Tilråing
Helsedepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om lov om endring av lov 19. mai 1933 nr. 3 om tilsyn med næringsmidler mv. (endring av heimelsgrunnlag for næringsmiddelavgifta).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak til lov om endring av lov 19. mai 1933 nr. 3 om tilsyn med næringsmidler mv. (endring av heimelsgrunnlag for næringsmiddelavgifta) i samsvar med eit vedlagt forslag.