Ot.prp. nr. 58 (1996-97)

Om lov om endringar i lov 28 mai 1959 nr 12 om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer o.a.

Til innholdsfortegnelse

1 HOVUDINNHALD I PROPOSISJONEN

Fiskeridepartementet legg med dette fram forslag om endringar i lov 28 mai 1959 nr 12 om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer. Det blir foreslått endringar i §§ 1 og 6 i lova. Forslaga er i all hovudsak ei oppfølging av EØS-avtalen. EØS-avtalen artikkel 17 viser til Vedlegg I, som inneheld særlege reglar og ordningar om veterinære og plantesanitære forhold. Vedlegg I omfattar Rådsdirektiv 91/493/EØF av 22 juli 1991 om fastsetjing av helsereglar ved produksjon og omsetjing av fiskeprodukt. Endringane i § 1 gjeld verkeområdet for lova, og det blir gjort framlegg om at verkeområdet blir harmonisert med verkeområdet for Rådsdirektiv 91/493/EØF. Endringa i § 6 skal heimle utanlandske inspektørar sin rett til å delta i inspeksjonar m.v. når dette er føresett i internasjonale bindande avtaler som Noreg har slutta seg til, til dømes gjennom EØS-avtalen. Samstundes blir det foreslått at føresegner som ikkje lenger er aktuelle blir tatt ut av § 6.

1.1 Lov om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer

Lova fastset mellom anna verkeområdet for lova, og gir heimel til fastsetjing av føresegner for å sikre at fisk og fiskevarer som skal omsetjast her i landet eller førast ut blir handsama best mogleg og fyller dei krav ein bør setje til kvalitetsvarer. Lova inneheld også føresegner om ansvaret for kontrollverksemda etter lova, og fastset rammene for rettane og pliktene til kontrollorganet og næringsutøvarane. Kontrollverksemda skal leiast av Fiskeridirektøren.

1.2 Høyring

Utkast til lov om endringar i lov om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer o.a. blei sendt til høyring 10 mars 1997 til desse institusjonane og organisasjonane:

Norges Fiskarlag

Fiskerinæringens Landsforening

Norske Fiskeoppdretteres Forening

Fiskesalgslagenes Samarbeidsråd

Norske Sjømatbedrifters Landsforening

Norconserv

Norges Tørrfiskeksportørers Landsforening

A/L Unistock

Unidos A/L

Sildelmelfabrikkenes Landsforening

Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund

Statens næringsmiddeltilsyn

Justisdepartementet

Landbruksdepartementet

Sosial- og helsedepartementet

Utanriksdepartementet.

Det blei føresett at høyringsinstansane tok opp lovendringsforslaget med underliggjande etatar.

Fiskeridepartementet har motteke høyringssvar frå alle institusjonane og organisasjonane, unntatt Norske Fiskeoppdretteres Forening. Bortsett frå Landbruksdepartementet hadde ingen av høyringsinstansane vesentlege merknader til forslaga. Det er tatt omsyn til Landbruksdepartementet sine merknader.