Tilråing
Kultur- og kyrkjedepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om lov om endring i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak til lov om endring i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna i samsvar med eit vedlagt forslag.