6 Økonomiske og administrative konsekvensar
6.1 Konsekvensar for kommunane
Framlegget inneber at svangerskapsomsorg utført av privatpraktiserande jordmødrer får refusjon dersom jordmora har ein kommunal driftsavtale. Jordmødrer i privat praksis må gjere avtale med kommunen, og avtalen må regulere pliktene og rettane for jordmora og kommunen. Omfanget av praksisen, økonomiske vilkår og storleiken på driftstilskotet må gå fram av avtalen. Driftstilskotet må fastsetjast slik at det, saman med takstane, gjev jordmora inntening av driftsutgiftene og ei rimeleg eiga inntekt.
Kor stort omfang jordmortenesta bør ha i den einskilde kommunen varierer. Departementet legg til grunn at det framleis trengst auka tilgang til jordmortenester.
Departementet ventar at det i kommunehelsetenesta blir eit avgrensa tal på jordmødrer som ønskjer å drive praksis som sjølvstendig næringsdrivande. I dei fleste kommunane er det ikkje grunnlag for praksis på heiltid for jordmødrer med berre svangerskapsomsorg som arbeidsområde. Det vil likevel ikkje vere noko i vegen for å avtale privat praksis for eit avgrensa timetal per veke. Krav til tilgjenge bør sikrast, og departementet legg til grunn at driftsavtalane minimum skal svare til 20 prosent av full arbeidstid, på same måten som for legar, psykologar og fysioterapeutar. I staden for å betale lønn til jordmor med refusjonsinntekter som delvis utgiftsdekking, vil kommunen betale driftstilskot til privatpraktiserande jordmor, som i tillegg får refusjonsinntekter frå trygda. Dette vil sikre at valet av organisering blir tilnærma kostnadsnøytralt for kommunen.
Kommunane har ansvaret for å sikre tilgang på jordmorteneste, og kan etter kommunehelsetenestelova velje mellom å tilsetje jordmor eller gjere avtale med privatpraktiserande jordmor. Staten sin medverknad i finansieringa av jordmortenesta vil skje på den same måten som i dag, gjennom rammetilskotet til kommunane og refusjon frå trygda. Kva for organisering som blir vald i den einskilde kommunen bør byggje på vurderingar ut frå lokale tilhøve og det som best sikrar naudsynt tilgjenge til jordmorteneste i svangerskapsomsorga.
Særleg på grunn av dei store driftsutgiftene i ein legepraksis må bruttoomsetnaden her vere høgare enn i ein jordmorpraksis. Takstane frå trygda for svangerskapskontrollar utførte av jordmor må tilpassast dette. Det vil gje noko lågare refusjonsinntekter til kommunane for svangerskapsomsorga i helsestasjonane enn i dag. Dei samla refusjonsinntektene for helsestasjonane er 13-14 mill. kroner per år, og dei mogelege endringane i summen vil ha lite å seie.
6.2 Konsekvenser for trygda
Trygda yter allereie godtgjersle for svangerskapsomsorga, og den gravide har rett til svangerskapskontroll utan eigenbetaling. Refusjon frå trygda for svangerskapskontrollar utført av privatpraktiserande jordmødrer vil difor ikkje utvide trygda sitt verkeområde. Svangerskapsomsorg utført av jordmødrer som i dag driv privat praksis og finansierer verksemda si ved eigenbetaling, vil utløyse trygderefusjon dersom jordmora får avtale med kommunen. Dette kan gje ein marginal auke i refusjonsutgiftene for trygda, men innsparinga i utgifter til helsestasjonane, jf. punkt 6.1, vil troleg vere større enn dette.
Trygdeutgiftene til svangerskapsomsorg blir styrde av talet på svangerskap og kor mange kontrollar som den einskilde gravide går gjennom. Omfanget av svangerskapskontrollar er omtala i ein artikkel i Tidsskrift for Den norske lægeforening 20/2002 (Bjørn Backe: Svangerskapsomsorgen i Norge). Totalt blei talet på svangerskapskontrollar i undersøkinga estimert til å vere 720 000 i 2000. Det gjennomsnittlege talet på kontrollar i løpet av eit svangerskap var 12. Dette har vore uendra frå 1996. I undersøkinga var 44 prosent av kontrollane hos jordmor og 56 prosent hos lege. 3 prosent av dei gravide hadde berre hatt oppfølging hos jordmor, medan 16 prosent ikkje hadde vore til jordmor i svangerskapet. Ein fann ingen samanheng mellom talet på kontrollar og kor stor del av kontrollane som blei gjort av jordmor.
Sjølv om det i praksis skulle vise seg at etablering av sjølvstendige jordmorpraksisar skulle føre til ein viss auke i talet på kontrollar, ville dette truleg ha liten innverknad på dei samla utgiftene til formålet. Dersom det skulle utvikle seg ein uønskt praksis, vil dette kunne følgjast opp gjennom stønadsforskrifta og retningsliner i den faglege rettleiaren for svangerskapsomsorga. Det pågår eit arbeid i Sosial- og helsedirektoratet, som i samarbeid med fagmiljøet vil utarbeide nye retningsliner for svangerskapsomsorga.
Når det gjeld administrative konsekvensar for trygdeetaten, vil det trengst at etaten utarbeider rundskriv til det nye regelverket. Ein direkteoppgjersavtale for jordmødrer finst allereie i dag, og denne kan utvidast til å inkludere oppgjer for svangerskapsomsorg.