Del 1
Innleiing
1 Miljøutfordringane
Ein levande natur med produktive økosystem er eit vilkår for ei berekraftig utvikling. Menneska si påverking på naturen og økosystema har aldri vore større enn i dag, med konsekvensar vi ikkje fullt ut kjenner. Fleire av dei største miljøproblema, slik som klimaendringane, har opphav i den rike og industrialiserte del av verda, som Noreg er ein del av. Desse landa har derfor eit særskilt ansvar for å finne gode løysingar og effektive verkemiddel. Vi må redusere vår eiga belastning på miljøet og på same tid hjelpe u-land til ei berekraftig utvikling. Vi må gi rom for økonomisk og sosial utvikling og framgang i fattige land, samtidig som den samla belastninga på verdas ressursar ikkje går ut over naturen si tolegrense. Dette er ei utfordrande oppgåve, men miljøarbeid og miljøpolitikk handlar om solidaritet mellom generasjonar og på tvers av land, og står såleis sentralt i regjeringa sitt arbeid.
Boks 1.1 Kva er naturmangfald
Naturmangfaldet omfattar all verdas livsformer og deira levestader, og mennesket deler jordkloden med millionar av andre arter. Å sikre naturmangfaldet handlar om å sikre livsgrunnlaget for oss sjølve og kommande generasjonar. Mangfaldet av arvemateriale, arter og naturtypar er ein føresetnad for å halde ved lag naturen sine system og prosessar, og utrydding av ei nøkkelart kan få store konsekvensar for eit økosystem. Kvar einaste dag nyttar vi «naturen sine varer og tenester» for å overleve, i form av til dømes vatn, klimaregulering og produksjon av oksygen. Naturens mangfald gir oss mat, medisinar, klede, byggverk og brensel, og er grunnlag for verdiskaping i næringar som til dømes fiskeri, akvakultur, landbruk, turisme og næringsmiddel- og medisinsk industri.
Vi har oppnådd mykje - men mykje står att å gjere
I Noreg har vi oppnådd mange gode resultat i miljøpolitikken. Forureininga av luft og vatn er redusert, og vi har klart å få ned bruken av fleire farlege miljøgifter. Vi er godt i gang med å rydde opp i forureina grunn og sjøbotn. Gjennom internasjonalt samarbeid har vi klart å redusere tilførsla av sur nedbør og ei rekkje miljøgifter til Noreg. Meir enn 16 pst. av Noregs areal er verna, som nasjonalparkar og andre typar verneområde. Naturmangfaldlova, kulturminnelova og plan- og bygningslova er gode reiskapar for å sikre og forvalte norsk natur, kulturminne og kulturlandskap på ein måte som vil komme dagens og framtidige generasjonar til gode. Forsking og overvaking av naturtilstanden gir oss eit godt kunnskapsgrunnlag for forvaltning av natur og miljø. Gjennom naturindeksen for Noreg kan vi på ein lettfatteleg måte formidle tilstanden i økosystema. Norsk raudliste for arter (2010) og naturtyper (2011) inneheld oversikt over mellom anna truga arter og naturtyper i Noreg.
Trass i resultata kan vi likevel ikkje vere nøgde. Klimagassutsleppa aukar igjen, etter ein kortvarig reduksjon under finanskrisa. Vi har utfordringar med omsyn til naturmangfaldet som blir pressa frå fleire kantar, ikkje minst frå endra arealbruk, framande organismar og klimaendringar. Strandsona og andre område for friluftsliv er under press. I byar og tettstader blir verdfulle kulturminne og kulturmiljø utsette for utbyggings- og moderniseringspress. I distrikta fører fråflytting og bruksendringar til at verneverdige kulturminne forfell eller blir rivne. Talet på ville laksebestandar har over lengre tid gått tilbake. Hav- og kystområda våre er rike, men tapet av tareskog og nedgang i talet på sjøfugl gir grunn til uro. Det blir framleis brukt kjemikaliar med ukjende følgjer for helse og miljø. Spesielle vêrtilhøve dei siste vintrane har vist oss at luftforureining i dei større byane framleis kan vere eit alvorlig helse- og miljøproblem. Vi må heller ikkje gløyme at produksjonen av mange forbruksvarer som vi importerer frå utlandet, kan medføre store miljøbelastningar.
Dei store utfordringane
Klimaendringar er den største utfordringa vi står overfor. Dei øydeleggjande konsekvensane vi har sett frå skred og flaumar den siste tida, både i vårt land og i andre delar av verda, viser oss noko av det vi kan vente oss meir av i framtida. Den sterkt minkande havisen i Arktis viser at nord- og polarområda er sårbare for aukande temperaturar, og desse endringane påverkar dessutan klimaet på jorda.
Vi har ein rik og variert natur i landet vårt. Likevel er om lag 2400 arter rekna som truga på Norsk raudliste for arter 2010. På verdsbasis er det rekna at dersom tapet av arter held fram som i dag, kan kvar tiande av verdas dyre- og plantearter vere historie om 25 år. Arealbruksendringar er den viktigaste årsaka til tapet av naturmangfald. Mange arter vil òg vere sterkt utsette for endringar i temperatur og klima. På same tid vil klimaendringane òg føre til at arter og organismar flytter seg til nye område. Klimagassen karbondioksid gjer havet surare, noko som trugar ei rekkje livsformer og dermed produksjonen av mat frå havet. Dette viser at miljøutfordringar heng saman. Klimatiltak og trygging av naturmangfaldet må ikkje bli sette opp mot kvarandre, men må sjåast i samanheng.
Boks 1.2 Naturen har eigenverdi
Naturen er eit komplekst system som sikrar biologisk liv som fenomen, og livsprosessane og det biologiske livet er grunnleggjande uavhengige av mennesket. Dette gir naturen ein verdi i seg sjølv. Naturen sin verdi i seg sjølv er eit viktig argument for å ta omsyn til naturmangfaldet når vi tenkjer økonomi og teknologi. Det enorme mangfaldet av arter som vi finn på jordkloden, dei fantastiske tilpassingane og den komplekse og utruleg finmaska «veven» som naturen består i bør gi grunn for respekt, audmjukskap og ærefrykt.
Helse- og miljøfarlege kjemikaliar utgjer ei stor utfordring både nasjonalt og internasjonalt. Dei farlegaste kjemikaliane, miljøgiftene, blir sakte brotne ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Miljøgiftene er derfor eit alvorleg trugsmål mot mangfaldet i naturen og mot matforsyning og helse for kommande generasjonar. Kjemikaliar finst i produkt og inngår i dei fleste industriprosessane. Helse- og miljøverknadene av mange kjemikaliar er ukjende. Det trengst derfor meir kunnskap på dette feltet.
Kulturminna og kulturmiljøa viser spora etter menneskeleg aktivitet frå lang tid tilbake. Kulturminna gir identitet og viser samanheng i historia og er viktig bakgrunn for vegen vidare. Kulturarven må derfor sikrast til beste for både dagens og framtidige generasjonar.
Miljøpolitikken må styrkjast, og miljøomsyn må bli ein del av all politikkutforming
Når somme miljøproblem blir løyste og nye dukkar opp, må òg miljøpolitikken utviklast vidare. Gode resultat må inspirere til fornya innsats.
Det er viktig med godt samarbeid mellom forvaltningsnivåa og mellom ulike område og interesser i samfunnet. Mange miljøproblem kan løysast lokalt. Næringslivet har eit sjølvstendig ansvar, og frivillige organisasjonar er viktige støttespelarar og pådrivere i miljøpolitikken. Førebyggjande miljøtiltak er ofte rimelegare enn å reparere skadar etterpå. Slik vil tiltak i dag medverke til å redusere framtidige kostnader.
Norsk miljøpolitikk byggjer på føre var-prinsippet som inneber at tvil skal komme naturen til gode, på prinsippet om at forureinaren skal betale, og på prinsippet om samla belastning. Sistnemnde står sentralt i økosystemtilnærminga. Prinsippet om samla belastning inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknader på naturmiljøet, både område og arter, når planar skal utformast og vedtak skal fattast. Den gradvise forvitringa av leveområde er eit alvorleg trugsmål mot naturmangfaldet. Inngrepa skjer gjerne gradvis til den samla belastninga er så stor at naturmangfald kan gå tapt. Dette gjeld både påverknad frå lokale kjelder og påverknad i form av klimaendringar eller langtransporterte forureiningar. Både forvaltningsplanane for havområda og forvaltningsplanane etter vassforskrifta er viktige reiskapar for å sjå belastningar i samanheng.
Ein heilskapleg miljøpolitikk krev at tiltak og verkemiddel på mange område blir samordna og tilpassa kvarandre. Miljøproblem må møtast på brei front og med fleire verkemiddel: Miljøpolitikken skal vere forankra i solid fagleg kunnskap. Vi skal nytte den til ei kvar tid best tilgjengelege teknologien, og vi skal utforme skattar og avgifter slik at dei stimulerer til miljøvennleg åtferd og ressursbruk. Alle sektorar i samfunnet har eit ansvar for å sjå til at aktivitetane deira ikkje skadar miljøet. På denne måten handlar miljøvern om korleis vi organiserer og innrettar samfunnet vårt, om dei val og prioriteringar vi gjer og om korleis vi nyttar fellesskapet sine ressursar.
Internasjonalt samarbeid og betre teknologi har medverka til at vi har klart å redusere tilførslene av sur nedbør og utslepp av ozonskadelege gassar. Klimagassutslepp og tap av naturmangfald er meir krevjande utfordringar. Noreg har i denne samanhengen eit særleg ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard. Arbeidet med å hente inn meir og betre kunnskap om tilhøva i nord er eit viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet.
Globalisering av verdsøkonomien fører til at miljøutfordringane og dermed miljøpolitikken i aukande grad blir internasjonalisert. Mange utfordringar er felles over landegrensene, og det må òg løysingane så langt mogleg vere. Dei globale miljøutfordringane krev at miljøomsyn blir innarbeidde i fleire delar av det internasjonale samarbeidet, til dømes internasjonal handel.
Miljøutfordringane har mange årsaker og er ofte tett knytte til økonomi og samfunnsorganisering. Finanskrisa i 2008-2009 og det økonomiske tilbakeslaget i kjølvatnet av denne utløyste ei rekkje initiativ for ein grøn økonomi. Krisepakkene i mange land inneheldt store løyvingar til beste for miljøet. Parallelt har det oppstått eit ønskje om at vekst- og utviklingsstrategiane framover bør ha ei anna retning og byggje på eit anna grunnlag. Miljøutfordringar er på denne måten òg økonomiske ufordringar.
UNEPs Green Economy Initiative, OECDs Green Growth Strategy og EUs Resource Efficiency Strategy byggjer alle på innsikta om at naturgrunnlaget spelar ei avgjerande rolle for menneskas velferd. FN sitt arbeid med "berekraftig produksjon og forbruk" tek utgangspunkt i at økonomisk vekst ikkje samstundes skal føre til auka miljøbelasting. Desse initiativa viser behovet for å integrere miljøverdiar i dei økonomiske avgjerdsprosessane. På det tiande partsmøtet for konvensjonen om biologisk mangfald i Nagoya i Japan i 2010 vart det vedteke eit mål om at deltakarlanda seinast innan 2020 skal ha sett i verk tiltak i tråd med planar om berekraftig produksjon og forbruk og sytt for at belastninga på naturgrunnlaget held seg innanfor trygge økologiske grenser. Toppmøtet i Rio de Janeiro sommaren 2012 må syne korleis grøn økonomi kan fremje og ikkje hemme vekst og framgang i utviklingslanda. Stern-rapporten peikar på at klimaendringane også er ei global økonomisk utfordring og at kostnadseffektiv og ambisiøs handling no er samfunnsøkonomisk lønnsamt. Prosjektet The Economics of Ecosystems and Biodiversity (TEEB-prosjektet) legg vekt på at økosystema har stor økonomisk verdi, og at dette må integrerast i rammevilkåra for næringsliv og forbrukarar, jamfør omtale på side 254-255.
Miljøøydeleggingar råkar ofte hardast dei som har minst evne til å tilpasse seg store endringar. I Noreg har vi betre føresetnader for å tilpasse oss konsekvensar av klimaendringar enn mange andre land. Den globale utviklinga framover vil likevel påverke oss og vil krevje at vi deltek i internasjonalt samarbeid for å møte utfordringane.
Noreg skal vere eit føregangsland i miljøpolitikken. Noreg skal vere ein pådrivar og arbeide for ambisiøse og forpliktande internasjonale miljøavtaler. Dersom alle land skal bli einige før ein kan handle, vil viktige internasjonale miljøoppgåver aldri bli løyste. Vi må vise at rike industriland kan omstille seg til grøne økonomiar, med høg livskvalitet og betra velferd innanfor naturens tolegrenser, slik at andre land lettare kan følgje etter. Miljøsatsinga i Norden og Europa er viktig for å vise vegen. Vi må samarbeide med utviklingslanda og støtte dei i deira arbeid for å løyse miljøutfordringane og setje dei i stand til å møte endringane som kjem. Det norske klima- og skoginitiativet er eit døme på slikt samarbeid.
2 Hovudprioriteringar i Miljøverndepartementet sitt budsjett for 2012
Regjeringas miljøsatsing blir ført vidare i 2012. Veksten i Miljøverndepartementets budsjett held fram. Regjeringa har dei siste åra teke ei rekkje nye miljøpolitiske initiativ i form av konkrete satsingar og fornya lov- og regelverk. I 2012 vil arbeidet med å sikre naturmangfaldet ha høg prioritet, saman med klimatiltak. I tråd med sektoransvaret går ei rekkje miljørelaterte tiltak over andre departement sine budsjett, jf. kapittel 3.
Regjeringas miljø- og klimasatsing er forankra i Soria Moria-erklæringa, der ein ambisiøs miljøpolitikk står sentralt, og i Klimaforliket i Stortinget i 2008. Regjeringa vil leggje fram ei ny stortingsmelding om klimapolitikken i 2012. Miljøverndepartementet har ansvar på norsk side for klimaforhandlingane i regi av FN, der det før jul i år skal haldast eit viktig partsmøte i Durban i Sør-Afrika. Noreg spelar ei sentral rolle i desse forhandlingane, blant anna som pådrivar og som brubyggjar mellom ulike parter under møta. Noreg har óg vert ein viktig aktør innan internasjonalt samarbeid om å redusere klima- og gassupslipp frå skogsektoren utvekslingsland.
Miljøverndepartementets samla budsjettforslag for 2012 er på 4 893,5 mill. kroner, mot 4 594,5 mill. kroner i 2011. Dette er ein auke på 6,5 prosent.
Miljøpolitikken må byggje på kunnskap om naturtilstanden og om kjeldene for miljøproblema. Regjeringa satsar vidare på miljøforsking og på kunnskaps- og datainnhenting og i 2012 aukes løyvinga med 21 mill. kroner til 548,3 mill. kroner. Regjeringa går inn for å inkludere Nansensentret i basisfinansieringsordninga frå 2012.
Til å ta vare på naturmangfald gjer Regjeringa framlegg om ei løyving på om lag 1,5 mrd. kroner i 2012. Dette er ein auke på i overkant av 180 mill. kroner eller 13,3 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2011. Dei største endringane her er ein auke på 100 mill. kroner til venta erstatningsutbetalingar til gjennomføringa av nasjonalparkplanen, 40 mill. kroner i auke til å fjerne lakseparasitten gyrodactylus salaris frå vassdraga i Vefsn-regionen, 17 mill. kroner til nye forvaltarstillingar i samband med den nye modellen for lokal forvaltning av verneområde, 14,5 mill. kroner til erstatning for tamrein som er teke av rovdyr og 10 mill. kroner til oppfølging av rovdyrforliket, 9 mill. kroner til styrkt vassforvaltning og 7 mill. kroner til erstatningar for fylkesvise verneområde. Regjeringa går inn for å løyve 5 mill. kroner i 2012 til ulike tiltak for å redusere den faren kraftliner utgjør for hubroen. For å auke omfanget av bandlegging av friluftsområde, gjer regjeringa framlegg om å auke tilsegnsfullmakta med 20 mill. kroner til 55 mill. kroner. Dette vil gi rom for å bandlegge nye område for 56,4 mill. kroner i 2012.
Kartleggingsprogrammet MAREANO skal innhente kunnskap om naturmangfaldet på havbotnen, som grunnlag for ei berekraftig forvaltning. Dette er eit samarbeid med Fiskeri- og kystdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. I 2012 blir det føreslått å løyve 26,5 mill. kroner over Miljøverndepartementets budsjett til Mareano. Dette er ein auke på 12 mill. kroner frå 2011.
Regjeringa føreslår òg ein auke til viktige oppgåver innanfor freding av kulturminne og kulturmiljø. Til sikring av freda bygningar blir det føreslått 225,1 mill. kroner i 2012, som er ein auke på 8,9 mill. kroner frå 2011. Til fartøyvern blir det føreslått 43,7 mill. kroner. Til verdiskapingsbasert arbeid knytta til kulturarven føreslår regjeringa 8 mill. kroner i 2012, mot 3 mill. kroner i 2011.
I 2012 føreslår Regjeringa å føre vidare løyvinga til oppbygging av plan- og miljøkompetansen både regionalt og kommunalt. Samla innsats til denne oppgåva blir på 12,7 mill. kroner.
Regjeringa fører vidare handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp med framlegg om ei løyving på 18 mill. kroner i 2012. Det er utarbeidd ein handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp og det er utarbeidd rettleiande miljøkriterium for prioriterte produktgrupper. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) følgjer opp handlingsplanen på dei områda som gjeld miljøomsyn.
Prosjektet Framtidas byar, som er eit samarbeid mellom staten og 13 bykommunar om eit betre miljø og reduserte klimagassutslepp, blir ført vidare i 2012 med ei løyving på 34,5 mill. kroner. Som vist i neste kapittel omfattar Regjeringas miljøpolitikk òg mange viktige aktivitetar på andre departement sine budsjett. Dette gjeld ikkje minst på klima- og energifeltet, der Miljøverndepartementet har eit tett samarbeid med andre departement.
Store miljørelaterte løyvingar som til dømes karbonfangst og lagring ligg på budsjettet til Olje- og energidepartementet. Dei store løyvingane til kollektivtrafikk ligg på Samferdselsdepartementets budsjett. Løyvinga til skog- og klimatiltak på Utanriksdepartementets budsjett er eit anna døme. Løyvinga til statlege kjøp av klimakvotar ligg på Finansdepartementets budsjett. CO2-avgiftene blir presenterte av Finansdepartementet i skatte- og avgiftsproposisjonen. Arbeidet med å leggje om bilavgiftene i meir miljøvennleg retning blir ført vidare i 2012.
3 Miljøpolitiske satsingar på andre departement sine område
Sektoransvaret ligg til grunn for Regjeringas miljøpolitikk
Dei fleste aktivitetane i samfunnet kan påverke miljøet på ein eller annan måte. Regjeringas miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har et sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for sine aktivitetar og for å medverke til at dei nasjonale miljøpolitiske måla kan bli nådde. Forureinar betalar-prinsippet er ein viktig del av sektoransvaret. Både miljøvern- og sektorstyresmaktene på sentralt hald, fylkeskommunalt og kommunalt nivå i tillegg til private aktørar skal medverke til at miljøomsyn blir tatt vare på.
Vidare har sektorstyresmaktene ansvar for å gjennomføre tiltak innanfor eige område som trengst for at måla i miljøpolitikken kan bli nådde. Dei har òg ansvar for å rapportere om miljøutviklinga i sektoren og om resultat av og kostnader ved verkemiddelbruk og gjennomførde miljøtiltak.
Sektoransvaret medfører eit krav til alle departementa at dei skal ta miljøomsyn når dei utformar planar og politikk på sine ansvarsområde. Dette gjeld både den økonomiske politikken generelt og politikken i dei einskilde sektorane. Miljøomsyn inneber både å førebyggje miljøbelastningar og å rydde opp der ein har skada miljøet.
Dette kapitlet omtalar Regjeringas samla miljøpolitiske satsingar slik dei kjem til uttrykk i departementa sine budsjett, sjå tabellen på neste side. Det er ikkje alltid enkelt å avgrense miljøtiltak eller utgifter til slike tiltak på ein god måte. Mange tiltak kan grunngjevast på fleire måtar og skal medverke til å nå ulike mål. Miljøtiltaka er òg svært ulike; her finn ein både førebyggjande tiltak i form av til dømes kystvaktoppgåver, klassisk naturvern slik som etablering av verneområde, opprydding i forureina grunn og satsingar som gir størst effekt saman med andre typar tiltak, slik som jernbaneutbygging og støtte til kollektivtrafikk. Nokre tiltak er langsiktige, slik som forsking, mens andre har meir direkte verknader. Endra definisjonar eller endringar i arbeidsdelinga mellom departementa vil òg kunne føre til at nokre tal ikkje fullt ut kan jamførast frå eitt år til det neste. Tabellen må derfor tolkast med varsemd.
Miljøtiltak er her definerte og avgrensa slik:
utgiftene må fullt ut nyttast til miljøforbetringar, eller
miljøomsynet må vere avgjerande for at tiltaket/prosjektet blir gjennomført, eller
utgiftene skal motverke negative miljøeffektar av sektorpolitiske tiltak elles (førebyggjande tiltak)
Dei miljøpolitiske løyvingane i 2012
I 2012 er dei samla miljøpolitiske løyvingane berekna å utgjere til saman 41,4 mrd. kroner, som er ein auke på om lag 2,1 mrd. kroner frå 2011. I denne summen inngår kjøp av klimakvotar på 508,5 mill. kroner. Blant miljøtiltaka som blir førte vidare og prioriterte i 2012 er:
tiltak mot avskoging og øydelegging av skog i utviklingsland
kollektivtrafikk og jernbaneutbygging
fornybar energi og energieffektivisering
Tabell 3.1 Miljøtiltak i statsbudsjettet for 2012 (i mill. kroner)
Departement | 20111 | Forslag 2012 |
---|---|---|
Arbeidsdepartementet2 | - | - |
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet | 7,5 | 6,8 |
Finansdepartementet3 | 435,0 | 515,5 |
Fiskeri- og kystdepartementet | 1 408,0 | 1 463,1 |
Forsvarsdepartementet | 1 171,0 | 1 344,3 |
Helse- og omsorgsdepartementet 4 | - | - |
Justis- og politidepartementet | 83,2 | 94,0 |
Kommunal- og regionaldepartementet | 90,0 | 80,0 |
Kunnskapsdepartementet | 305,0 | 305,0 |
Kulturdepartementet | 939,2 | 1001,0 |
Landbruks- og matdepartementet | 5121,0 | 5313,4 |
Miljøverndepartementet5 | 4 184,0 | 4 550,5 |
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet6 7 | 167,0 | 173,0 |
Nærings- og handelsdepartementet | 625,0 | 734,4 |
Olje- og energidepartementet | 4 154,0 | 4 465,0 |
Samferdselsdepartementet | 12 600,0 | 13 600,0 |
Utanriksdepartementet8 | 7 990,0 | 7 800,0 |
Sum alle departementa | 39 280,0 | 41 445,8 |
1 Denne kolonna inneheld tal både frå budsjettproposisjonen 2011 og frå saldert budsjett. Alle 2011-tala er såleis ikkje berekna på same måten. Dette må ein ta omsyn til ved samanlikning av tala frå 2011 med budsjettframlegget for 2012.
2 Arbeidsdepartementet har ikkje budsjettpostar som fell inn under miljøomgrepet slik det her er definert.
3 Løyving til kjøp av klimakvotar er inkludert her.
4 Helse- og omsorgsdepartementets miljørelaterte tiltak går ikkje direkte fram av budsjettoppstillingane. Budsjettal er derfor utelatne her.
5 Miljøverndepartementets budsjettal her omfattar berre om lag halvdelen av utgiftene til Statens Kartverk. Årsaka til dette er at denne etaten tener ei rekkje føremål i tillegg til dei miljøfaglege.
6 Tala omfattar ikkje Statsbygg/rehabilitering av verneverdige statlege bygningar. Enøk-tiltak i regi av Statsbygg er tekne med.
7 Denne posten omfattar òg utgifter til Fylkesmannens miljøvernavdeling.
8 Norsk bistandspolitikk byggjer på standardar som er fastsette i OECD/DAC. Definisjonen av miljøtiltak avvik noko frå Miljøverndepartementets definisjon.
Tabellen over viser at mange departement nyttar store økonomiske midlar til miljøbegrunna tiltak, i tråd med sektoransvarsprinsippet. Miljøverndepartementets budsjett utgjer ein viktig, men avgrensa del av dei samla miljøløyvingane, slik desse er definerte her.
Det er og viktig å hugse at miljøpolitikk ikkje først og fremst handlar om løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar òg avgjerder som ikkje har direkte budsjettkonsekvensar. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er skattar og avgifter på miljøskadeleg produksjon og forbruk o.a.
Nedanfor er nokre av departementa sine miljørelaterte tiltak kort omtalte. Ein viser elles til departementa sine eigne budsjettproposisjonar for ein nærare gjennomgang.
Olje- og energidepartementet vil bruke 4 465 mill. kroner til miljørelaterte tiltak ei 2012, mot 4 154 mill. kroner i 2011. Regjeringa har ei satsing på energiomlegging gjennom Enova og Energifondet blir ført vidare. Grunnfondet for fornybar energi og energieffektivisering har etter siste innskot ein kapital på 25 mrd. kroner. Avkastinga frå Grunnfondet i 2011 er på totalt 996 mill. kroner. Heile avkastinga er føreslått overført til Energifondet i 2012. Det blir vidare gjort framlegg om ei løyving på 20 mill. kroner til Energifondet, til demonstrasjon og utvikling av havenergi. I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet, får Energifondet inntekter frå eit påslag på nettariffen på 1 øre/kWh, som er berekna til om lag 780 mill. kroner, og renteinntekter på om lag 130 mill. kroner i 2012. Energifondets samla inntekter i 2012 er berekna til om lag 1,93 mrd. kroner.
Til forsking på miljørelevant teknologi (i energisektoren, i petroleumssektoren og til Carbon Capture and Storage -CCS) blir det gjort framlegg på om lag 500 mill. kroner over Noregs forskingsråds budsjett. Det blir gjort framlegg om ei samla overføring til forskings-programmet RENERGI på 225 mill. kroner i 2012. RENERGI stør mellom anna forsking og utvikling knytt til effektive og fornybare energiteknologiar og til effektive energisystem der miljøomsyn står sentralt. Til satsing og oppfølging av CO2-handteringsprosjekta (Mongstad fullskala, transport og lagring av CO2 frå Mongstad, teknologisenteret på Mongstad og CCS muligheitsstudie utover Mongstad) er det samla føreslått om lag 2,75 mrd. kroner. Arbeidet med å nå målet om null miljøfarlege utslepp til sjø frå petroleumsverksemda blir ført vidare. Regjeringa legg vekt på å redusere CO2-utsleppa frå norsk sokkel.
Samferdselsdepartementet sine oppgåver omfattar både tiltak for å endre transportstrukturen i miljøvennleg retning og tiltak som i seg sjølve kan ha negative miljøkonsekvensar som må reduserast. Eitt av hovudmåla i Norsk Transportplan 2010-2019 er at transportpolitikken skal medverke til å avgrense klimagassutsleppa, redusere miljøskadelege verknader frå transport og medverke til å nå nasjonale mål og internasjonale plikter Noreg har på miljøområdet. Samferdselsdepartementet legg opp til å nytte 13,6 mrd kroner til miljørelaterte tiltak i 2012, mot 12,6 mrd. kroner i 2011. Til investeringar, vedlikehald og drift i jernbanenettet vil det bli løyvd 9 948,2 mill. kroner, mot 9 266,4 mill. kroner i saldert budsjett 2011. Desse tiltaka skal betre kapasiteten og regulariteten i trafikkavviklinga og gi rom for å føre over meir gods- og persontransport til jernbane. Denne hausten blir fleire store nyanlegg på jernbana fullførte og tekne i bruk: Gevingåsen tunnel på strekninga mellom Trondheim og Stjørdal blei innvia i august. Det nye dobbeltsporet Lysaker – Sandvika på om lag 7 km som vart opna i september, gjer at det no er fire spor mellom Lysaker og Asker og dermed større kapasitet på den tett trafikkerte Drammenbanen. Seinare i år blir og det om lag 8 km nye dobbeltsporet Barkåker-Tønsberg på Vestfoldbanen tatt i bruk. Arbeidet på det om lag 14 kilometer lange dobbeltsporanlegget Holm-Nykirke, med ny Holmestrand stasjon inne i fjellet, går vidare i 2012, med sikte på opning i 2015. I 2012 startar òg arbeid med den 23 km lange Eidanger-parsellen, som er ei full omlegging av strekninga Larvik – Porsgrunn, og ei 17 km lang dobbeltsporstrekning på Dovrebanen langs Mjøsa. Planlegginga av nytt dobbeltspor Oslo S-Ski held fram i 2012. Arbeidet med totalfornying av jernbanens infrastruktur i Oslo (Etterstad-Lysaker) vil bli fullført neste år. Det er vidare ein auke på til saman om lag 100 mill. kroner til kollektivtiltak og til gang- og sykkeltiltak langs riksvegnettet. Belønningsordninga for auka kollektivtrafikk i dei større byområda får ei løyving på 411 mill kroner.
Det er berekna at Justis- og politidepartementet nyttar 94 mill. kroner til ulike miljørelaterte tiltak i 2012. For Justisdepartementet er det ei prioritert oppgåve å motverke miljøkriminalitet. I følgje ei trusselvurdering frå Økokrim, er forureiningskriminalitet i form av utslepp eller nedgravd avfall den største miljøtrusselen mot samfunnet. I Økokrim blir miljøkriminalitet følgt opp av eit eige miljøteam og av eigne miljøkoordinatorar i politidistrikta. Justisdepartementet har og ansvaret for dei viktige miljøoppgåvene til Sysselmannen på Svalbard. Sysselmannen vil prioritere førebygging, informasjonsarbeid, rettleiing og tilsyn med ferdsel og av verksemd på øygruppa. Over Svalbardbudsjettet blir det gjort framlegg om 14,6 mill. kroner til å starte bygging av eit reinseanlegg ved kolkraftverket i Longyearbyen. Tiltaket vil redusere utsleppa av støv, SO2 og NOx og på denne måten innfri kravet frå Klima- og forureiningsdirektoratet om reduserte utslepp til luft.
På Fiskeri- og kystdepartementets budsjett vil om lag 1 463 mill. kroner bli nytta til ulike miljøtiltak i 2012, mot 1 408 mill. kroner i 2011. Oljevernet blir styrka med 15 mill. kroner, og det blir ein auke på 30 mill. kroner til BarentsWatch, som gir betre oversikt over overvåkingsdata, inkl. miljøovervåkinga. Kartleggingsprosjektet for havområda –Mareano -får ei auka løyving på 12 mill. kroner.
Kommunal- og regionaldepartementet vil i 2012 nytte om lag 80 mill. kroner på miljørelaterte tiltak, i hovudsak knytt til bustadar, bumiljø og bygg. Det er eit viktig mål å redusere energibruken i bustader og bygningar. Miljøhandlingsplanen for bustad- og byggsektoren 2009-2012 Bygg for framtida blir følgt opp vidare. Her inngår mellom anna å formidle kunnskap om energi- og andre miljøkrav i den nye plan- og bygningslova. I den nye byggtekniske forskrifta som tok til å gjelde 1. juli i år, blei krava til energiforsyning skjerpa. Det er mellom anna innført forbod mot å installere oljekjel til bruk som hovudvarmekjelde. Kommunal- og regionaldepartementet vil òg bidra i samarbeidsprogramma Framtidas byar og Lågenergiprogrammet i 2012.
Framlegget til statsbudsjett inneber at Utanriksdepartementet vil nytte 7 800 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2012. Regjeringa vidarefører innsatsen mot avskoging og øydelegging av skog i utviklingsland, som utgjer om lag ein sjettedel av dei samla klimagassutsleppa i verda. Innsatsen til rein energi og klimatilpassing aukar.
Noreg skal vere ein langsiktig og truverdig forvaltar av miljøverdiane i nordområda. Miljøsamarbeidet med Russland omfattar økosystembasert forvaltning av heile Barentshavet. Samarbeidet om klimaendringar og følgjene av dei skal òg byggjast opp. Samarbeidet om miljøforvaltning i grenseområdet og overvaking av forureiningane frå Nikel skal førast vidare og styrkast. Det same gjeld samarbeidet om kontroll av petroleumsverksemd offshore, forureiningskontroll og handtering av miljøfarleg avfall. Atomsikringssamarbeidet med Russland skal blant anna medverke til å redusere risikoen for ulukker og forureining, hindre at radioaktivt materiale kjem bort og styrkje russisk forvaltning på området. Hovudprioriteringar i 2012 vil vere å sikre og å rehabilitere lageranlegget for brukt kjernebrensel og radioaktivt avfall i Andrejevbukta på Kola, å fullføre arbeidet med å fjerne strålefarlege kjelder frå fyrlykter i russisk del av Austersjøen, i tillegg til samarbeid innanfor tilsyn, beredskap og miljøovervaking med eit felles tokt til Karahavet. I samarbeidet om felles miljøutfordringar vil ein leggje særleg vekt på å tryggje havmiljøet og på grensenært samarbeid, naturmangfald, klima og miljøgifter.
Satsinga på klima i utviklingssamarbeidet skal både medverke til å redusere klimaskadelege utslepp og å lette dei fattige landa si tilpassing til klimaendringane. Regjeringa vil derfor auke løyvingane til klimatilpassing. Noreg prioriterer òg å hjelpe utviklingslanda i å utnytte fornybare energiressursar (vassraft, sol og vind), i staden for auka bruk av fossile energikjelder. Det norske initiativet Rein energi for utvikling utgjer ein sentral del av den samla norske politikken på klima- og energiområdet. Satsinga på rein energi blir styrkt i 2012-budsjettet.
I tillegg til klima- og miljøsatsing innenfor bistandsbudsjettet, vil Regjeringen gjennom EØS Finansieringsordningane 2009-2014 styrke arbeidet med miljø, klima og karbonfangst og lagring. EØS. Finansieringsordningane er totalt på 1 788,5 mill. Euro. Minst 30 pst. under EØS-ordningen skal benyttes til miljøvern og tiltak mot klimaendringer. Dette utgjør om lag 296,5 mill. Euro. I tillegg skal minst 20 pst. av den norske ordningen benyttes til karbonfangst og –lagring.
På Forsvarsdepartementets budsjett er det rekna at vel 1,3 mrd. kroner går til miljøtiltak i 2012. Kystvaktas oppgåver i samband med miljø- og ressursovervaking utgjer vel 40 prosent av dei miljørelaterte utgiftene under Forsvarsdepartementet, slik dei her er definerte. Gjennom mange år har Forsvaret sine skyte- og øvingsaktivitetar medført ulike former for belastningar på naturmiljøet. Opprydding i tidlegare skyte- og øvingsfelt og andre eigedommar som blir avhenda, mellom anna det store Hjerkinn skytefelt på Dovrefjell, blir ført vidare i 2012. Ein tek sikte på at store delar av arealet på Hjerkinn skal kunne tilfredsstille krava til vern etter naturmangfaldlova og bli ein del av tilgrensande verneområde. Tidlegare forsvarsområde blir mange stader tekne i bruk til friluftsliv.
På Landbruks- og matdepartementets område blir det gjort framlegg om ein auke i dei miljørelaterte utgiftene på 192 mill. kroner, frå 5 121 mill. kroner i 2011 til 5 313,4 mill. kroner i 2012. Den langt største delen av desse midlane (90 prosent) går over Jordbruksavtala. Kulturlandskap, vassmiljø og klima er prioriterte i avtala i år (med budsjettverknad for 2011). Midlane til miljø- og klimatiltak i Jordbruksavtala går opp med 210 mill. kroner, som blant anna er fordelt på tiltak for å sikre eit ope og variert jordbruks- og kulturlandskap, redusert forureining frå jordbruket og tiltak for å betre vasskvalitet. Det blir arbeidd med å vidareutvikle miljørapporteringa i landbruket, herunder å kome fram til betre indikatorar for oppnådde miljøeffektar.
På Nærings- og handelsdepartementets område går 734,4 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2012, mot om lag 625 mill. kroner i 2011. Auken frå 2011 til 2012 skuldast i hovudsak at Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard (DMF) har fått om lag 60 mill. kroner til pålagde tiltak mot forureining frå den tidlegare gruveverksemda på Løkken i Sør-Trøndelag. Vidare er tilsagnsbeløpet til prosjekt der føremålet er miljøforbedring under innovasjon Norge noko høgare enn i fjor. Til den etablerte ordninga for miljøteknologi i Innovasjon Noreg blir det løyvd 257 mill. kroner.
Finansdepartementet har ansvar for å legge grunnlaget for effektiv ressursforvaltning. Gjennom arbeidet med den økonomiske politikken vil Finansdepartementet medverke til at den økonomiske utviklinga skjer på et miljømessig forsvarlig grunnlag. Direkte miljørelaterte løyvingar over departementet sitt driftsbudsjett i 2012 er rekna til 2 mill. kroner og gjeld mellom anna finansiering av klimarelatert økonomisk forsking og utgreiing, arbeid i tilknyting til dei internasjonale klimaforhandlingane og handel med klimakvotar (sjå nedanfor). Arbeidet med å leggje om bilavgiftene i meir miljøvennleg retning blir ført vidare.
Handel med klimakvoter
Som følgje av Kyoto-protokollen har Norge tatt på seg ein forpliktelse knyttet til utslepp av klimagassar i perioden 2008–2012. På usikkert grunnlag er det rekna at staten har eit årlig overskot i høve til pliktene i avtalen. Det er vedtatt at Noreg skal overoppfylle Kyoto-avtala for inneverande periode (2008–2012) med 10 pst., noko som svarar til 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar årleg. I tillegg har Regjeringen valt å overoppfylle med 1,5 mill. tonn CO2 årleg gjennom å avstå frå å bruke kvotar frå tilvekst i skog.
For 2012 blir det gjort framlegg om ei løyving på 508,5 mill. kroner til kjøp av klimakvoter og ein fullmakt til å inngå avtaler om kjøp av utslippskvoter innanfor ei samla ramme på 2 800 mill. kroner. Av dette beløpet er 1000 mill. kroner knytt til kvotar som blir levert etter 2012. Ordninga med kvotekjøp for statsansatte sine flyreiser blir føreslått avvikla. Kvotekjøp under denne ordninga skjer etterskotsvis to gonger årleg, på grunnlag av registrerte reiser. Det er rekna at det i 2012 trengst 5 mill. kroner til kjøp av slike kvotar, mot 10 mill. kroner i 2011.
Som nemnt over er miljøtiltak på andre departement sine område nærare omtalte i budsjettproposisjonane frå dei einskilde departementa. Her finn ein òg ei omtale av:
utfordringar knytte til miljø- og ressursforvaltning på departementa sine ansvarsområde
mål for departementa sitt arbeid med desse utfordringane
oppnådde resultat i 2010
ressurs- og miljøtiltak i budsjettforslaget for 2012.
4 Oversiktstabellar
4.1 Merknader til budsjettframlegget
Regjeringa foreslår ei samla løyving til Miljøverndepartementet på 4 893,5 mill. kroner på utgiftssida og 1 385,2 mill. kroner på inntektssida.
4.2 Utgifter
Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2010 | Saldert budsjett 2011 | Forslag 2012 | Pst. endr. 11/12 |
1400 | Miljøverndepartementet | 576 564 | 580 098 | 575 497 | -0,8 |
1410 | Miljøvernforsking og miljøovervaking | 495 127 | 522 135 | 548 291 | 5,0 |
Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2010 | Saldert budsjett 2011 | Forslag 2012 | Pst. endr. 11/12 |
1425 | Vilt- og fisketiltak | 74 756 | 80 100 | 79 900 | -0,2 |
1426 | Statens naturoppsyn | 201 755 | 211 832 | 218 691 | 3,2 |
1427 | Direktoratet for naturforvaltning | 1 109 338 | 1 113 531 | 1 292 179 | 16,0 |
Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2010 | Saldert budsjett 2011 | Forslag 2012 | Pst. endr. 11/12 |
1429 | Riksantikvaren | 440 030 | 429 965 | 448 897 | 4,4 |
1432 | Norsk kulturminnefond | 57 039 | 59 480 | 59 480 | 0,0 |
Sum kategori 12.30 | 497 069 | 489 445 | 508 377 | 3,9 |
Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2010 | Saldert budsjett 2011 | Forslag 2012 | Pst. endr. 11/12 |
1441 | Klima- og forureiningsdirektoratet | 646 159 | 655 482 | 699 154 | 6,7 |
1445 | Miljøvennleg skipsfart | 3 930 | 4 000 | 4 000 | 0,0 |
1447 | Miljøomsyn i offentlege innkjøp | 13 316 | 18 000 | 18 000 | 0,0 |
1448 | Radioaktiv forureining i det ytre miljø | 11000 | 11 214 | 1,9 | |
Sum kategori 12.40 | 663 405 | 688 482 | 732 368 | 6,4 |
Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2010 | Saldert budsjett 2011 | Forslag 2012 | Pst. endr. 11/12 |
1465 | Statens kartverk, arbeid med tinglysing og nasjonal geografisk infrastruktur | 399 990 | 601 685 | 630 917 | 4,9 |
2465 | Statens kartverk | 6 903 | 12 000 | 12 000 | 0,0 |
Sum kategori 12.50 | 406 893 | 613 685 | 642 917 | 4,8 |
Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2010 | Saldert budsjett 2011 | Forslag 2012 | Pst. endr. 11/12 |
1471 | Norsk Polarinstitutt | 246 510 | 246 520 | 246 414 | 0,0 |
1472 | Svalbard miljøvernfond | 13 164 | 11 730 | 11 730 | 0,0 |
1473 | Radioaktiv forureining av det ytre miljø | 11000 | |||
1474 | Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforskning | 13 941 | 37 023 | 37 099 | 0,2 |
Sum kategori 12.60 | 284 615 | 295 273 | 295 243 | 0,0 |
4.3 Inntekter
Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2010 | Saldert budsjett 2011 | Forslag 2012 | Pst. endr. 11/12 |
4400 | Miljøverndepartementet | 6 232 | 1 777 | 1 832 | 3,1 |
Sum kategori 12.10 | 6 232 | 1 777 | 1 832 | 3,1 |
Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2010 | Saldert budsjett 2011 | Forslag 2012 | Pst. endr. 11/12 |
4426 | Statens naturoppsyn | 432 | 248 | 256 | 3,2 |
4427 | Direktoratet for naturforvaltning | 18 764 | 12 409 | 15 422 | 24,3 |
5578 | Sektoravgifter under Miljøverndepartementet | 85 075 | 88 600 | 88 400 | -0,2 |
Sum kategori 12.20 | 104 271 | 101 257 | 104 078 | 2,8 |
Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2010 | Saldert budsjett 2011 | Forslag 2012 | Pst. endr. 11/12 |
4429 | Riksantikvaren | 14 704 | 5 383 | 5 550 | 3,1 |
4432 | Norsk kulturminnefond | 57 039 | 59 480 | 59 480 | 0,0 |
Sum kategori 12.30 | 71 743 | 64 863 | 65 030 | 0,3 |
Inntekter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2010 | Saldert budsjett 2011 | Forslag 2012 | Pst. endr. 11/12 |
4441 | Klima- og forureiningsdirektoratet | 71 449 | 78 232 | 81 821 | 4,6 |
Sum kategori 12.40 | 71 449 | 78 232 | 81 821 | 4,6 |
Inntekter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2010 | Saldert budsjett 2011 | Forslag 2012 | Pst. endr. 11/12 |
4465 | Statens kartverk, arbeid med tinglysing og nasjonal geografisk infrastruktur | 1 032 988 | 1 023 305 | 1 048 000 | 2,4 |
5465 | Statens kartverk | 4 898 | |||
Sum kategori 12.50 | 1 037 886 | 1 023 305 | 1 048 000 | 2,4 |
Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2010 | Saldert budsjett 2011 | Forslag 2012 | Pst. endr. 11/12 |
4471 | Norsk Polarinstitutt | 70 935 | 70 510 | 72 696 | 3,1 |
4472 | Svalbard miljøvernfond | 6 | 25 | -100,0 | |
5578 | Sektoravgifter under Miljøverndepartementet | 13 158 | 11 705 | 11 705 | 0,0 |
Sum kategori 12.60 | 84 099 | 82 240 | 84 401 | 2,6 |
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2010 | Saldert budsjett 2011 | Forslag 2012 | Pst. endr. 11/12 |
01-01 | Driftsutgifter | 1 127 923 | 1 366 650 | 1 438 276 | 5,2 |
11-23 | Varer og tenester | 1 121 520 | 1 154 503 | 1 203 169 | 4,2 |
30-49 | Nybygg, anlegg m.v. | 512 224 | 442 084 | 515 284 | 16,6 |
50-59 | Overføringar til andre statsrekneskaper | 397 254 | 411 295 | 420 626 | 2,3 |
60-69 | Overføringar til kommunar | 10 121 | 6 000 | 6 000 | 0,0 |
70-89 | Overføringar til private | 1 140 480 | 1 214 049 | 1 310 108 | 7,9 |
Sum under departementet | 4 309 522 | 4 594 581 | 4 893 463 | 6,5 |
Inntekter fordelte på postgrupper
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2010 | Saldert budsjett 2011 | Forslag 2012 | Pst. endr. 11/12 |
01-29 | Sal av varer og tenester m.v. | 1 212 477 | 1 188 790 | 1 221 279 | 2,7 |
50-91 | Skattar, avgifter og andre overføringar | 158 305 | 162 884 | 163 883 | 0,6 |
Sum under departementet | 1 370 782 | 1 351 674 | 1 385 162 | 2,5 |
Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»
Det blir foreslått å knyte stikkordet «kan overførast» til dei postane som er viste i tabellen nedanfor. Dette er postar der det knyter seg stor uvisse til utbetalingsår. For å kunne sikre utbetaling av tilsegn om tilskot i 2011 og tidlegare år, må postane tilføyast stikkordet «kan overførast».
**Under Miljøverndepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30-49
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2011 | Forslag 2012 | Grunngjeving for stikkordet |
1400 | 22 | Spesielle driftsutgifter knytte til lokalt miljøvern og universell utforming | 737 | 3 000 | |
1400 | 73 | Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk | 379 | ||
1400 | 74 | Tilskot til AMAP | 3 700 | ||
1400 | 75 | Miljøvennleg byutvikling | 1 351 | 31 000 | |
1400 | 76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak | 3 379 | 21 346 | |
1400 | 80 | Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle | 418 | 600 | |
1400 | 81 | Tilskot til byutvikling og lokalt miljøvern | 13 488 | 29 000 | |
1425 | 70 | Tilskot til fiskeformål | 322 | 8 900 | |
1425 | 71 | Tilskot til viltformål | 9 431 | 43 500 | |
1427 | 70 | Tilskot til kalking og lokale fiskeformål | 1 646 | 88 000 | |
1427 | 71 | Forvaltningstiltak i verdensarvsområde | 8 | 9 600 | |
1427 | 73 | Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga | 7 908 | 68 100 | |
1427 | 74 | Tilskot til friluftslivstiltak | 902 | 17 693 | |
1427 | 76 | Nasjonalparksentra og andre naturinformasjonssentra | 5 874 | 37 000 | |
1427 | 78 | Tilskot til interkommunale friluftsråd og landsomfattande samarbeidsorgan for friluftsliv | 17 075 | ||
1427 | 81 | Verdiskapingsprogram for naturarven | 6 174 | 10 000 | |
1427 | 82 | Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar | 5 820 | 33 000 | |
1429 | 72 | Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø | 9 926 | 225 112 | |
1429 | 73 | Brannsikring og beredskapstiltak | 137 | 10 953 | |
1429 | 74 | Fartøyvern | 2 387 | 43 712 | |
1429 | 75 | Internasjonalt samarbeid | 1 | 1 100 | |
1429 | 77 | Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet | 507 | 8 000 | |
1429 | 78 | Tilskot til avgjerdsgrunnlag for utøving av mynde innan arkeologi | 38 | 8 500 | |
1465 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 10 151 | 436 486 | |
1471 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 5 597 | 59 395 | |
1474 | 50 | Tilskot til stateleg mottakarar | 13 000 | ||
1474 | 70 | Tilskot til private mottakarar | 3 417 | 20 000 |
5 Om oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget
Vedtak nr. 639, 15. juni 2011
«Stortinget har den 15. juni 2011 vedtatt en anmodning til Regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2013 å foreta en gjennomgang av friluftsloven og andre tilstøtende lover og regelverk med formål å fjerne restriksjoner mot nye friluftsformer i norsk natur og åpne naturen for nye brukergrupper innenfor økologisk bærekraftige rammer.
Anmodningen oversendes Miljøverndepartementet for oppfølging»
Miljøverndepartementet uttaler i brev 18. august 2011:
«Miljøverndepartementet vil igangsette et arbeid med en gjennomgang av friluftsloven og andre tilstøtende regelverk for å klargjøre hvilke restriksjoner som gjelder for nye friluftsformer. Gjennomgangen vil bli lagt frem for Stortinget i Prop. 1 S (2012-2013) for Miljøverndepartementet».
Vedtak nr. 687, 17. juni 2011
«Stortinget har den 17. juni 2011 vedtatt en anmodning til Regjeringen om å gjennomføre følgende tiltak i forvaltningen av gaupe, jerv, ulv og bjørn:… Dok 8:163 S (2010-11)
Anmodningen oversendes Miljøverndepartementet for oppfølging»
Miljøverndepartementet uttaler i brev 18. august 2011:
Miljøverndepartementet vil redegjøre for oppfølgingen av vedtaket i Prop. 1 S (2011-2012) for Miljøverndepartementet. Redegjørelsen følger i kapittel 6 under Programkategori 12.20.