Prop. 1 S (2009–2010)

FOR BUDSJETTÅRET 2010 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

Kap. 0001 Svalbard kyrkje

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

3 850

3 650

3 750

Sum kap 0001

3 850

3 650

3 750

Det vert utført tre årsverk ved Svalbard kyrkje. Løyvinga for 2010 skal blant anna dekkje husleige for kyrkja, lønnsutgifter, varer og tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil, snøskuter, leige av helikopter, og drift av bustad. Svalbard kyrkje er eigd av staten og det er Statsbygg som har forvaltningsansvaret for bygget. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkja blir dekte over kap. 2445 Statsbygg.

Kap. 0002 Tilskot til kulturelle formål m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

70

Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard

960

960

960

Sum kap 0002

960

960

960

Forslaget til løyving skal i tråd med praksis fordelast mellom befolkninga i Barentsburg og dei norske busetnadene. Det er foreslått at Longyearbyen lokalstyre får løyvd 0,8 mill. kroner til støtte til velferdsformål. Det er ein føresetnad at midlane blir fordelte slik at dei òg kjem den norske befolkninga i dei andre norske busetnadene til gode. Løyvinga skal bl.a. dekkje tilskot til Kultur- og fritidsføretaket, løyving til Svalbard museum og til Longyearbyen folkebibliotek. Vidare er velferdsarbeidet i Ny-Ålesund foreslått støtta med kroner 25 000. Til befolkninga i Barentsburg er det foreslått sett av kroner 100 000.

Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskotsutdeling frå Nordpolet AS, skal nettooverskotet frå Nordpolets sal av alkoholhaldig drikk overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Longyearbyen lokalstyre fordeler i 2009 overskotet for 2008 som utgjorde om lag 6 mill. kroner. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmannen om bruken av midlane.

I tillegg er det over Kulturdepartementets budsjett for 2010 foreslått å løyve til saman om lag 1,5 mill. kroner til kulturformål på Svalbard, jf. omtale i punkt 4.9.

Kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

70

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

90 200

92 822

93 700

Sum kap 0003

90 200

92 822

93 700

For 2010 er det foreslått eit tilskot til Longyearbyen lokalstyre på til saman 93,7 mill. kroner. Frå budsjettåret 2010 er det trekt ut 5,6 mill. kroner til det nyoppretta Kap. 0004 Tilskot til Svalbard Museum, sjå omtale under. Det betyr at løyvinga til Longyearbyen lokalstyre aukar med 6,5 mill. kroner i 2010 inkludert prisjustering.

Løyvinga skal dekkje utgiftene til drift av og investeringar i lokalstyret si verksemd. Samfunnet i Longyearbyen har dei siste åra opplevd ein til dels betydeleg vekst, noko som har hatt direkte innverknad på det tenestetilbodet og det arbeidet lokalstyret har ansvaret for. Dei auka behova viser seg særleg innafor barnehage- og skulesektoren. For å leggje til rette for at lokalstyret skal kunne handtere desse og framtidige oppgåver, har Regjeringa i budsjettet for 2010 foreslått å auke løyvinga til Longyearbyen lokalstyre med i alt 6,5 mill. kroner. Forutan prisjustering er 0,4 mill. kroner knytt til Regjeringas satsing for fleire lærarar i skulen, timetalsutviding, gratis læremidlar i vidaregåande opplæring og til norskopplæring for minoritetsspråklege elevar. Vidare er 0,4 og 0,2 mill. kroner overført frå Arbeids- og inkluderingsdepartementets budsjettkap. 653, post 60 og kap. 2661, post 75 til norskopplæring for utlendingar.

Lokalstyret har gjennom det kommunale føretaket Bydrift Longyearbyen ansvar for produksjon og distribusjon av elektrisk kraft og fjernvarme. Departementet føreset at lokalstyret avset midlar til tilstrekkeleg vedlikehald av infrastrukturen for kraft- og fjernvarmeproduksjon. Dei seinare åra har det vore løyvd midlar til investeringar i fjernvarmenettet. For 2009 vart det løyvd 7,1 mill. kroner til dette formålet. Denne løyvinga er vidareført for 2010. Fjernvarmenettet er finansiert ved hjelp av låneopptak, og løyvinga på 7,1 mill. kroner skal nyttast til å dekkje kostnadane ved dette lånet.

Stortinget løyvde i 2007 i alt 20 mill. kroner for å medverke til finansieringa av eit nytt reservekraftanlegg i Longyearbyen. Det resterande løyvingsbehovet blei dekt av Longyearbyen lokalstyre i form av brukarfinansiering. Det er føresett at det nye reservekraftanlegget skal kunne vere første ledd i eit eventuelt nytt hovudkraftanlegg, utan at det er teke stilling til val av energikjelde for eit framtidig hovudkraftanlegg. Reservekraftanlegget vart ferdigstilt i årsskiftet 2008/2009. Når det gjeld etablering av eit nytt hovudkraftverk for Longyearbyen, vil Justisdepartementet i løpet av hausten 2009 ta initiativ til å nedsetje ei arbeidsgruppe som vil få i oppgåve å utarbeide ein rapport som skal danne grunnlaget for vidare avgjerder omkring framtidig kraftproduksjon i Longyearbyen.

Longyearbyen lokalstyre hadde tidlegare ansvaret for den delen av Svalbard forskingspark som utgjer Svalbard museum. Svalbard museum vart omgjord til eigen stiftelse 1. januar 2006. Etter oppmoding frå Longyearbyen lokalstyre, har Justisdepartementet bestemt at løyvinga til museet frå og med 2010 skal gå direkte til museet gjennom kap. 4 Tilskot til Svalbard museum. I tillegg til denne løyvinga vert det òg tildelt midlar til Svalbard museum over Kyrkjedepartementets budsjettkapittel 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket. Denne tildelinga på 1,1 mill. kroner, blir ført vidare i 2010.

Kap. 0004 Tilskot til Svalbard museum

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

70

Driftsutgifter

5 650

Sum kap 0004

5 650

Kap. 4 Tilskot til Svalbard museum er nytt i budsjettet for 2010. Svalbard museum fekk tidlegare løyvinga via Longyearbyen lokalstyre. Museet vart 01.01.06 omdanna til ein eigen stiftelse, og lokalstyret har oppmoda departementet om at løyvinga derfor blir gitt direkte til stiftelsen Svalbard museum gjennom eit eige budsjettkapitel. Løyvinga skal gå til dekning av husleige og andre bygningsmessige kostnader for Svalbard museum i Svalbard forskingspark. Løyvingas storleik er basert på innspel frå Longyearbyen lokalstyre.

Kap. 0005 Sysselmannen (jf. kap. 3005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

31 083

27 050

31 000

Sum kap 0005

31 083

27 050

31 000

Pr. 01.03.09 er det i alt 30 årsverk ved sysselmannskontoret. Åremålet for tilsette ved sysselmannskontoret er seks år.

Det er for 2010 foreslått å løyve 31 mill. kroner over kap. 5 Sysselmannen. Inkludert prisjustering er løyvinga derfor auka med 4 mill. kroner. Bakgrunnen for dette er den aktivitetsauken som har funne stad på Svalbard, og Regjeringas ønskje om å setje Sysselmannen i stand til å møte dei oppgåver og utfordringar denne auken har skapt for bestillinga. Regjeringa ser det som ei viktig oppgåve å syte for at Sysselmannen kan utføre dagens oppgåver på ein god og effektiv måte, og at bestillinga er i stand til å møte nye utfordringar i tida framover. Justisdepartementet ønskjer med den auka tildelinga i 2010 å leggje til rette for at Sysselmannen kan styrkje politiavdelinga med ei stilling og dermed sikre ein god beredskap på øygruppa. Vidare er 0,3 mill. kroner øyremerkte til dekning av kostnader knytte til nye arbeidstidsføresegner for politiet. Løyvinga skal òg leggje til rette for ei vidareføring av feltinspektørtenesta.

Justisdepartementet ønskjer vidare at arbeidet med reparasjon og oppgradering av sysselmannsbustaden held fram, og foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 20, post 45 Statens bygningar i Longyearbyen, med 3,4 mill. kroner. Saman med ein auke i løyvinga på kap. 6 Sysselmannens transportteneste, er løyvinga til Sysselmannen i 2010 foreslått auka med i alt 7,9 mill. kroner. Løyvinga over kap. 5 Sysselmannen skal dekkje utgifter til lønn og drift av sysselmannskontoret, under dette utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken.

Sysselmannen disponerer store utstyrs- og transportressursar, bl.a. terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljevernberedskap. Dette er nødvendig for å kontrollere og halde oppsyn med den 62 700 km2 store øygruppa. Saman med helikopter og skip er utstyrsparken òg nødvendig for redningsberedskapen på øygruppa. Sysselmannen har òg betydelege vertskaps- og representasjonsoppgåver i samband med besøk frå inn- og utland. Fleire av besøka er på høgt politisk nivå. Det er venta at omfanget av desse oppgåvene vil halde fram med å auke i takt med aukande interesse for Svalbard og Regjeringa si satsing i nordområda.

Justisdepartementet ber Stortinget samtykkje i at departementet i 2010 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner ut over løyvinga som er gitt under kap. 5 post 01, jf. forslag til vedtak. Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Fullmakta er meint å dekkje Sysselmannens behov for større utstyrsinvesteringar over budsjetterminane.

Kap. 3005 Sysselmannen (jf. kap. 5)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Diverse inntekter

860

250

250

02

Refusjonar mv.

4 597

0

0

Sum kap 3005

5 457

250

250

Kapitlet korresponderer med kap. 5 Sysselmannen. Inntektene på post 01 omfattar bøter, gebyr, inndragingar og inntekter ved auksjonar, sal av isbjørnskinn og reinsdyrkjøtt. Bøter blir kravde inn av Statens Innkrevjingssentral, men inntektsførte Sysselmannen. Sysselmannen mottek diverse refusjonar og får midlar stilte til disposisjon ved posteringsfullmakter. Omfanget av refusjonane varierer frå år til år, og det er vanskeleg å gi eit presist overslag. Av praktiske grunnar blir det derfor budsjettert med 0 kroner på post 02. Det er foreslått at Justisdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 5 post 01 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

69 474

73 000

75 000

Sum kap 0006

69 474

73 000

75 000

Avstandane på Svalbard er store. Det finst ikkje vegsamband eller offentlege kommunikasjonsmiddel for intern transport mellom busetnadene og elles på øygruppa. For å kunne utøve det oppsynet som er nødvendig for å handheve norsk suverenitet, er Sysselmannen heilt avhengig av både helikopter og skip. Desse transportmidla er òg heilt nødvendige for ei effektiv politi- og redningsteneste, og for ambulanse- og sjuketransport, også utanfor Svalbards territorialfarvatn. Transportmidla blir dessutan nytta til naturoppsyn og førebyggjande arbeid mot miljøkriminalitet. Utan helikopter og skip vil det ikkje vere mogleg å føre eit effektivt tilsyn med verneområde, kulturminne, jakt, ferdsel og turisme også i dei fjerne delane av øygruppa. I 2008 utførte Sysselmannen i alt 72 ambulanseoppdrag. I dette talet inngår også søkje- og redningsoppdrag. I dei fleste av desse nytta ein Sysselmannens helikopter.

Kapitlet dekkjer stasjonering og drift av to tenestehelikopter. Sysselmannen har kontrakt om leige av helikopterteneste. Kontrakten gjeld leige av eit Super Puma AS 332 L1 AW SAR helikopter og eit AS 365 Dauphin N2 helikopter, begge med avansert redningsutstyr. Denne samansetjinga gir etter departementets vurdering Sysselmannen stor fleksibilitet når ulike SAR (search and rescue)-oppdrag skal utførast. Samtidig er samansetjinga særs godt eigna i forhold til den kombinasjonsløysinga det er lagt opp til på Svalbard. Helikoptra skal fungere både i rednings- og beredskapsoppdrag og som tenestehelikopter for Sysselmannens ulike oppdrag. Løyvinga er auka med 0,5 mill. kroner til dekning av valutajustering og sertifisering. Utleige til andre brukarar blir inntektsført Sysselmannen, jf. kap. 3006.

Vidare dekkjer kapitlet utgifter til leige av tenestefartøy med helikopterdekk. Justisdepartementet har ein kontrakt om å leige inn fartøyet Nordsyssel omlag 7 månader kvart år. Dette skipet er eit isgåande fartøy og er svært viktig både i den generelle beredskapen og for oljevernberedskapen.

Kap. 3006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Leigeinntekter

1 516

1 200

1 200

02

Refusjonar

1 675

0

0

Sum kap 3006

3 191

1 200

1 200

Kapitlet korresponderer med kap. 6 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmannen disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester, skal Sysselmannen ha inntektene/refusjonane dersom desse blir nytta av andre. Inntektene knyter seg til utleige til privat verksemd, mens refusjonar gjeld utleige til andre statlege institusjonar.

For å skilje mellom inntekter og refusjonar er det ein post 01 Leigeinntekter og ein post 02 Refusjonar under kap. 3006. Det blir foreslått løyvd 0 kroner på post 02, då refusjonane varierer frå år til år og det er vanskeleg å gi eit presist overslag. Det blir foreslått at Justisdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 6 post 01 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0007 Tilfeldige utgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

4 180

3 950

4 177

Sum kap 0007

4 180

3 950

4 177

Løyvinga under denne posten er disponert av Justisdepartementet. Posten skal dekkje informasjonstiltak, støtte til utgreiingar og liknande, og mindre, ikkje føresette utgifter. Auken i løyvinga skuldast eit behov for å skaffe større fleksibilitet på kapitlet.

Dei meirutgiftene Telenor har i samband med samfunnspålagte teletenester på Svalbard er dekte over denne posten. Dei årlege utgiftene utgjer 3,5 mill. kroner. Sjå omtale under pkt. 4.5.

Kap. 0009 Kulturminnetiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

2 103

2 100

2 150

Sum kap 0009

2 103

2 100

2 150

Kulturminnevernet er ein del av eit samla miljøvern på Svalbard og skal samle og ivareta kunnskap om kulturminne på øygruppa. I tillegg skal det tene til å verne, forvalte og halde ved like kulturminna i samsvar med forskrifter og vedtekne planar, og informere om Svalbards kulturhistorie, og kulturmiljø og vernetiltak i tilknyting til dette.

Kulturminneplan for Svalbard 2001-2010 låg føre i 2001. Planen dannar grunnlaget for dei forvaltningsstrategiane det er lagt vekt på i kulturminnevernet for Svalbard.

Arbeidet med undersøkingar i felt og registreringar held fram. I samsvar med kulturminneplanen blir det arbeidd med bygningsvern og med å avdekkje nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald. Det er òg viktig å føre vidare det haldningsskapande informasjonsarbeidet, bl.a. gjennom ein serie med informasjonshefte.

Miljøovervakingssystemet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ) er utvikla som eit verktøy for miljøforvaltninga på Svalbard. MOSJ hentar data frå ei rekkje lokalitetar på Svalbard og spenner over alle relevante temaområde. Sysselmannen sit i styringsgruppa for systemet og har òg ansvaret for å samle inn, arbeide vidare med og levere data om jakt, ferdsel, forsøpling og kulturminne.

Kap. 0011 Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

1 011

1 380

1 400

Sum kap 0011

1 011

1 380

1 400

Bergmeisteren for Svalbard og Bergvesenet vart slått saman i 2003. I dag har Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard hovudkontor i Trondheim, eit eige kontor og ei bergmeisterstilling på Svalbard. Frå og med våren 2008 har etaten gått bort frå fast stasjonering av tilsett på Svalbard. Omlegginga skuldas at pågangen til kontoret i Longyearbyen gjennom året varierer relativt mykje i omfang. Etaten har derfor lagt opp til å vere til stades på Svalbard i dei periodane som ut frå røynsle er dei mest hektiske. Dette gjeld særleg sommar og haust. Til saman tek etaten sikte på å vere til stades på Svalbard i minst 7 månader i året. For nærare omtale, sjå kap. 4.2.

Kap. 0017 Refusjon til Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

50

Refusjon

2 800

2 800

2 900

Sum kap 0017

2 800

2 800

2 900

Norsk Polarinstitutt er underlagt Miljøverndepartementet. Norsk Polarinstitutt har ei omfattande verksemd på Svalbard, med bl.a. forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn av fyr og rådgiving i miljøspørsmål overfor sentrale og lokale forvaltingsorgan. Det meste av budsjettmidlane til instituttets verksemd på Svalbard blir dekte over Miljøverndepartementets budsjett, kap. 1471.

Refusjonen til Norsk Polarinstitutt over svalbardbudsjettet skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltingsrådgiving overfor Sysselmannen og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Polarinstituttet yter òg logistisk støtte til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard, jf. pkt. 4.1.

Kap. 0018 Fyr og radiofyr

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

3 450

3 500

3 600

Sum kap 0018

3 450

3 500

3 600

Løyvinga skal dekkje utgifter til innkjøp og vedlikehald til navigasjonshjelpemiddel for sjø- og lufttrafikken, bl.a. 11 fyrlykter, 27 navigasjonslys, 17 seglingsmerke, og 2 radarfyr. I dei seinare åra har talet på seglingsmerke blitt utvida for å betre merkinga av leia inn til Svea som ei følgd av auka utskiping av kol. Anlegga vart tidlegare drivne og haldne ved like av Norsk Polarinstitutt. Frå og med 2008 har Kystverket overteke det overordna ansvaret for fyr- og merketenesta på Svalbard. I praksis vil framleis Norsk Polarinstitutt stå for utsetjing av fyr og merke, kombinert med instituttets ekspedisjonsverksemd på Svalbard, men då etter avtale med Kystverket.

Kap. 0019 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

5 737

5 950

6 200

Sum kap 0019

5 737

5 950

6 200

Det vart i 2005 oppretta eit nytt kap. 19 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen. Målet er å gjere synlege utgiftene til husleige for statens bygningar. Løyvinga på kapitlet vart overført frå kap. 20 Statens bygningar i Longyearbyen. Dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen vart innlemma i den statlege husleigeordninga frå 2004.

Kap. 0020 Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

11 087

11 200

11 500

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

327

600

4 000

Sum kap 0020

11 414

11 800

15 500

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til vedlikehald og drift av bygningsmassen som ikkje er innlemma i den statlege husleigeordninga, slik som inventar, lys, fjernvarme, vatn, avløp, renovasjon, vegar og veglys. Vidare skal løyvinga dekkje lønn og drift for delar av lokaladministrasjonen til Statsbygg. Løyvinga dekkjer òg husleige som er finansiert over svalbardbudsjettet.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal gå til ekstraordinært vedlikehald av hyblar og husvære. Bustaden for sysselmannen har over tid hatt behov for rehabilitering. Statsbygg har gjennom 2008 og 2009 gjort førebuingar for utbetringsarbeid på bustaden. Som eit ekstra bidrag til dette arbeidet løyvde Stortinget ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett for 2009, i alt 1 mill. kroner til førebuingsarbeidet. Sysselmannsbustaden har behov for både reparasjonar og meir generell rehabilitering. Regjeringa føreslår derfor i budsjettet for 2010 å løyve i alt 4 mill. kroner på post 45 slik at dette arbeidet kan halde fram. Saman med auka aktivitet ved sysselmannsbestillinga, har det òg vore ein auke i talet på representasjonsoppdrag hos Sysselmannen. Regjeringa ser det som viktig at Sysselmannen har representative og eigna lokale til dette, og har derfor foreslått å avsetje midlar til dette arbeidet i budsjettet for 2010.

Kap. 3020 Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Inntekter

3 396

3 250

3 250

Sum kap 3020

3 396

3 250

3 250

Kapitlet korresponderer med kap. 0020. Inntektene refererer seg til innbetalingar i samband med utleige til statlege etatar som til dømes Posten, Avinor, Norsk Polarinstitutt, likningskontoret og sjukehuset. Alle desse deltek i bustadpoolen som vart oppretta i 2001 og som no omfattar 83 bustadar. I tillegg kjem inntekter frå utleige av post- og bankbygget.

Kap. 3020 omfattar òg mindre inntekter frå sal av kassert materiell og utstyr, pluss inntekter frå overnattingar på Statsbygg-riggen.

Kap. 0022 Likningsforvaltninga for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

2 506

2 700

2 800

Sum kap 0022

2 506

2 700

2 800

Forslaget til løyving skal gå til lønns- og driftsmidlar for likningskontoret i Longyearbyen. Løyvinga skal òg dekkje utgifter til likningsnemnda og overlikningsnemnda for Svalbard, og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Troms fylkesskattekontor. I samband med innføringa av miljøgebyr på Svalbard, sjå omtale under kap. 4.1 Miljøverndepartementet, skal likningskontoret på Svalbard stå for det praktiske arbeidet med refusjon av gebyret til fastbuande på vegner av Svalbard miljøvernfond. Det er derfor inngått ei avtale mellom likningskontoret og miljøvernfondet som regulerer den godtgjeringa likningskontoret skal ha for denne oppgåva.

Mål- og resultatstyring av likningskontoret skjer innafor det ordinære mål- og resultatstyringssystemet som til ei kvar tid er fastsett for likningsforvaltninga på Svalbard.

Kap. 3030 Skattar og avgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

70

Skattar m.m.

113 594

91 000

126 500

71

Utførselsavgift

7 439

5 000

3 500

72

Utmålsgebyr, årsavgift

1 087

1 110

1 110

Sum kap 3030

122 120

97 110

131 110

Post 70 Skattar m.m.

Post 70 gir eit overslag over venta skatteinntekter frå Svalbard for 2010. For nærmare omtale sjå kap. 4.4 Finansdepartementet.

Post 71 Utførselsavgift

Utførselsavgift blir kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir utførte frå Svalbard. Satsane for utrekning av avgift til statskassa av kol som blir utført frå Svalbard, vart endra med verknad frå 01.01.2004.

Inntektene frå utførselsavgifta er avhengig av utskipa kvantum av kol og kolprisen på verdsmarknaden. Venta inntekt i 2010 er om lag 3,5 mill. kroner.

Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift

Utmål er eit avgrensa område der utmålshavaren for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Inntektene under denne posten er knytte til avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelte i Bergverksordninga. Årsavgifta for å vidareføre eit utmål er 6 000 kroner.

Pr. januar 2009 vart det vidareført 379 utmål, av desse 218 avgiftspliktige.

Med bakgrunn i fredinga av delar av Svalbard i 2003 har Nærings- og handelsdepartementet, i samråd med dei andre departementa dette vedkjem, redusert avgifta for utmål som ligg i verna område. Det er ikkje rimeleg å krevje full avgift når vernet fører til at aktivitet i utmåla ikkje kan gjennomførast. Utmålsavgifta er sett til 1 500 kroner i året pr. utmål. Dette gjeld 50 utmål. For utmåla i Øvre Reindalen skal det framleis betalast full avgift då det er opna for bergverksaktivitet i desse utmåla.

I forslaget for 2010 er det lagt til grunn at 3 utmål fell bort i forhold til 2009.

Kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

70

Tilskot

96 024

129 852

112 977

Sum kap 3035

96 024

129 852

112 977

Dette inntektskapitlet tilsvarer det tilskotet som er foreslått løyvd på Justisdepartementets budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Løyvinga skal dekkje underskotet på svalbardbudsjettet.

Til forsida