5 Høyringa
Fiskeri- og kystdepartementet sende 13. februar 2007 på høyring eit notat med forslag til endring i akvakulturlova til følgjande instansar:
Finansdepartementet
Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Justis- og politidepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Miljøverndepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Olje- og energidepartementet
Fiskeridirektoratet
Mattilsynet
Direktoratet for naturforvaltning
Sametinget
Statens forureiningstilsyn
Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening
Kommunanes Sentralforbund
LO v/Fellesforbundet
Norske Sjømatbedrifters Landsforening
Høyringsfristen var sett til 28. februar 2007. Det vart gjort vedtak om forkorta høyringsfrist på to veker i medhald av Utgreiingsinstruksen sitt pkt. 5.2 jf. pkt. 1.3. Grunngivinga for forkorta høyring var å få fram saka raskt og at framlegget til lovendring er av teknisk karakter og ikkje inneber reelle endringar for næringa.
Det kom inn svært få merknader til forslaget i høyringa. Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening understrekar forskjellane mellom gebyr og avgift, og at det offentlege får ein breiare lovheimel til å påleggje næringa avgifter. Fiskeri- og havbruksnæringens Landsforening tek til etteretning at endringa vert gjord for å endre kontroll og tilsynsgebyret.