3 Høyring
Forslaget om differensiering av driveomgrepet har ikkje vore til separat høyring. Departementet ser forslaget som ei oppfølging av høyringa av utkastet til ny lov om yrkestransport. Fleire av høyringsinstansane ba særskilt om endringar i lova som kunne gjere det lettare å kontrollere og følgje opp ulovleg persontransport (drosje) og ulovleg godstransport under dekke av eigentransport.