1 Innleiing
Kultur- og kyrkjedepartementet legg med dette fram forslag til lov om endringar i lov 7. juni 1996 nr. 31 om Den norske kirke (kirkeloven). Forslaga gjeld visse endringar i kyrkjelova §§ 14 og 15 som regulerer ansvar og oppgåver knytt til reiseutgiftene for prestane og utgifter til bustadtelefon for prestane. Lovforslaga har bakgrunn i St.meld. nr. 14 (2000-2001) Børs og katedral - om økonomien i Den norske kyrkja, jf. Innst. S. nr. 187 (2000-2001).