1 Innleiing
Barne- og familiedepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 14 om ytelser ved fødsel og adopsjon. Endringane gjeld retten til lønnskompensasjon under fedrekvoten. Det blir foreslått at fedrar skal få lønnskompensasjon under fedrekvoten basert på eiga opptening. Forslaget er sett fram i St.prp. nr. 1 (2004-2005) med verknad for fødslar eller omsorgsovertakingar ved adopsjon frå og med 1. januar 2005. Denne odelstingsproposisjonen inneheld dei nødvendige lovendringane for at forslaget i budsjettproposisjonen skal kunne gjennomførast.