2 Bakgrunnen for lovframlegget
Bakgrunnen for framlegget er at EFTA Surveillance Authority (ESA) ved fleire høve, seinast ved brev 10. desember 1999, har gjeve uttrykk for at tvistemålslova § 182 ikkje fullt ut er i samsvar med dei pliktene Noreg har teke på seg gjennom EØS-avtalen.
Justisdepartementet utarbeidde etter dette eit høyringsnotat der det vart gjort framlegg om å endre føresegna. Framlegget blei 17. august 2000 sendt til desse høyringsinstansane:
Departementa
Høgsterett
Lagmannsrettane
Oslo byrett
Bergen byrett
Stavanger byrett
Kristiansand byrett
Halden sorenskriverembete
Skien og Porsgrunn byrett
Vinger og Odal sorenskriverembete
Den norske Dommerforening
Den Norske Advokatforening
Næringslivets Hovedorganisasjon
Landsorganisasjonen i Norge
Forbrukerombudet
Forbrukerrådet
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Sparebankforeningen
Tvistemålsutvalet
Høyringsfristen var 1. november 2000. Desse har svart:
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Barne- og familiedepartementet
Finansdepartementet
Fiskeridepartementet
Forsvarsdepartementet
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Landbruksdepartementet
Miljøverndepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Olje- og energidepartementet
Samferdsledepartementet
Sosial- og helsedepartementet
Utanriksdepartementet
Høgsterett
Kristiansand byrett
Skien og Porsgrunn byrett
Sorenskrivaren i Halden
Den Norske Advokatforening
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Forbrukerrådet
Landsorganisasjonen i Norge
Næringslivets Hovedorganisasjon
Departementet har i tillegg motteke eit innspel frå advokat Trygve Undem.