3 Høyring
Eit notat om framlegget til lovendringar har vore på høyring. Eit oversyn over høyringsinstansane går fram av trykt vedlegg til proposisjonen.
Norsk journalistlag, Familie & Medier, Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Konkurransetilsynet, Medietilsynet, Universitetet i Bergen, Telenor Broadcast, A-Pressen ASA og Landsorganisasjonen i Noreg stør framlegget eksplisitt. Synspunkta er i hovudsak følgjande:
Ei grense på 40 pst opnar for at ein aktør kan få ein svært dominerande posisjon, m.a. i reklamemarknaden. Dette kan underminere inntektsgrunnlaget for andre aktørar, og dermed svekke mediemangfaldet (Medietilsynet, Telenor Broadcast, A-Pressen ASA) .
Sterk eigarkonsentrasjon kan føre til politisk eller ideologisk einsretting av media (Universitetet i Bergen) .
Artikkel 10 i Den Europeiske Menneskerettskonvensjonen gir styresmaktene plikt til å hindre monopolliknande tilstandar i mediemarknaden (Medietilsynet) .
Ei grense på 1/3 ligg på gjennomsnittet i europeisk samanhang (Norsk journalistlag og Medietilsynet).
Eit dominerande norsk mediekonsern vil vere eit meir attraktivt oppkjøpsobjekt enn eit selskap som er ein del av ein mediemarknad med mangfald og konkurranse (Norsk journalistlag og Medietilsynet).
Schibsted ASA, Orkla Media ASA, Mediebedriftene, Norsk redaktørforening og Næringslivets hovudorganisasjon går mot framlegget frå departementet, og viser m.a. til følgjande:
Det er mogleg å sikre ytringsfridom og mediemangfald betre gjennom andre virkemiddel; t.d. gjennom konkurranselova og ved å lovfeste redaktørplakaten (Schibsted ASA).
Dagens norske medieeigarar representerer ingen trussel mot ytringsfridomen fordi dei respekterer redaksjonens sjølvstende og integritet. Det blir her vist til norske medietradisjonar, redaktørplakaten og Stiftelsen Tinius (Schibsted ASA, Norsk redaktørforening og Mediebedriftene).
Medienæringa står framfor utfordringar som krev at ho kan utvikle seg og få ein sterk økonomi. Utfordringane gjeld særleg nedgang i inntekter og at talet på dei som les kvalitetsaviser går ned. Vidare er det behov for å profesjonalisere mediebransjen, skapa auka mangfald og auka konkurranse (Schibsted ASA).
Framlegget vil hindre Schibsted ASA i å investere i verksemder og arbeidsplassar i Noreg ( Schibsted ASA, Mediebedriftene) .
Risikoen for utanlandske oppkjøp blir ikkje mindre ved å redusere eigarskapsgrensa frå 40 pst. til 1/3 (Norsk redaktørforening, Mediebedriftene).
Konvergensen innanfor mediesektoren vil etter kvart gjere det vanskeleg eller umogleg å rekne ut marknadsdelar (Norsk redaktørforening) .
Departementet kommenterer synspunkta frå høyringsinstansane i kapittel 4.