3 Overføring av politiet sine forvaltningsoppgåver etter lotterilova
3.1 Lotteritilsynet sin rapport
I kapittel 6 i rapporten vert det gjort greie for forvaltningsmessige konsekvensar ved ei overføring av oppgåver til Lotteritilsynet. Under pkt. 6.4 (s. 20) har rapporten ei samanfatning av ulike forvaltningsmessige konsekvensar:
«Dersom politiet sine forvaltningsoppgåver på lotteri og speleområdet vert sentralisert til Lotteritilsynet vil dette bety:
Større avstand mellom brukar og forvaltning.
I mange distrikt er avstanden stor alt i dag, og brukaren vil truleg ikkje merke forskjell ved ei omlegging.
Større avstand kan likevel kompenserast med gode interaktive kommunikasjonsløysingar som på sikt kan auke servicenivået for brukaren.
Men det må leggast til rette for gode alternative løysingar for den brukargruppa som ikkje har tilgang på slike system.
Lik forvaltningspraksis for like saker over heile landet.
Spesialisert sakshandsaming som på sikt kan bli meir effektiv enn innanfor dagens modell.
Kompetanseheving og lik praksis ved sakshandsaming.
Meir effektiv, systematisert og standardisert kontroll av bingo og andre lotteri.
Eit spesialisert inspektørkorps med kontrollkompetanse vil auke frekvensen og nivået på kontrollen.
Utvida og betre rekneskapskontroll.
Få politifaglege konsekvensar.
Den einskilde politieininga handsamar i dag relativt få saker utanom automatsaker.
Men eit kontaktpunkt med publikum blir borte.
Frigjering av tidsressursar hos politiet som eventuelt kan omdisponerast til andre prioriterte område.
Oppsummeringa tilseier dermed at ei ny, godt planlagt organisering av dette arbeidet vil vere positiv for alle involverte partar: både brukaren, politiet, og forvaltnings- og kontrollmyndigheitene her representert ved Lotteritilsynet.»
3.2 Høyringsinstansane sine merknader
Dei aller fleste høyringsinstansane seier seg samd i konklusjonane i Lotteritilsynet sin rapport av 1. juli 2004. Fleire høyringsinstansar føreset at overføringa skal medføre økt effektivitet og betre kvalitet ved sakshandsaminga i saker etter lotterilova.
Norges Handikapforbund har på vegne av Landsforeningen for Hjerte- og lungesyke, Flyktningerådet, Kreftforeningen, Nasjonalforeningen for folkehelsen, Norges Blindeforbund, Norges Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Redd Barna og Redningsselskapet m.a. uttalt:
«Ut fra forutsetningene som er tatt i høringen ser vi mange positive sider ved endringsforslaget. Som eksempel, lik forvaltningspraksis i like saker, mulighet for større effektivitet og kortere saksbehandlingstid.»
Motorførernes Avholdsforbund uttalar:
«Vi ser at det kan være praktiske problemer forbundet med at Lotteritilsynets kontorer er i Førde, mens MAs kontorer er i Oslo, men går ut fra at dette lar seg løse på måter som er beskrevet i høringen.
Vi regner også med at en del saker vil få høyere prioritet hos Lotteritilsynet enn hos politiet. Dessuten kan overføringen gi lik forvaltningspraksis for like saker.»
Norges Idrettsforbund og Olympiske komité uttalar:
«Vi forutsetter at dette sikrer mer lik forvaltningspraksis ved søknader og en forbedring i forhold til saksbehandling og klagebehandling.»
Norges Psoriasisforbund uttalar:
«NPF mener derfor at man gjennom en overføring av disse oppgavene til Lotteritilsynet vil miste en viktig nærhet mellom brukere og forvaltning. Dette vil bl.a. føre til at organisasjonene vil få seg pålagt merarbeid ved at den lokalberrenskap som politiet sitter inne med kan gå tapt i saksbehandlingen.»
Når det gjeld politiet sine oppgåver knytt til trekning av lotteri er det komen høyringsinnspel frå både Norges Handikapforbund (m.fl.) og Psoriasisforbundet som syner til at Lotteritilsynet sin rapport ikkje gjer greie for korleis dette skal løysast innanfor den nye forvaltningsstrukturen. Norges Handikapforbund (mfl.)uttalar:
«Av høringen kan vi ikke se hvordan eventuelle trekninger/fordelingstrekninger som i dag gjøres av politiet, er tenkt gjennomført.»
3.3 Departementet sine vurderingar
Departementet syner til at høyringsinnspela stort sett er positive til den føreslåtte overføringa. Omlegging vil kunne føre til større geografisk avstand mellom brukar og forvaltning, men i mange distrikt er denne avstanden stor alt i dag. Større avstand til forvaltningsorganet kan kompenserast med gode interaktive kommunikasjonsløysingar, som på sikt kan forbetre det generelle servicenivået for brukaren. Det må samstundes leggast til rette for alternative løysingar for den brukargruppa som ikkje har tilgang til slike system. Departementet legg til grunn at det framleis vil vere behov for dialog og samarbeid mellom Lotteritilsynet og politiet, mellom anna i høve til informasjon om og gjennomføringa av lotteriaktivitetar i politidistrikta.
Departementet legg til grunn at ei samling av oppgåvene vil gjere det lettare å sikre lik forvaltningspraksis for like saker over heile landet. Sakshandsaminga kan på sikt også forventast å verte meir effektiv enn innanfor dagens modell, fordi sakshandsamarane blir meir spesialiserte og saksprosedyrane standardiserte. Når det gjeld trekning av lotteri, ser departementet at det ved enkelte høve kan vere behov for at dette finn stad lokalt. Av denne grunn føreslår departementet at det vert gitt fullmakt til å delegere myndigheit til å gjennomføra trekning til lokale styresmakter, herunder politiet, jf. forslaget § 8 andre ledd.
Samla sett meiner departementet at det vil vere føremålstenleg, både av omsyn til forvaltninga på lotteriområdet, av omsyn til publikum og av omsyn til politiet å overføre forvaltninga av omtalte oppgåver etter lotterilova frå politiet til Lotteritilsynet. Departementet tar sikte på at forskriftsføresegner om politiets oppgåver på lotteriområdet vil verte endra i samsvar med lovforslaget her i løpet av inneverande år, slik at sjølve overføringa av oppgåver kan tre i kraft med verknad frå 1. januar 2008. Dette ligg til grunn i Kultur- og kyrkjedepartementet sin budsjettproposisjon.