1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Proposisjonen inneheld framlegg til endring av lov 29. april 1977 nr. 34 om kommunal forkjøpsrett til leiegårder (leigegardslova), framlegg til endring av lov 26. mars 1999 nr. 17 om husleieavtaler (husleigelova) og framlegg til endring av lov 7. juli 1967 nr. 13 om husleieregulering (husleigereguleringslova).
I leigegardslova blir det gjort framlegg om å utvide den krinsen som kommunen kan nytte forkjøpsretten på vegner av. Framlegget går ut på at kommunen også kan gjere bruk av forkjøpsretten til fordel for ein studentsamskipnad.
I husleigelova blir det gjort framlegg om å presisere at husleigetvistutval har kompetanse til å handsame alle tvistar etter den gamle husleigelova frå 1939.
I husleigereguleringslova blir det gjort framlegg om å oppheve ei overflødig føresegn som gjeld kompetansen til husleigetvistutval.