1 Proposisjonens hovudinnhald
I proposisjonen her gjer regjeringa framlegg om endringar i lov 24 juni 1994 nr 45 om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap og om oppheving av lov 24 juni 1994 nr 44 om at tilsette i Televerket mellombels skal behalde visse rettar etter lov av 4 mars 1983 nr 3 om statens tjenestemenn ved overgang til selskap utskild frå Televerket.
Regjeringa har i St prp nr 58 (1998-99) bedt Stortinget samtykke i at verksemdene til Telenor AS og Telia AB blir slegne saman til eit nytt selskap i samsvar med avtalar som er framforhandla med den svenske staten. Det blir og bedt om samtykke til å skyte inn staten sine aksjar i Telenor AS som den norske staten sin del av aksjekapitalen i det samanslegne selskapet, svarande til 40 pst. av aksjane i det nye selskapet og til at det kan seljast aksjar frå denne aksjeposten slik at den norske staten sin eigardel blir minka.
Med grunnlag i framlegget om eigedomsretten til aksjane i Telenor AS, er det naudsynt å leggja fram forslag til endringar i lov 24 juni 1994 nr 45 om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap. Etter § 3 i lova skal staten eige alle aksjar i selskapet. Som ein konsekvens av framlegga i St prp nr 58 (1998-99) blir det i proposisjonen her gjort framlegg om at føresegna om at staten skal eige alle aksjane i Telenor AS blir opphevd. På same bakgrunnen blir det og gjort framlegg om å oppheve § 6 i lova. Framlegga blir nærare omtalt i pkt. 3.1 nedanfor.
Ved lov 24 juni 1994 nr 44 om at tilsette i Televerket mellombels skal behalde visse rettar etter lov 4 mars 1983 om statens tjenestemenn ved overgang til selskap utskild frå Telenor blei visse tilsette i Televerket sikra førerett til anna statsstilling og rett til venteløn i eit avgrensa tidsrom. Opphaveleg var tidsrommet tre år, men blei utvida av Samferdselsdepartementet (jf Innst O nr 58 jf Ot prp nr 61 (1993-94)) til 31.10.1998. Når dei tidsavgrensa rettane som loven handler om no har opphøyrt å gjelda, har ein sett det som tenleg å gjere framlegg om å oppheve lova. Ved vurderinga er og lagt vekt på lik handsaming av føresegnene i høve til dei motsvarane føresegnene i omdanningslova. Ei oppheving vil heller ikkje få noko å seie for dei som allereie har fått utløyst rettane.