5 Særskilde merknader
Til § 5
Departementet foreslår at tredje leddet i paragrafen vert oppheva. Det tredje leddet har i dag denne ordlyden:
Kapitalen skal sikrast mot inflasjon.
Til § 6
I tråd med endringa i § 5 foreslår departementet å oppheve vilkåret i § 6 første setning om at avkastinga skal brukast til å inflasjonssikre kapitalen. Det same gjeld andre setninga i § 6, der det er sagt korleis inflasjonssikringa skal gjennomførast.