1 Innleiing og lovforslag
Statens Bankinvesteringsfond er avvikla og alle eigendelane er overført til staten. Aksjane i DnB NOR ASA blir no forvalta av Nærings- og handelsdepartementet. Departementet legg fram forslag om å oppheve lov 29. november 1991 nr. 78 om Statens Bankinvesteringsfond, då det ikkje lenger eksisterer rettssubjekt som er regulert av lova.