Forslag til lov om endring i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna
I
I lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna skal § 24 første ledd lyde:
Den som skal vera prest eller forstandar i registerført trudomssamfunn, må ikkje vera under 23 år og ikkje over 75 år. Han må liva eit heiderleg liv og ha evne til å gjera sine skyldnader etter lova. Fylkesmannen kan gjera unnatak frå alderskravet.
II
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.