5 Endringar i lova om kompensasjon for meirverdiavgift til kommunar og fylkeskommunar ved kjøp av visse tenester frå registrerte næringsdrivande
5.1 Innleiing
Lova om kompensasjon for meirverdiavgift til kommunar og fylkeskommunar ved kjøp av visse tenester frå registrerte næringsdrivande vart vedteke av Stortinget 20. desember 1994. Med heimel i lova fastsette Finansdepartementet 19. april 1995 ei forskrift med nærare utfyllinger og avgrensingar. Forskrifta tredde i kraft 1. mai 1995.
Kommunar, fylkeskommunar, interkommunale og interfylkeskommunale samanslutningar som er organiserte etter kommunal særlovgjeving vil kunne få kompensert meirverdiavgift som refererer seg frå tenesteområda vaskeri, renseri, bygg og anlegg. Kompensasjonen skjer etter fastsette satsar. Meirverdiavgifta blir refundert to kalenderår etter innkjøpet.
Formålet med kompensasjonsordninga er å motverke ei eventuell konkurransevriding som kan oppstå som ei følgje av meirverdiavgiftssystemet. Kommunar og fylkeskommunar kan framstille eigne tenester ved bruk av eigne ansatte uten at dette vil utløyse ei plikt til å betale meirverdiavgift. Framstillinga blir rekna som ein del av den interne drifta og er ikkje omsetning til andre som vil vere avgiftspliktig. I dei tilfella kommunane og fylkeskommunane kjøper tenester frå registrerte næringsdrivande skal det svarast meirverdiavgift då dette vil vere omsetning som er avgiftspliktig. Det er berre tenester som blir utførte av kommunar eller fylkeskommunar i eigenregi, som inneber at meirverdiavgiftssystemet kan verke konkurransevridande. Eit vilkår for å innføre kompensasjonsordninga var at staten verken skulle få aukt eller redusert proveny som ei følgje av ordninga.
5.2 Bakgrunnen for framlegget
I henhold til gjeldande rett er det kommunar og fylkeskommunar med kommunal og fylkeskommunal verksemd der kommunestyret, fylkestinget eller anna styre eller råd i henhold til kommunelova eller kommunal særlovgjeving er øvste makt, samt interkommunale og interfylkeskommunale samanslutningar organiserte etter kommunelov eller etter kommunal særlovgjeving som kan krevje kompensasjon for meirverdiavgift.
Eit framlegg om endring av kompensasjonsordninga vart fremma i Dokument 8:99 (1995-96) av stortingsrepresentantane Meltveit Kleppa, Solberg, Sponheim og Steensnæs. På bakgrunn av framlegget fatta Stortinget 18. oktober 1996 følgjande vedtak:
«Stortinget ber Regjeringen om å endre forskrifter til lov av 17. februar 1995 nr 9. om kompensasjon for merverdiavgift til også å omfatte private og ideelle virksomheter som er tatt med i offentlige planer som en integrert del av det kommunale/fylkeskommunale tjenestetilbudet. Ordningen skal omfatte virksomheter der driften finansieres fullt ut med offentlige midler samt eventuell brukerbetaling på lik linje med tilsvarende offentlige virksomheter.»
I merknadene frå medlemene av Stortingets finanskomité frå Senterpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Venstre og representanten Stephen Bråthen, jf Innst S nr 3 (1996-97), vart bl a følgjande uttala:
«det er urimelig at institusjoner som drives av private og ideelle organisasjoner og som fullt ut får sine driftsutgifter dekket over offentlige budsjetter skal unntas fra ordningen med merverdiavgiftskompensasjon. Disse medlemmer mener at kommunene og fylkeskommunene må kunne stå fritt til å velge slike samarbeidsløsninger uten at dette skal innebære en økonomisk mindre gunstig løsning for kommunen i forhold til egen drift.
Disse medlemmer mener at det bør trekkes et skille mellom private og ideelle organisasjoner som får 100 % dekning av driftsutgiftene fra kommune eller fylkeskommune gjennom egen samarbeidsavtale og de øvrige institusjonene som eventuelt drives med et større eller mindre offentlig tilskudd. De førstnevnte institusjonene representerer en integrert del av den offentlige planleggingen av ulike tjenestetilbud, og kommunene og fylkeskommunene bør på fritt grunnlag kunne avgjøre hva som er den mest hensiktsmessige løsningen når det gjelder driftsform uten at dette skulle innebære forskjeller mht. økonomiske konsekvenser. Slike institusjoner bør derfor inkluderes i kompensasjonsordningen.»
5.3 Departementet sitt framlegg
Stortinget har vedteke at kompensasjonsordninga og skal gjelde for private og ideelle verksemder på dei vilkår som framgår av 5.2. Departementet gjer med dette framlegg om endringar i overskrifta og § 1 i lova. Departementet meiner at desse endringane er naudsynte for å få betre samsvar mellom ordlyden i lova og den utvida subjektkretsen Stortinget har vedteke skal omfattast av kompensasjonsordninga. Nærare avgrensinger om kva for private og ideelle verksemder som skal omfattast av kompensasjonsordninga og reglar om fremming og behandling av kompensasjonskrav med vidare, vil gå fram av forskrifter gitt med heimel i § 6 i lova. Departementet har difor utarbeidd eit framlegg til endringar i forskrifta til lova om kompensasjon for meirverdiavgift til kommunar og fylkeskommunar.
Forslaget til endring i lova er ikkje send til høyring. Departementet meiner at høyring ikkje er naudsynt då forslaget som er lagt fram ikkje inneber andre materielle endringar i lova utan dei Stortinget allereie har vedteke.
Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde med verknad straks.
Departementet viser til utkast til endringar i lova om kompensasjon for meirverdiavgift til kommunar og fylkeskommunar ved kjøp av visse tenester frå registrerte næringsdrivande.