1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Sosial- og helsedepartementet legg med dette fram forslag til endringar i
lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere
lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser
lov 3. desember 1951 nr. 2 om pensjonstrygd for skogsarbeidere.
Departementet foreslår å oppdatere fiskarpensjonslova, slik at dei reglane der det går fram at trygdekontora er dei lokale organa for pensjonstrygda for fiskarar no blir oppheva. Ein foreslår at Rikstrygdeverket skal halde fram med å ha det overordna ansvaret for pensjonstrygda, og at det blir lovfesta å gi reglar om den daglege administrasjonen ved kongeleg resolusjon. Garantikassa for fiskarar i Trondheim, som mellombels tok over oppgåvene til trygdekontora frå 1. januar 1996, kan såleis halde fram med den daglege administrasjonen av pensjonstrygda.
Departementet foreslår og å oppheve reaksjonsregelen om å stryke yrkesfiskarar som ikkje betalar medlemspremie til trygda frå blad B i fiskarmanntalet. I staden blir det gitt ein regel om at krav på medlemspremie er tvangsgrunnlag for utlegg. Departementet ønskjer vidare å forbetre ordninga med å leggje saman medlemstid i pensjonstrygda for fiskarar med medlemstid i pensjonstrygda for sjømenn for å nå minstekravet på 750 veker for å få fiskarpensjon.
Det har vore kritisert at fiskarpensjonen blir samordna med blant anna uførepensjon frå folketrygda. Departementet finn det vanskeleg å oppheve samordninga særskilt for ei ordning som er ein del av det statsgaranterte trygdesystemet. På den andre sida er det lite tenleg å halde fram med ei ordning som fiskarane sjølv er misnøgde med. Departementet vil difor ta initiativ til å setje ned eit utval til greie ut alternative løysingar til ei meir individretta ordning.
Pensjonstrygda for skogsarbeidarar er under avvikling. Framlegget om endring i skogsarbeidarpensjonslova er ei teknisk justering som gjeld tidspunktet for avviklinga.