eller dersom det er nødvendig for å avvikle prisutjevningen uten underskudd eller det tilsies av praktiske grunner.»
Avgjerda om å avvikle prisutjamninga over Prisreguleringsfondet vart stadfesta ved ei avtale mellom organisasjonane i mai 2001.
Etter møte med fondsstyret 17. september 2001 la organisasjonane fram ei tilråding ved brev av 23. oktober 2001 om at Prisreguleringsfondet for sild skulle avskipast. Fondsstyret vedtok 29. oktober 2001 å oppheve prisutjamninga over fondet med verknad frå 1. november 2001, og slo fast ei rekkje overgangsavgjerder i avskipingsperioden. Ein del av fondsoverskotet vart betalt ut til partane i 2002, etter ein fordelingsnøkkel med 67,75 % til fiskarane og 32,25 % til fabrikkane.
Endeleg avskiping av fondet har vore utsett fordi to rettslege tvistar ikkje har vore endeleg avklarte før nyleg. Norges Sildesalgslag, Egersund Sildoljefabrikk AS, Vedde Sildoljefabrikk AS, Bodø Sildoljefabrikk AS og K/S Tromsø Fiskeindustri AS & Co har skrive under på ei garantierklæring som sikrar staten mot eventuelle vidare krav mot fondet. Slike krav er ikkje sannsynlege.
Prisreguleringsfondet for sild er no endeleg avskipa og midla som var att i fondet er utbetalt til partane, Norges Sildesalgslag og FHL fiskemel. Styret for Prisreguleringsfondet for sild har i protokoll frå møte 18. oktober 2004 tilrådd overfor Moderniseringsdepartementet at lov 19. juni 1970 nr. 55 om prisutjevning i sildenæringen og vedtekter for Prisreguleringsfondet for sild blir oppheva og at fondsstyret blir avvikla. Verken Norges Sildeslagslag eller FHL fiskemel har hatt merknader til at lova blir oppheva.