5 Administrative og økonomiske konsekvensar
5.1 Offentleg forvaltning
Forslaget om endring av gebyrheimlar for Brønnøysundregistra rører ikkje ved spørsmålet om storleiken på gebyra.
Endringane i kunngjeringssystemet inneber ei innsparing i kostnadene for registrering, fordi kostnadene til kunngjering i Norsk Lysingsblad fell bort. Det gir ei innsparing på ca. 32 millionar kroner. Inntektene til Norsk Lysingsblad vert reduserte tilsvarande. Kostnadene for Norsk Lysingsblad vert redusert med ein noko mindre sum. I tillegg kjem Norsk Lysingsblad kanskje til å miste nokre abonnementsinntekter frå føretak som har abonnert på bladet berre for å få tilgang til dei kunngjeringane som departementet no foreslår skal overførast til Brønnøysund. Departementet legg opp til at dei innsparte kostnadene for kunngjering skal gi tilsvarande reduksjon av registreringsgebyra. Totalt sett blir forslaga derfor provenynøytrale.
Den foreslåtte overgangen til elektronisk kunngjering i regi av Brønnøysundregistra krev ei viss vidareutvikling av den noverande kunngjeringssida til Brønnøysundregistra. Dette er berekna til ein eingongskostnad på ca. 400 000 kroner. Dette kan dekkjast over det ordinære budsjettet til Brønnøysundregistra. Drift av kunngjeringsbasen vil ikkje verte meir kostnadskrevjande enn dagens arbeid med oppfølging av kunngjeringane i Norsk Lysingsblad.
5.2 Næringslivet
Forslaget om å endre kunngjeringsmetoden frå utlysing i Norsk Lysingsblad til elektronisk kunngjering, med ein tilsvarande reduksjon i gebyra, kjem til å gi ei innsparing på ca. 32 millionar kroner. I tillegg kan det gi ein viss effektivitetsgevinst for næringslivet fordi ein reknar med at ei elektronisk kunngjeringsløysing kan gi betre informasjonstilgang og søkjemoglegheiter.
Forslaga om omlegging av dei kunngjeringspliktene som ligg på selskapet sjølv, frå Norsk Lysingsblad til den elektroniske kunngjeringspublikasjonen i Brønnøysundregistra, fører ikkje til nokon auke i kostnadene for næringslivet, sidan verksemdene alt i dag betaler kr 7 per spaltemillimeter for kunngjering i Norsk Lysingsblad. Ein reknar med at prisen for slik kunngjering i basane til Brønnøysundregistra vil kunne bli lågare.