4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Framlegget til lovendringar vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative verknader for Skipsregistra eller andre offentlege styresmakter. Dei endringane det er gjort framlegg om, vil heller ikkje få økonomiske konsekvensar for private personar.
Lovutkastet har vore lagt fram for Lovavdelinga i Justisdepartementet til lovteknisk gjennomgang.