3 Høyring
Forslag til lovendring vart sendt på høyring 4. mai 2004 med høyringsfrist 18. juni 2004.
Forslaget vart sendt på høyring til desse instansane:
Alle trudoms- og livssynssamfunn som mottek statstilskot
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Barne- og familiedepartementet
Bergen kommune
Brønnøysundregistra
Datatilsynet
Den norske kyrkja, Kyrkjerådet
Drammen kommune
Finansdepartementet
Forsvarsdepartementet
Fylkesmennene
Human-Etisk Forbund
Islamsk Råd Norge
Justisdepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Kommunenes sentralforbund
Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene
Mellomkyrkjeleg Råd for Den norske kyrkja
Norges frikirkeråd
Oslo kommune
Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn
Senter mot etnisk diskriminering
Sosialdepartementet
Statistisk sentralbyrå
Stavanger kommune
Utdannings- og forskingsdepartementet
Utanriksdepartementet
29 av høyringsinstansane har kome med fråsegn.
Dei aller fleste trudomssamfunna var positive til framlegget og har vist til at endringa vil føre til ei meir lik behandling av trudomssamfunn og Den norske kyrkja.
Dei fleste av dei offentlege høyringsinstansane som har kome med fråsegn, hadde ingen merknader. Fylkesmannen i Nordland peika på si side på at endringa ikkje bør svekkje dei små krava som lov om trudomssamfunn stiller til forstandar i trudomssamfunn, i lys av den sentrale rolla ein forstandar har i eit trudomssamfunn.