3 Tittelen for leiaren av Politidirektoratet
Politilova omtalar i dag leiaren av Politidirektoratet som direktøren for Politidirektoratet. Dette er ikkje i samsvar med den faktiske og daglege omtalen. I dei fleste samanhengar vert tittelen politidirektør nytta. Justis- og politidepartementet synest det er tungvint at tittelen etter lova ikkje er i samsvar med tittelen som faktisk vert brukt. Departementet ønsker såleis å endre politilova slik at politidirektør vert nytta som offisiell tittel også etter lova.
Alle høyringsinstansane stiller seg positive til tittelendringa.
På bakgrunn av dette føreslår departementet å endre tittelen til leiaren av Politidirektoratet til politidirektør.