1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Kultur- og kyrkjedepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 20. desember 1985 nr. 108 om folkebibliotek.
Lovendringsforslaget knyter seg til lov om folkebibliotek § 4, som vert foreslått endra slik at kommunane vil kunne samarbeide med statlege institusjonar om folkebibliotektenester, og det vert opna for at departementet kan gjere unnatak frå kravet om at det skal vere eit bibliotek i kvar kommune - men berre som forsøksprosjekt. Tilsvarande vert lov om folkebibliotek § 8 foreslått endra for å gje rom for å prøva ut alternative måtar å organisere bibliotekoppgåvene på regionalt nivå, ved å gje departementet høve til å gjere unnatak frå kravet om at det skal finnast eit fylkesbibliotek i kvar fylkeskommune. Men også dette gjeld forsøksprosjekt. Vidare vert andre ledd, krav om at fylkesbiblioteket skal vere knytt til eit folkebibliotek, fjerna for å gje rom for meir fleksible løysingar. Til sist vert det foreslått å fjerne tilvisinga til Statens bibliotektilsyn i § 13.
Lovframlegget er mindre omfattande enn dei endringane som vart foreslått i eit notat departementet sende på høyring hausten 2002. Dette har samanheng med at det er varsla ein større revisjon av folkebiblioteklova som ledd i eit meir generelt utviklings- og utgreiingsarbeid på bibliotekfeltet. I samsvar med eit gjennomgåande synspunkt i høyringsfråsegnene er departementet kome til at det mest formålstenlege vil vere å vurdere alle substansielle endringar i lys av den samla gjennomgangen som det er meininga å ta til med i nær framtid. Nedanfor gjer departementet nærmare greie for bakgrunnen for dette. I punkt 4 følgjer ei drøfting av dei lovendringane som vert foreslått i denne proposisjonen.