1 Innhaldet i proposisjonen
Regjeringa gjer i denne proposisjonen framlegg til lov om endringar i forbrukarkjøpslova. Framlegget svarer til framlegget i Ot.prp. nr. 114 (2004–2005) Om lov om endringer i forbrukerkjøpsloven (lovregulering av strømavtaler) som vart sett fram for Odelstinget i den førre sesjonen. Framlegget i Ot.prp. nr. 114 (2004–2005) vart ikkje handsama i den sesjonen. Etter forretningsordenen for Stortinget § 33 tredje ledd må Regjeringa setje framlegget fram att i den nye valperioden. I proposisjonen her er det med eit unnatak, jf. nærare nedafor, teke inn eit likelydande lovforslag som i Ot.prp. nr. 114 (2004–2005). For lovmotiva vert det vist til den proposisjonen.
Departementet har vorte merksam på at det i lovforslaget i Ot.prp. nr. 114 (2004–2005) del II er ein feil i tilvisinga til tittelen til lov 28. april 1978 nr. 18 om behandling av forbrukertvister. Departementet har nytta høvet til å rette denne opp. Dette har ikkje noko å seie for realiteten i framlegget i proposisjonen her.