3 Funksjonstida til leiaren for kommisjonen for gjenopptaking av straffesakar
3.1 Gjeldande rett
Reglane om samansetjing og oppnemning av Gjenopptakingskommisjonen finst i straffeprosessloven § 395 første og andre ledd. Kommisjonen er samansett av ein leiar, ein nestleiar og tre medlemmer. I tillegg er tre varamedlemmer oppnemnde. Leiaren vert oppnemnd for fem år, og kan etter lova ikkje gjenoppnemnast. Dei andre medlemmene er oppnemnde for tre år, og kan gjenoppnemnast ein gong. Myndet til oppnemninga ligg hos Kongen i statsråd, og oppneminga skjer etter innstilling frå Justis- og politidepartementet.
Leiaren for kommisjonen er engasjert på fulltid, og er også leiar for kommisjonen sitt sekretariat. Dei andre medlemmene er engasjerte på deltid, og trer berre saman i dei regelmessige kommisjonsmøta.
Straffeprosessloven § 395 fekk sitt noverande innhald ved lov 15. juni 2001 nr. 63. I høyringsnotatet før lovvedtaket føreslo departementet at alle kommisjonsmedlemmene skulle tilsetjast i heiltidsstillingar på åremål med ei funksjonstid på sju år, utan høve til forlenging. I lovutkastet som vart fremja for Stortinget etter høyringa, Ot.prp nr. 70 (2000-2001), vart det føreslått at alle kommisjonsmedlemmene skulle engasjerast på deltid og oppnemnast for ein periode på tre år med høve til éi gjenoppnemning (sjå proposisjonen side 36 og utkastet til § 395). Under Justiskomiteen si handsaming av proposisjonen vart resultatet dagens regel, med fem års funksjonstid og heiltidsstilling for kommisjonsleiaren (Innst. O nr. 114 (2000-2001) side 14-15). Medan det i proposisjonen var lagt opp til at ingen av medlemmene skulle ha vervet i kommisjonen som hovudsysselsetjing, gav komiteen uttrykk for at det var viktig at det daglege arbeidet i kommisjonen skulle leiast av kommisjonsleiaren, og meinte at dette best kunne sikrast ved at kommisjonsleiaren vert engasjert på fulltid.
3.2 Forslaget i høyringsbrevet
I høyringsbrev 24. mai 2007 vart det gjort framlegg om å endre funksjonstida for leiaren av kommisjonen frå fem til sju år. Samtidig vart det føreslått ein overgangsregel som vil gjere funksjonstida på sju år gjeldande for den noverande kommisjonsleiaren. Grunngjevinga for framlegget som vart framsett i høyringsbrevet, er i hovudsak innteken i det følgjande:
«Forslaget har sin bakgrunn i at dagens regler om funksjonstid ikke tar tilstrekkelig hensyn til kontinuiteten i kommisjonens arbeid og kompetanse. Selv om det ved første gangs oppnevnelse ble tatt skritt for å sikre kontinuiteten ved at to av kommisjonens medlemmer ble oppnevnt for 2, og ikke 3 år, står vi foran en fullstendig utskifting av alle kommisjonsmedlemmene i perioden fra september 2008 til september 2009. Slik regelverket nå er utformet vil situasjoner lik den som kan oppstå i 2008/2009 regelmessig skape utfordringer for kontinuiteten i kommisjonens kompetanse.
At reglene ville medføre slike hyppige skifter var en del av de vurderingene som ble foretatt ved lovens tilblivelse. De erfaringene som er gjort siden starten i 2004, tilsier imidlertid at hensynet til kontinuiteten nå må tillegges noe større vekt. Dette gjelder blant annet erfaringene med kommisjonens arbeidsform. Kommisjonen har selv et ansvar for å utrede sakene den får seg forelagt. Selv om det er sekretariatet som foretar den nødvendige etterforskning og utredning, ligger ansvar for å lede arbeidet hos kommisjonen selv. Særlig har kommisjonens leder, som også er sekretariatets leder og eneste fast ansatte kommisjonsmedlem, et tungt faglig og administrativt ansvar for å lede dette arbeidet. I enkelte saker kan utredningene være svært omfattende og strekke seg over perioder på flere år. Her kan vi som eksempel nevne Treholt-saken, som kommisjonen nå har startet å utrede. Den er, slik Torgersen-saken var det, beregnet til å strekke seg over flere år. I slike saker vil det være uheldig hvis kommisjonsleder må slutte midt under behandlingen, særlig fordi sekretariatslederfunksjonen innebærer et tungt faglig og administrativt arbeid i forberedelsesfasen. Med en noe lengre funksjonstid vil man kunne legge bedre til rette for behandling av store saker.
Videre har kommisjonens arbeid vist seg å bli mer omfattende enn forventet. I årene 2004(235), 2005(140) og 2006(173) kom det inn flere saker enn det som ble lagt til grunn i forarbeidene til ordningen. I Ot.prp. nr. 70 (2000-2001) pkt. 6.1 ble det, ut fra undersøkelser av antall begjæringer om gjenopptakelse for domstolene i perioden 1992 til 1999, antatt at kommisjonen ville komme til å motta «minst 100 begjæringer» det første året. Det reelle tallet viste seg altså å bli rundt dobbelt så mange. Den 31.12.2006 hadde det kommet inn totalt 543 begjæringer om gjenopptakelse siden kommisjonen ble opprettet, hvorav 335 var ferdigbehandlet. Kommisjonen hadde dermed en restanse på 208 saker ved årsskiftet 2006/2007.»
3.3 Høyringsinstansane sitt syn
Adressatar for høyringa var:
Finansdepartementet
Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Utanriksdepartementet
Domstoladministrasjonen
Universitetet i Oslo
Høgsterett
Lagmannsrettane
Oslo tingrett
Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker
Riksadvokaten
Politidirektoratet
Spesialeininga for politisaker
Datatilsynet
Stortingets ombodsmann for forvaltninga
Den Norske Advokatforening
Den norske Dommerforening
Forsvarergruppen av 1977
Norsk forening for kriminalreform (KROM)
Politiembetsmennenes landsforening
Politiets Fellesforbund
Rettspolitisk forening
Straffedes Organisasjon i Norge (SON)
Norges juristforbund
Høyringsfristen var 12. juli 2007. Det har kome inn tre høyringsfråsegner med merknader til lovframlegget. Riksadvokaten og Den norske Advokatforening gir stønad til framlegget, medan Fornyings- og administrasjonsdepartementet har merknader til den føreslåtte utvidinga av funksjonstida til den noverande kommisjonsleiaren. Dessutan har professor dr. juris Ståle Eskeland ved Universitetet i Oslo gitt ein personlig merknad med sterke innvendingar mot framlegget om at ei eventuell utvida funksjonstid vert gjort gjeldande for den noverande kommisjonsleiaren.
Fornyings- og administrasjonsdepartementet har kommentert at ei utviding av funksjonstida til den noverande kommisjonsleiaren vil stride mot fast praksis for åremålstilsetjingar i staten ved at lengda på åremålsperioden vert endra etter oppnemninga. Ei slik endring vil etter Fornyings- og administrasjonsdepartementet sitt syn også stå i et uheldig forhold til det ulovfesta kvalifikasjonsprinsippet som vert lagt til grunn ved tilsetjingar i det offentlege, ved at stillinga vert gitt ei anna lengd enn det som vart lagt til grunn ved kunngjering og utnemning.
3.4 Departementet sine vurderingar
Departementet har merkt seg at ingen av høyringsinstansane går imot framlegget om å endre regelen om funksjonstida for leiaren av kommisjonen. Dei innvendingane som har kome, gjeld spørsmålet om denne endringa skal få verknad for den noverande kommisjonsleiaren.
Justisdepartementet ser at framlegget om å forlengje åremålet til den noverande kommisjonsleiaren midt i perioden, vil kunne bryte med praksis ved åremål i staten, slik Fornyings- og administrasjonsdepartementet har påpeikt. Sjølv om det ikkje er høve til administrativ forlenging av eit åremål, er det likevel klart at Stortinget ved ei lovendring vil kunne fastsetje ei avvikande ordning. Etter departementet sitt syn er det derfor ingen formelle skrankar mot å gjennomføre framlegget. Spørsmålet er om omsyna bak den praksisen som Fornyings- og administrasjonsdepartementet omtalar, tilseier at ein ikkje bør gjere endringar i den funksjonstida som var føresett ved oppnemninga av den noverande kommisjonsleiaren. Etter departementet sitt syn må det takast omsyn til at kommisjonen er eit nytt organ, slik at ein ikkje på førehand kunne ha fullt oversyn over omfanget og karakteren av arbeidet. Sett på bakgrunn av faren for at manglande kontinuitet i kommisjonen sin kompetanse kan få negative følgjer for arbeidet, held Justisdepartementet fast på framlegget om å gjere endringa i funksjonstid gjeldande for den noverande kommisjonsleiaren.
Sidan høyringsbrevet vart sendt ut, har to av kommisjonen sine medlemmer meldt sitt ønske om å gå av hausten 2007, slik at utskiftinga vil skje over ei noko lengre tid enn den perioden på eitt år som vart skissert i høyringsbrevet. Dette vil likevel ikkje i tilstrekkeleg grad avhjelpe faren for manglande kontinuitet i kommisjonen sin kompetanse, og dei eventuelle konsekvensane dette vil kunne få for kommisjonen sitt arbeid. I denne samanheng viser departementet til at det også i 2007 har kome inn vesentleg fleire saker til kommisjonen enn det som var føresett då ordninga vart til (85 saker per 30.06.07). På denne bakgrunn held departementet fast ved sitt framlegg.