Ot.prp. nr. 8 (1997-98)

Om lov om endringar i film- og videogramlova og straffelova

Til innholdsfortegnelse

0

I Ot prp nr 78 (1996-97) la regjeringa 23. mai 1997 fram eit forslag om lov om endringar i film- og videogramlova av 15. mai 1987 og straffelova av 22. mai 1902. Regjeringa gjorde her mellom anna framlegg om å samordne reglane om tillatne valdsinnslag i straffelova og film- og videogramlova og å utvide straffelova § 382 til å femne om alle biletmedium. Det vart òg gjort framlegg om å innføre klagerett på enkeltvedtak gjort av Statens filmtilsyn i høve til aldersgrenser og forbod mot framsyning av film. Regjeringa føreslo dessutan endringar i den kommunale løyveordninga for utleige og omsetning av videogram og ordninga med registrering og merking av videogram, og oppheving av registreringsordningane for importørar, produsentar og forhandlarar. Endeleg vart det gjort framlegg om å leggje om innkrevjingsordninga for avgifta som skal betalast til Norsk kino- og filmfond (NKFF).

Det følgjer av Dokument nr 11 (1996-97) at det siste Stortinget ikkje har handsama det framsette forslaget.

Etter § 33 tredje ledd i Stortinget sin forretningsorden, må lovproposisjonar som ikkje er behandla ferdig i ein valperiode leggjast fram på nytt for at Stortinget skal handsama dei. Kulturdepartementet legg med dette fram forslaget om endringar i film- og videogramlova og straffelova på ny. Forslaget er i samsvar med forslaget i Ot prp nr 78 (1996-97).

Til forsiden