1 Innleiing
Arbeids- og sosialdepartementet gjer med dette framlegg til endringar i
lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova) og ei rekkje andre lover
lov 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v.
I Del Ii proposisjonen vert det gjort framlegg om materielle endringar i folketrygdlova og ferielova. Endringane er i hovudsak knytte til budsjettforslaget for 2005. Vidare vert det gjort framlegg om ei språkleg justering i folketrygdlova for å unngå ei forveksling av visse omgrep. Denne endringa gjer det nødvendig med tilsvarande endringar i fleire andre lover.
Forslaga gjeld:
Auka grunnpensjon for gifte og sambuande pensjonistar (punkt 2)
For gifte og for visse grupper sambuande pensjonistar vert grunnpensjonen i folketrygda auka frå 82,5 til 85 prosent av grunnbeløpet. Endringa gjeld óg for avtalefesta pensjon med tilskot frå staten (AFP). Forslaget følgjer opp avtalen mellom Framstegspartiet og regjeringspartia hausten 2002 ved handsaminga av statsbudsjettet for 2003.
Innføring av eit delansvar for arbeidsgivaren i perioden med sjukepengar frå folketrygda, samtidig som arbeidsgivarperioden vert redusert (punkt 3):
Innføring av eit delansvar for arbeidsgivarane med ti prosent i sjukepengeperiodar etter utløpet av arbeidsgivarperioden.
Reduksjon av arbeidsgivarperioden frå 16 kalenderdagar til 14 kalenderdagar.
Gjeldande skjermingsordning for langvarig eller kronisk sjuke arbeidstakarar som har risiko for særleg stort sjukefråvær, samt gravide med sjukefråvær relatert til svangerskapet, vert utvida til å gjelde også for det nemnde delansvaret for arbeidsgivarane.
Forsikringsordninga mot ansvar for sjukepengar i arbeidsgivarperioden vert utvida til å dekkje også delansvaret for arbeidsgivarane for sjukepengar etter utløpet av arbeidsgivarpengeperioden. Ordninga vert utvida til å omfatte bedrifter med lønnsutgifter opptil 80 gonger grunnbeløpet.
Reduksjon av ventetida for rett til sjukepengar for sjølvstendige næringsdrivande frå 16 kalenderdagar til 14 kalenderdagar.
Skjerpa krav til tenleg attføring og til dokumentasjon av funksjonsevna (punkt 4)
Endringa inneber at attføring skal ha vore prøvd før ein person kan få tidsavgrensa uførestønad eller uførepensjon, med mindre det er klårt at attføring ikkje er tenleg. I dag gjeld dette kravet berre personar under 35 år med spesielle diagnosar. Dessutan vert det gjort framlegg om at det skal skje ei vurdering av funksjonsevna i alle uføresaker.
Omgrepet «foreløpig uførestønad» vert endra til «foreløpig uførepensjon» (punkt 5)
Målet er å unngå at ein blandar saman tidsavgrensa uførestønad og førebels uførestønad.
Einslege forsørgjarar som tek utdanning eller arbeider i heimen skal kunne få stønad til barnetilsyn (punkt 6)
Det er i dag eit vilkår for å få stønad til barnetilsyn at den einslege forsørgjaren tek utdanning eller arbeid utanfor heimen. Forslaget vil gjere det lettare for einslege forsørgjarar å kvalifisere seg til arbeidslivet.
I Del II vert det gjort framlegg om ei endring i lønnsgarantilova som inneber at den maksimale dekninga gjennom lønnsgarantiordninga vert redusert frå 3G til 2G (frå kr. 176 334 til kr. 117 556). Utgiftene til staten på dette området har auka i dei seinare åra, og forslaget tek sikte på å redusere utgiftene (punkt 7).
Forslaget om å endre omgrepet «foreløpig uførestønad» har ikkje administrative eller økonomiske konsekvensar.
Ein reknar med at forslaget om auka grunnpensjon for gifte og sambuande pensjonistar vil gi ei årleg meirutgift for folketrygda på 522 mill. kroner, medan meirutgiftene til avtalefesta pensjon med statstilskot er rekna til 3 mill. kroner. Som følgje av at endringa skal gjelde frå 1. mai 2005, vil dei samla meirutgiftene i 2005 bli 350 mill. kroner. Dei administrative konsekvensane vil vere små.
Den samla provenyeffekten av forslaga om innføring av eit delansvar for arbeidsgivarane i perioden med sjukepengar frå folketrygda går fram av St.prp. nr. 1 (2004-2005). Ein reduksjon av arbeidsgivarperioden vil føre med seg ei viss administrativ meirbelastning for trygdeetaten. Innføringa av eit delansvar for arbeidsgivarane vil ikkje innebere administrative konsekvensar for trygdeetaten, medan arbeidsgivarar som ikkje utbetaler lønn under sjukdom vil få eit visst meirarbeid.
Lovendringa som gjeld skjerping av attføringskravet vil kunne føre til at fleire gjennomfører attføring og at det dermed vert færre nye mottakarar av ytingar til uføre. Det er likevel ikkje mogleg å rekne på effekten av dette. Forslaget vil ikkje få nemnande administrative konsekvensar for trygdeetaten. Dei administrative og økonomiske konsekvensane for Aetat som følgje av at ein skal prøve å attføre fleire personar, vil bli vurderte i dei årlege budsjettrundane.
Forslaget om å gi einslege forsørgjarar stønad til barnetilsyn ved utdanning eller arbeid i heimen er på usikkert grunnlag rekna til 2 mill. kroner i 2005. Ein ventar likevel ei viss innsparing i overgangsstønad i åra framover ved at noko fleire einslege forsørgjarar kjem i arbeid eller aukar arbeidsinntekta si. Dei administrative konsekvensane vil vere små.
Forslaget om at den maksimale utbetalinga gjennom lønnsgarantiordninga skal reduserast frå 3G til 2G, er rekna å gi ei innsparing på om lag 26 mill. kroner i 2005. Den årlege innsparinga når forslaget får full effekt er rekna til 53 mill. kroner.