1 Hovudinnhaldet i lovforslaget
I proposisjonen legg Barne- og familiedepartementet fram eit forslag til lov om endring i lov 21. desember 2000 nr. 105 om opplysningsplikt og angrerett mv. ved fjernsalg og salg utenfor fast utsalgssted (angrerettlova). Departementet foreslår å endre utgangspunktet for angrefristen ved sal av bokverk som blir levert etter kvart. Etter dagens lov begynner angrefristen å gå når «heile vara» er motteken, det vil seie når alle binda i til dømes eit leksikon er levert. Etter forslaget skal angrefristen begynne å gå når forbrukaren har fått det første bindet, under føresetnad av at dette bindet gjer det mogleg for forbrukaren å danne seg ei oppfatning av heile bokverket, saman med informasjonen han får.