7 Administrative og økonomiske konsekvensar
Ei lovendring vil få dei openberre økonomiske konsekvensane som er aktuelle i tilhøvet mellom trafikktrygdarane/Trafikkforsikringsforeningen og dei skadelidne. Dette kan innverke på premiefastsetjinga for trafikktrygda. Elles kan ikkje Justisdepartementet sjå nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar av ei lovendring.