4 Konfirmasjonsopplæring
4.1 Bakgrunnen for forslaget
Under behandlinga av Innst. S. nr. 200 (2002-2003), jf. St.meld. nr. 7 (2002-2003) Trusopplæring i ei ny tid. Om reform av dåpsopplæringa i Den norske kyrkja vart det gjort følgjande vedtak: Stortinget ber Regjeringen legge fram forslag om endring av § 36 i lov 7. juni 1996 nr. 31 om Den norske kirke.
Kyrkjelova § 36 handlar om konfirmasjonsopplæring og lyder slik:
«Vedkommende kirkelige myndighet og kommunen avgjør i fellesskap om konfirmasjonsopplæring skal legges til skolens tid og i tilfelle hvilke timer som skal nyttes til opplæringen. Det kan anvendes to timer ukentlig dersom opplæringen varer et halvt skoleår og en time ukentlig dersom opplæringen varer lenger enn et halvt skoleår. Oppnås ikke enighet mellom vedkommende kirkelige myndighet og kommunen, treffes de her nevnte avgjørelser av biskopen sammen med statens utdanningsdirektør. Oppnås da ikke enighet, forelegger biskopen saken for departementet til avgjørelse.»
Behandlinga i Stortinget viste brei semje om at det prinsipielt sett ikkje er ønskeleg å leggje konfirmasjonsopplæring til skolen si tid, sidan dette kan føre til ei uheldig blanding mellom skolen og kyrkja sine roller i opplæringa. Samtidig vart det uttrykt bekymring for kva konsekvensar det ville ha for enkelte konfirmantar dersom høvet til å leggje konfirmasjonsopplæring til skolen si tid blir fjerna.
I brev 11. juli 2003 bad departementet biskopane om ei vurdering av erfaringane med kyrkjelova § 36. Tilbakemeldingane viste at dette sjeldan var ei sak som vart lagd fram for biskopen og utdanningsdirektøren til avgjerd på grunn av lokal usemje. Departementet har for sin del ikkje hatt slike saker til behandling dei seinare åra.
I brev 9. desember 2003 til bispedømeråda bad departementet om meir faktaopplysingar når det gjaldt bruken av heimelen i kyrkjelova § 36. Svara viser at konfirmasjonsopplæring i større eller mindre omfang er lagd til skolen si tid i om lag 100 kommunar. Den måten dette blir gjort på, varierer mykje frå stad til stad. Grunngivinga for å leggje konfirmasjonsopplæring til skolen si tid er spreidd busetnad, lange avstandar, behov for skoleskyss eller transport med båt, vanskelege kommunikasjonsforhold, ønske frå foreldra, få konfirmantar, omsynet til dei tilsette i kyrkja og omsynet til tilrettelagd opplæring for ungdom med særskilde behov.
4.2 Høyring
18. juni 2004 sende departementet til høyring dette forslaget til regel om konfirmasjonsopplæringa:
«Når særlige grunner tilsier det, kan kommunen samtykke i at konfirmasjonsopplæring skal legges til skolens tid og i tilfelle hvilke timer som skal nyttes til opplæringen. Det kan anvendes et timetall svarende til to timer ukentlig dersom opplæringen varer et halvt skoleår og en time ukentlig dersom opplæringen varer lenger enn et halvt skoleår.»
Utdannings- og forskingsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Kyrkjerådet, Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon, IKO - kirkelig pedagogisk senter, Noregs Frikyrkjeråd og Human-Etisk Forbund har gitt høyringsfråsegner. Human-Etisk Forbund går imot forslaget. Dei andre høyringsinstansane stør i hovudsak forslaget, eller dei har ingen merknader.
Kyrkjerådetpeiker på at konfirmantsamlingane primært bør leggjast til kyrkjelyden sine miljø og lokale. Samtidig ser Kyrkjerådet at det finst «særskilde grunnar» til framleis å kunne nytte skolen si tid til konfirmasjonsopplæring, men berre som naudløysing.
Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon (KA) foreslår at kyrkjeleg fellesråd skal vere den ansvarlege kyrkjelege instansen når det gjeld å innhente samtykke frå kommunen, og at dette bør gå fram av regelen. Kyrkjerådet er ikkje samd i dette.
IKO - kirkelig pedagogisk senter peiker mellom anna på at det er naturleg at spørsmålet om konfirmasjonsopplæring i skolen si tid blir avgjort lokalt, på kommunalt nivå. IKO viser til at det i dansk skole er ei ordning med lokalt avgjerdsmynde i slike spørsmål.
Norges Frikirkeråd kan akseptere konfirmasjonsopplæring i skolen si tid som ein unntaksregel dersom særskilde grunnar taler for det og det blir fastsett nærare retningsliner.
Human-Etisk Forbund meiner at forslaget er med på å gjere skiljet mellom skolen og verksemda til Den norske kyrkja utydeleg. Forbundet foreslår at høvet til å halde konfirmasjonsopplæring i skolen si tid blir teke heilt ut av kyrkjelova.
4.3 Departementet si vurdering
Etter departementet si vurdering gjer spreidd busetnad og store avstandar det enkelte stader nødvendig å leggje konfirmasjonsopplæringa til skolen si tid, m.a. for å kunne bruke skoleskyssen. Det er også til vanleg stor semje lokalt om å bruke skolen si tid til slik opplæring der dette er aktuelt. I tillegg er det grunn til å leggje vekt på at å avvikle ordninga vil kunne gå ut over grupper med spesielle behov. Oslo biskop finn det til dømes uheldig å miste høvet til å samordne konfirmasjonsopplæringa med døveskolane. Biskopen viser til at desse skolane har ein elevmasse som ofte bur spreidd, og at ein ikkje kan rekne med at elevane har klassevener i sitt eige nærmiljø eller at dei kan få tilrettelagd konfirmasjonsopplæring i den kyrkjelyden der dei er busette. Konfirmasjonsopplæring særskilt tilrettelagd for utviklingshemma blir også nemnt i denne samanhengen.
Departementet vil òg vise til at konfirmasjonsopplæring i skolen si tid trass i alt er eit avgrensa fenomen, sett på landsbasis. I dei tilfella der det er aktuelt, tykkjest grunngivinga stort sett å vere god. Departementet meiner derfor at det framleis bør kunne givast samtykke til å bruke skolen si tid til konfirmasjonsopplæring, men at det i lova bør presiserast eit krav om særlege grunnar.
Ordninga i dag, der biskopen og statens utdanningsdirektør (nå: fylkesmannen), eventuelt departementet, tek avgjerd ved usemje, foreslår ein ikkje vidareført. Dette vil seie at den kommunen det gjeld, tek endeleg avgjerd i spørsmålet om konfirmasjonsopplæring skal leggjast til skolen si tid.
Søknad om å leggje konfirmasjonsopplæring til skolen si tid bør normalt fremjast av den som har hovudansvaret for opplæringa. Inntil vidare vil dette dei fleste stadar i praksis vere soknepresten i samråd med soknerådet.
Departementet legg til grunn at Den norske kyrkja og andre trus- og livssynsamfunn skal behandlast likt. Dette går òg fram av forskrift til opplæringslova § 1-6, der det heiter:
«Når det blir brukt av skolen si tid til konfirmantundervisning etter kirkelova § 36, skal dei timane som fell bort, delast på alle faga i skolen. Andre trus- og livsynssamfunn har den same retten til å bruke av skolen si tid som Den norske kyrkja.»